«Jeg er overlevende fra brannen i Gudvangatunnelen i august 2013, og opplevde at dersom jeg ikke gjorde noe, så ville kona mi, våre tre døtre og jeg, dø».
Slik startar Einar Morland (58) brevet til statsminister Jonas Gahr Støre.
Les heile brevet nedst i saka.
Morland og kona Laila er sjokkerte over at over 200 norske tunnelar framleis har utildekt PE-skum.
PE-skum er svært brannfarleg og ekspertar fortel at det fungerer som «bensin i fast form».
Skummet er tungt lettenneleg, men det blir eksplosiv brann med svært giftige gassar dersom det først byrjar å brenne.
Fryktar ny storbrann
I romjula omkom seks personar og 29 vart skadde i ein tunnelbrann i Sør-Korea. Norske ekspertar har konkludert med at nettopp brannfarleg materiale i tunnelen har medverka til at brannen vart så kraftig.
Morland er sikker på at han og familien ikkje ville ha vore i live i dag dersom det hadde vore utildekt PE-skum i Gudvangatunnelen.
– Vi overlevde på rein flaks. Det var ein lastebil utan last som brann. Hadde det vore ein lastebil med last, eller utildekka PE-skum, så ville brannen hatt mykje meir energi.
70 personar vart redda ut av tunnelen. Mange fekk alvorlege røykskadar, men ingen omkom.
Noregs Automobilforbund (NAF) reagerer på at det framleis er mange brannfarlege tunnelar i Noreg.
– Dette må statsråden og regjeringa ta tak i. Over fleire år har det vore brukt for lite på vedlikehald og oppgradering av tunnelane, seier pressesjef Ingunn Handagard.
Ho viser til at det krevst 17,3 milliardar kroner for å gjere tunnelane på riksvegnettet trygge. I tillegg kjem tunnelane på fylkesvegane.
Kan ikkje love rask utbetring
Statsministerens kontor stadfestar at dei har teke imot brevet, og viser til samferdsleministeren for ytterlegare kommentar.
Jon-Ivar Nygård (Ap) skriv til NRK at historia til familien Morland gjer inntrykk, men viser til at tunnelane er tryggare i dag enn då det brann i Gudvangatunnelen i 2013.
– Tunneltryggleik er eit område det har vore satsa på i fleire år gjennom utbetringsprogrammet til Statens vegvesen, og dette held fram i 2023.
Leiar i Stortinget sin samferdselskomite, Erling Sande (Sp), kan likevel ikkje love at PE-skummet vil bli tildekt med det første.
– Det er heilt klart at brann i tunnel er alvorlege hendingar. Nettopp difor blir det brukt store midlar for å gjere det tryggare å køyre i tunnelar, seier han.
Sande vil be om ei oversikt frå samferdselsdepartementet over omfanget av usikra PE-skum i norske tunnelar.
– Eg vil også vite korleis fagfolka i departementet vurderer risikoen med PE-skum opp mot andre risikoar i trafikken.
– Men vil du ikkje pålegge Statens vegvesen og fylkeskommunane å dekke til det brannfarlege skummet?
– Nei, i første omgang er det rett å få denne oversikta. Så får vi konkludere etter det, seier Sande.
Høgre krev handling
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen er ikkje fornøgd med den raudgrøne regjeringa sin innsats.
– Vi forventar at regjeringa gjer nødvendige tiltak for å sikre tunnelar med brannfarleg materiale, seier ho.
– Men dei blå partia med Høgre i spissen sat med makta i åtte år, kvifor fekk ikkje de sikra dei 200 brannfarlege tunnelane?
– Det er gjort tiltak i dei mest risikoutsette tunnelane. Men brannen i Sør-Korea har nok gjeve ytterlegare kunnskap, og det vil vera naturleg å ta ein ny gjennomgang for å vurdere dei attverande 200 tunnelane, seier Eskeland.
Ho legg til at det må lagast eit program for oppgradering av dei 200 tunnelane.
Frustrert fylkesordførar
Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), vedgår at situasjonen er utfordrande. Med 29 fylkesvegtunnelar med utildekt PE-skum, toppar Vestland lista.
– Det er fortvilande at vi ikkje har hatt økonomi til å sikre alle tunnelane. Det er også fortvilande at vi ikkje har nok rassikringsmidlar og at vi ikkje har nok pengar til å sikre bruene våre, seier han.
Askeland peikar på at fylkesvegane er veldig underfinansierte samanlikna med riksvegane.
– Vi har fire gonger så mange fylkesvegar som riksvegar her i landet, men pengebruken er fem gonger større på riksvegane. Difor har vi ikkje greidd å ruste opp alle tunnelane. Det er dessverre situasjonen, seier han.
Brukt i 40 år
PE-skum har vore brukt som vass- og frostsikring i norske vegtunnelar i 40 år. Frå 1997 vart det stilt krav om at skummet skulle dekkast til med 8 cm sprøytebetong, på grunn av brannfaren. Men kravet gjaldt berre for nye tunnelar.
Difor er det framleis mange tunnelar med udekt eller for dårleg tildekt PE-skum.
Statens vegvesen si grunngjeving for at det har teke langt tid å dekke til det brannfarlege skummet er at arbeidet er svært omfattande. Det må mellom anna brukast både armeringsnett og sprøytebetong.
Einar Morland kjøper ikkje denne forklaringa.
– Tildekking med sprøytebetong og armering er kjent teknologi i Noreg. Det er berre å få gjort det, seier han.