Hopp til innhold

Vegvesenet: – Rein flaks at det gjekk bra

Det var rein og skjer flaks at det ikkje gjekk menneskeliv i eksplosjonen i Skatestraumtunnelen i dag. Det seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Berre flaks at det gjekk bra

FLAKS: Sveinung Hovland i Statens vegvesen (innfelt) seier Skatestraumtunnelen har eit minimum av tryggleikstiltak, men at det meste verka å fungere under brannen.

Foto: Montasje / NRK

I alt vart seks personar frakta til sjukehus etter brannen, men ingen fekk alvorlege skader då ein tankbil mista hengaren med 16 500 liter bensin i tunnelen. Det kom fleire eksplosjonar som følgje av brannen.

Hovland seier det kunne gått skikkeleg gale.

– Det er rein flaks at det har gått bra, nok ein gong, seier Hovland.

Minimum av tryggingstiltak

– Kva kan du seie om tryggingstiltaka i tunnelen?

– Det er eit minimum av tryggingstiltak, men det vesle som kunne fungere, har stort sett fungert, seier Hovland.

Tunnelen vart stengt like etter eksplosjonen og vil bli stengt til i morgon føremiddag. Då vil vegvesenet gå inn med eit røykdykkarlag for å sjekke tunnelen.

– Alt innvendig i tunnelen ser ut til å vere skrella ut, så her er mykje arbeid som må gjerast før vi set trafikk på igjen, seier han.

I dag føremiddag ramla hengjaren på ein tankbil av i Skatestraum-tunnelen. Hengjaren med 16 000 liter bensin kolliderte i tunnellveggen og eksploderte.

Slik fungerer tryggleiken i tunnelen

Skatestraumtunnelen vart opna i 2002 og er 1,9 kilometer lang. I beredskapsplanen til tunnelen er tryggleikstiltaka skildra.

Summert opp ser det slik ut:

  • Det er til saman fire snupunkt, eitt til større køyretøy.
  • Det er fire SOS-telefonar i tunnelen, to av dei er plasserte ved 400 og 1000 meter, dei to andre utanfor kvar av tunnelmunningane.
  • Det er montert ni skåp med brannsløkkingsapparat. Av desse står eitt plassert utanfor kvar tunnelmunning.
  • Det er ikkje vatn til sløkking, dette må bringast med tankvogn av brannvesenet ved utrykking.
  • Det er radiodekning, men ikkje mobildekning i tunnelen. Det er installert radiosamband for redningsetatane.
  • Tunnelen kan stengjast ved hjelp av raudt stoppsignal utanfor begge tunnelmunningane.
  • Tunnelen er utstyrt med til saman fire ventilasjonsvifter i kvar ende av tunnelen.