Hopp til innhold

Slik kan ein katastrofebrann i tunnel sjå ut

VADHEIM (NRK): Redd for å køyre i tunnelar? Den neste katastrofefilmen til Pål Øie viser kor gale det kan gå.

Tester ut til innspelinga av filmen tunnelen

VIL IKKJE SKREMME: I slutten av februar byrjar innspelinga av «Tunnelen». – Det er ikkje meininga å skremme folk. Meininga er å vise at det å køyre gjennom ein lang fjelltunnel kan vere farleg dersom noko skjer. Her er ingen rømmingsvegar eller tilfluktsrom, seier regissør Pål Øie

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det skal svinge som berre det, smiler filmregissør Pål Øie medan han ser filmcrewet teste ut effektar til den neste storfilmen.

Han har regissert Villmark, Villmark 2 og Skjult, og er godt i gang med filmen om Nikolai Astrup.

I førre veke testa Øie og produsent Einar Loftesnes lysforholda til sin nye storfilm i Flotenestunnelen, «Tunnelen».

– Vi testar mengde røyk, tjukn, farge og lys. Mykje teknisk og kjedeleg, men viktige ting så vi er godt budde så det blir ein spennande film å sjå på, seier Øie.

Har lest seg opp

Pål Øie

TESTAR: – Det er detaljane vi er opptekne av no, så skal vi heim og sjå kor mykje vi kan filme her og kor mykje ettereffektar vi må bruke, seier regissør Pål Øie.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Øie vil ikkje kalle «Tunnelen» for noko katastrofefilm, men heller ein dramathriller. Sjølve hendinga går føre seg i ein vinterstorm på høgfjellet, der familiar på veg heim til jul blir fanga i ein katastrofal tunnelbrann.

Passanden nok blir det, ifølgje Filmweb, noregspremiere 25. desember.

Inspirasjonen har filmskaparane fått frå reelle hendingar. Dei har det vore fleire av siste åra. Til alt hell har ingen liv gått tapt.

Tester ut til innspelinga av tunnelen

TRE MÅNADER: ​​​​​​​Den kring tre månader lange innspelinga byrjar i slutten av februar. Kven som får rollene i filmen er førebels hemmeleg.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Manusforfattar har lest rapportane frå begge brannane i Gudvangatunnelen, brannen i Skatestraumtunnelen og Oslofjordtunnelen. Vi skal lage ein spenningsfilm, så vi har plukka det vi tykkjer passar inn, seier produsent Einar Loftesnes.

Vil ikkje skremme

– Det har verkeleg vore ein veldig skremmande lesnad. Heldigvis har det stort sett gått bra, sjølv om det har vore på hengande håret. Utfallet i filmen er nok meir tragisk enn det vi har vore vitne til, legg Øie til.

Einar Loftesnes

REALISTISK: Filmteamet førebur seg godt før sjølve filminga tek til i slutten av februar. – Vi skal gjere brannen så realistisk som mogleg, forsikrar produsent Einar Loftesnes.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Filmen føyer seg inn i rekka av det mange vil kalle norske katastrofefilmar. «Bølgen» kom for fire år sidan og i fjor kom oppfølgaren «Skjelvet».

– Eg trur norsk publikum alltid har likt å sjå katastrofefilmar. Tidlegare har vi hatt store hendingar i USA, og no er teknologien komen så langt at vi kan ta litt meir lokale historier, seier Loftesnes.

Spennande film

Øie trur folk innesperra i brann i ein av Noregs 1.100 tunnelar kan gi spennande film.

– Stort sett må dei hjelpe seg sjølve, for det er veldig vanskeleg å komme seg inn og hjelpe nokon i eit slikt inferno av røyk og giftige gassar, seier han og avsluttar:

– Mykje blir henta opp frå den menneskelege djupna når det skjer slike ting. Vi følgjer karakterar, nokre på utsida og nokre fanga her inne. Spennande drama. Rett og slett.

Den kring tre månader lange innspelinga byrjar i slutten av februar. Kven som får rollene i filmen er førebels hemmeleg.