Har stått på døgnet rundt for å opne Gudvangatunnelen

– Dette set vi stor pris på. Når tunnelen stengjer ei veke så fell omsetnaden 50 prosent tvert. Drivstoffsalet er nærast utradert, seier Per Steinar Hylland.

Brannen i Gudvangatunnelen

SJÅ BILETA: Tunnelen fekk store skader i brannen førre helg, men etter ei veke med iherdig innsats kunne Gudvangatunnelen opne for all trafikk i ettermiddag. (FOTO: SILJE DREVDAL/Statens vegvesen)

Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

I løpet av den kring veka hovudvegen mellom Oslo og Bergen har vore stengd, har bensinstasjonseigaren i Gudvangen tapt kring ein million kroner.

– Her er så få fastbuande at vi avheng av gjennomgangstrafikken. Går du glipp av 60.000 selde liter med drivstoff på ei veke, så er det 900.000 kroner med det same, seier Per Steinar Hylland.

– Svir veldig

Siste åra har både tunnelbrannar og steinras stengd E16 i vekevis. Slikt merkar næringslivet.

– Ei slik stenging svir veldig. Og det er ikkje slik at dei som ikkje fekk handla her kjem att i neste veke, seier han og håpar det blir lenge til neste stenging.

Olav Hylland

STORE TAP: Olav Hylland og Gudvangen Fjordhotell har tapt fleire gruppeovernattingar etter tunnelbrannen. – Men frå i dag er det heldigvis tilbake til normalen, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ved Gudvangen Fjordhotell har dei tapt kring 60.000 kroner i avbestillingar etter tunnelbrannen førre helg.

– Vi har i alle fall ikkje mista gruppa i kveld, så då blir det fullt hus. Det er godt at dei klarte å opne så raskt. Infrastrukturen her er sårbar, seier Olav Hylland.

– Mykje på kort tid

Svenn Egil Finden

PRIORITERT: Svenn Egil Finden er nøgd med det raske arbeidet etter tunnelbrannen førre helg. – Det er gjort ein stor innsats for å få den tidlege opninga, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klokka 17 i dag var det ikkje langt ifrå at champagnekorkane gjekk i taket i Gudvangen. Då opna tunnelen att.

Til samanlikning var tunnelen stengd i seks veker då ein lastebil brann i 2013. To år seinare var tunnelen stengd frå 11. til 31. august etter ein bussbrann.

– Vi har prioritert det arbeidet som er heilt naudsynt for å få opna tunnelen for trafikk att, og det er gjort veldig mykje på kort tid, seier avdelingssjef i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Bolta 2000 kvadratmeter

Sterk varme kan få bitar av fjellet eller betong til å sprekke. Eit området på kring 125 meter rundt brannstaden har difor vore sjekka ut for skader.

All laus tunnelmasse er fjerna, fjellet er sikra på nytt med sprøytebetong og eit område på nær 2000 kvadratmeter er bolta.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

SJÅ VIDEO: 32 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til laurdag. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

I tillegg er kabling, nytt lys, DAB-dekning og mellombels naudnett på plass. Naudstasjonar er kontrollerte og skadd utstyr skifta ut. Fredag kom det også ny asfalt på staden.

– Fantastisk innsats frå alle involverte, seier Finden.

Nøgd ordførar

Tunnelen var under oppgradering og trafikken gjekk i kolonne då vogntoget byrja å brenne.

At det allereie var mykje mannskap og utstyr på plass har bidrege til den raske opninga. Restarbeid blir teke dei kommande dagane.

Ordførar Noralv Distad (H) er glad for den raske opninga.

– Det er hovudvegen mellom Oslo og Bergen, så når tunnelen er stengd så må trafikken gå omvegar. et går utover dei som bur her, og næringslivet taper pengar, seier han.