Hopp til innhold

Måtte flykte frå flammehavet

– Eg har ikkje rygga så fort før. Det var full gass, seier Inge Henry Bø. Betongbilsjåføren slapp frå branninfernoet i Gudvangatunnelen med skrekken.

Inge Henry Bø

IKKJE REDD: Inge Henry Bø måtte rygge kring ein kilometer for å kome seg bort frå brannen i tunnelen.

Foto: Arne Veum

Det var Sogn Avis som først omtalte opplevinga til Bø.

Bø stod parkert halvannan kilometer inne i tunnelen med betongbilen sin då han såg kolonnen med vogntoga og følgjebilen kom køyrande. Brått ser han at eine vogntoget blinka noko voldsomt med lysa før det vart full stogg i kolonnen.

Bø ser flammar, følgjebilen snur og sjåføren på den ropar at alle må snu og kome seg ut av tunnelen.

– Då var det det var berre å kome seg ut, Eg var ikkje redd, men det var ei rar kjensle, seier den sindige sogningen til NRK.

Bø måtte snu bilen for å kome seg bort frå flammehavet, men han måtte først rygge kring ein kilometer før han klarte å snu bilen.

– Medan eg rygge håpa eg for guds skuld at dei ikkje måtte snu viftene i tunnelen, seier Bø til Sogn Avis.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

Dramatisk historie

Den over 11 kilometer lange Gudvangatunnelen er den neste lengste tunnelen i Noreg. Den vart opna i desember 1991 og gav då den første ferjefrie heilårsvegen mellom Oslo og Bergen via Hol-Aurland. Tunnelen var den lengste i landet inntil Lærdalstunnelen opna ni år seinare.

Det er stor trafikk av vogntog som kvar einaste dag gjennom heile året køyrer varer mellom Aust- og Vestlandet. I sommarhalvåret er det også tett mellom turistbussane eller turistar som køyrer i sine eigne bilar. Tunnelen knyter saman Flåm og Gudvangen i Aurland kommune, to av dei største turistbygdene i landet.

Men mange turistar har og fått oppleve dramatikk i den lange tunnelen. Gudvangatunnelen har ei røykfylt og rimeleg dramatisk historie.

Brann i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Vogntoget som var i følgje med tre andre vogntog tok fyr 1,5 kilometer inne i tunnelen natt til 30. mars.

Foto: Voss Brannvesen

Kring 70 sende til sjukehus

5. august i 2013 kom meldinga om at brann i ein semitrailer tre kilometer inne i tunnelen. Ein stor redningsaksjon vart sett i gang, og kring 70 personar vart sende til sjukehus i Lærdal. 28 fekk alvorlege røykskadar.

Nesten på dagen to år seinare, 11. august 2015, brann det i ein svensk turistbuss. 37 personar vart evakuerte, fire av dei alvorleg skadde. Storparten av desse var kinesiske turistar.

Begge gongane vart det store skader på tunnelen som vart stengd i lengre periodar.

Natt til i dag skjedde det altså igjen. Eit vogntog som køyrde i kolonne i lag med tre andre vogntog tok fyr, og 32 personar måtte evakuerast. Fire vart sende til sjukehus i Lærdal med lettare røykskadar.

Vraket er ute av Gudvangatunnelen

UTBREND: Dette er semitraileren som brann opp i august 2013, då kring 70 personar måtte sendast på sjukehus.

Foto: Johan Moen / NRK

Vegvesenet: – Tunnelen er trygg

Sjølv om historia til Gudvangatunnelen ikkje er av dei beste, meiner Statens vegvesen at tunnelen er trygg å køyre gjennom.

– Tunnelen er på lik linje med andre tunnelar vurdert som trygg å køyre i. Det er nok tilfeldigheiter som gjer at det har vore fleire brannar i tunnelen. Det er køyretøya og ikkje tunnelen som brenn. Dette er gjerne typen hendingar i køyretøya som like godt kunne skjedd andre stader, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden til NRK laurdag ettermiddag.

Oppgraderer tunnelen

I desse dagar gjennomfører vegvesenet ei full rehabilitering av tunnelen. Mellom anna skal den få nytt elektrisk anlegg og overvakingssystem. Tunnelen får og ny drenering. Arbeidet skjer om natta og trafikantane køyrer gjennom i kolonnar med følgjebil.

– Sidan tunnelen no er under oppgradering, har vi sett i verk andre tiltak for å gjere den trygg å køyre gjennom. Blant anna har vi styrt trafikkavvikling, slik at vi har kontroll på trafikken, seier Finden.