Hopp til innhold

Brannsjef fryktar fleire slike ulukker

Drivstofflageret i Førde blir lagt ned. Dermed må den farlege lasta som i dag blir transportert med båt over på tankbil, det kan bety 2000 fleire tankbillass med drivstoff på vegane i Sogn og Fjordane årleg.

Kjørte inn i en fjellvegg og eksploderte

ALVORLEG HENDING: I juli i fjor eksploderte ein tankbilhengar lasta med 16.500 liter bensin i Skatestraumtunnelen i Bremanger. No vil det bli langt fleire slike transportar langs vegane i Sogn og Fjordane.

Foto: Daniel Restad / NTB scanpix

Med den dramatiske brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger friskt i minne er brann- og beredskapssjef Runar Kleppe i Gloppen kommune uroa.

– Eg er litt uroa når vi no får mykje meir farleg godstransport på vegane og i tunnelane, seier Kleppe til NRK.no.

– Ei auke på 2000 trailerlass i året

Brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune, Runar Kleppe

UROA: Brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune, Runar Kleppe, er uroa for konsekvensane av meir farleg gods på vegane.

Foto: Svein Ove Langeteig
Kommunikasjonsdirektør Statoil Fuel og Retail, Pål Heldaas

IKKJE ØNSKJELEG: Kommunikasjonsdirektør i Statoil Fuel & Retail, Pål Heldaas, vedgår at det ikkje er ønskjeleg med lange tankbiltransportar ut frå omsynet til miljø og beredskap.

Foto: Johnny Syversen

I fjor sommar miste ein tankbil hengaren sin lasta med 16.500 liter bensin i Skatestraumtunnelen.

Hengaren dundra i fjellveggen, eksploderte og byrja brenne. Til alt hell vart ingen personar skadd.

Når drivstofflageret forsvinn vil det bli langt fleire slike tankbilar på vegane gjennom Sogn og Fjordane.

– Viss alt som går gjennom anlegget skal flyttast over på lastebil, vil det føre til ei auke på iallfall 2000 trailerlass i året, seier dagleg leiar ved drivstofflageret i Førde, Geir Solemdal.

Brann- og beredskapssjef Runar Kleppe i Gloppen fryktar dette kan føre til fleire ulukker.

– Vi har sett av dei siste hendingane kor farleg det kan vere, seier han.

– Ikkje ønskjeleg

Når drivstofflageret forsvinn blir alternativet for dei store leverandørane å køyre drivstoffet dei 16 mila frå Mongstad med lastebil, seier Pål Heldaas, kommunikasjonsdirektør i Statoil Fuel & Retail.

– Når anlegget blir lagt ned, må ein forsyne frå næraste alternativ. For store delar av Sogn og Fjordane vil næraste alternativ for dei store drivstoffselskapa vere raffineriet på Mongstad, seier han og legg til:

– Lange tankbiltransportar er ikkje ønskjeleg ut frå miljø- og beredskapsomsyn, men når det ikkje er økonomisk berekraftig å gjere det på andre måtar, så kan det bli løysinga, seier Heldaas.

Leggast ned over heile landet

Det er Smart Fuel, tidlegare Shell, og Statoil som har drivstoff lagra i Førde.

Heldaas i Statoil seier det er dyrt å drive drivstofflager og at det difor leggast ned stadig fleire over heile landet. Han vedgår samtidig at det ikkje er ideelt for leverandørane.

– Argumenta for å behalde mange drivstoffterminalar er alltid forsyningstryggleik, og å sleppe å køyre lange strekningar på norske vintervegar med tankbil, der ein er avhengig av ferjer og tunnelar, seier han.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

RISIKOPOTENSIAL:: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier dei no skal sjå nærare på situasjonen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Forstår uroa

Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, forstår godt at brannsjefen i Gloppen er uroa for det som skjer.

– Ein av tinga det er viktig for oss å sjå på, er om meir slik transport langs veg vil skape hyppigare situasjonar for risiko enn det som er akseptabelt.

– Vi må sjå på om det er problemfritt at ein får endå fleire transportkilometer med brannfarleg drivstoff med det potensial den typen transport kan han når det gjeld alvorlege hendingar, brannar og eksplosjonar, seier fylkesberedskapssjefen.

Viktig for beredskapen

I tillegg til faren fleire tankbilar kan utgjere, handlar det for fylkesmannen også om å vere budde for dei verste situasjonane. Ekstremvêret Dagmar viste tydeleg kor avhengig samfunnet er av drivstoff når elektrisitet og kommunikasjon sviktar. Eit lokalt drivstofflager kan då vere svært viktig.

– Vi må sjå om det at eit tankanlegg forsvinn frå fylket vil bety at det er mindre sikkert at vi får tak i drivstoff under ein liknande situasjon, seier Stensvand.

I Gloppen fryktar brann- og beredskapssjefen for konsekvensane ved eit ekstremvêr, utan eit drivstofflager i Førde.

– Ved langvarige hendingar er bensin til både aggregat og utrykkingskøyretøy viktig, seier Kleppe.