Fryktar store tap om Gudvangatunnelen vert stengd lenge

Berre i løpet av søndag har hotelleigar Olav Hylland mista 120 gjester og bestillingane på 30 rom som følgje av brannen i Gudvangatunnelen.

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Natt til laurdag byrja det å brenne i det eine vogntoget i ei kolonne som var på veg gjennom den over 11 kilometer lange Gudvangatunnelen.

Foto: Voss brannvesen

– Det ser ikkje bra ut, sukkar Hylland, som driv Gudvangen Fjordtell.

Han var den store helten då det brann sist i Gudvangatunnelen, i august 2015. Då berga han 32 kinesarar ut av tunnelen då det byrja å brenne i bussen deira.

No bur han seg på ein mager start på april.

– Dette er jo eit av dei åra ser ut til å få ein kjempesesong i april, men eg er skeptisk til korleis det vert no. Eg håpar berre at tunnelen vil opne fort igjen.

Tap på 60 000 kroner

Gudvangatunnelen på E16 er ikkje berre ein del av hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Den er og livsnerven til den vesle turistbygda inst i Nærøyfjorden. Den er vegen både til kommunesenteret i Aurland og turistmetropolen i nabobygda Flåm. Dagleg ferdast turistar i hopetal gjennom tunnelen som er på rundreise med bil, buss eller båt i verdsarvområdet.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, kan førebels ikkje seie kor lenge tunnelen vil verte stengd etter brannen i vogntoget natt til laurdag. Først på måndag skal dei ha eit møte der planane for oppryddinga skal leggjast. Men Finden seier at tunnelen uansett vil verte stengd ei stund, kanskje så lenge som ei til to veker.

– Då blir det nokså tøffe tap, seier Hylland.

Han seier det økonomiske tapet mest truleg vil ligge på mellom 50 000 og 60 000 kroner kvar dag tunnelen er stengd.

– Heldigvis er det ikkje høgsesong. Då hadde tapa vore meir brutale.

Olav Hylland

FRYKTAR: Hotelleigar Olav Hylland har alt fått mange avbestillingar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Håpar på rask opning

No håpar Hylland at Statens vegvesen vil setje i gang reparasjonsarbeidet ganske kjapt. Han meiner at utgangspunktet denne gongen må vere det beste, då selskapa som alt er i bygda for å rehabilitere tunnelen har alt utstyr og mannskap som trengst for å få tunnelen fort opna igjen.

– Reiselivet på begge sider av tunnelen blør. Ikkje berre her i Gudvangen, men i heile regionen, seier hotelleigaren.

Det erfarer også sals- og marknadssjef i reiselivsselskapet Flåm AS, Øyvind Holsen. Han har førebels ikkje tal å vise til, men fryktar at avbestillingane vil tikke inn dei næraste dagane.

– Då vi no går inn i april som er ein meir sommarleg månad vil dette talet stige for kvar dag. Det verste som kan skje er at tunnelen vert stengd lenge, oppsummerer han.

Søndag kveld opplyser reiarlaget The Fjords at dei vil setje opp ferjetransport mellom Flåm og Gudvangen frå og med måndag 1. april. Ferja vil ha to daglege avgangar kvar veg og har plass til 20 bilar og 190 passasjerar.

Statens vegvesen finn omfattande skadar på Norges nest lengste tunnel etter vogntogbrannen.

Statens vegvesen finn omfattande skadar på Norges nest lengste tunnel etter vogntogbrannen.