Hopp til innhold

Tankvogn med 16 500 liter bensin i fjellvegg i tunnel

Ei tankvogn med 16.500 liter bensin har hamna i fjellveggen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger. Sjåføren og 14 andre personar har hittil berga set ut av tunnelen.

Mye røyk etter tunnelbrann ved Bremanger.

TJUKK SVART RØYK: Røyken vall ut frå Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger.

Eksplosjon i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar

Personane som har kome seg ut av tunnelen er sjekka ut av helsepersonell. Ingen av dei skal vere alvorleg skadde. Seks personar er sendt til Førde sentralsjukehus etter å ha pusta inn røyk.

– Ein tankbil har mista hengaren som igjen har gått i fjellveggen. Det har ført til lekkasje som igjen førte til ein eksplosjon. Vi har alle moglege ressursar på veg. Tunnelen er stengt på begge sider, men vi veit ikkje om det er personar eller bilar i tunnelen, seier Terje Brandsøy ved alarmsentralen til NRK klokka 11.05.

Røyk siver ut av Skatestraumtunnelen og brannmannskap og politi frykter den skal kollapse.

Slik ser ulukkesstaden ut frå lufta (FOTO: Stine Kyrkjebø Johansen)

Ni personar er evakuerte

Fire ambulansar, ein luftambulanse og eitt redningshelikopter er sendt til tunnelen. Ifølgje Helse Førde vart ambulansar frå Bergen også sendt ut, men dei har no snudd. Fleire ambulansar i nærområdet står også klare til å rykke ut.

Dei fem røykdykkarane som skulle kome frå brannvesenet i Bergen har no snudd, grunna at det lokale brannvesenet har sagt at dei klarar seg utan hjelp.

SISTE: Politiet opplyser like før klokka 12 at seks personar er evakuerta frå Hamnen på nordsida av Skatestraumtunnelen, og at tre personar er evakuerte frå hus som ligg aust for tunnelen.

Daniel Restad kom til stedet rett etter ulykken i Skatestraumtunnelen

Daniel Restad kom til Skatestraumtunnelen rett etter ulukka.

Store mengder røyk

Eit augevitne fortel om eit kraftig smell. Augevitnet reiste til staden og fortel om mykje røyk som kom veltande ut av tunnelen.

Dei møtte sjåføren på utsida. Han fortalde at hengaren på tankbilen hadde losna og smelt i fjellveggen.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar

Høyrde to smell

Kjell Idar Restad kom køyrande rett etter ulukka skjedde.

– Då vi nærma oss Skatestraumstunnelen, såg vi masse svart røyk som kom veltande ut.

Ved inngangen stod ei trekkvogn til ein trailer og ein personbil.

– Folk vinka og stoppa oss. Det var ein hengar full av bensin som hadde teke fyr i tunnelen. Medan vi stod der høyrde vi to smell, seier han.

Tunnelen er 1,9 kilometer lang og går mellom Hamnen på Rugsundøya og Klubben på Bremangerlandet.

Skatestraumtunnelen