Hopp til innhold

Få minutt før var bussen midt i ein lang tunnel

Rett etter at bussen hadde køyrd ut av den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen stod den i flammar. – Det går eit gufs gjennom ein.

Bussen blei fullstendig nedbrent.

Det gjekk kort tid frå turistbussen fekk stoppa til den var fullstendig overtent.

Foto: Vest politidistrikt

Den utanlandsregistrerte bussen hadde nettopp passert Gudvangatunnelen og var på veg oppover E16 i Nærøydalen.

Om bord var 15 asiatiske turistar.

– Det første eg tenkte var: «håper verkeleg det ikkje er i ein tunnel», seier brannsjef i Aurland Brannvern då han fekk inn meldinga søndag kveld.

I Sogn er det fleire lange tunnelar og den store skrekken er bilbrann i ein av desse.

I 2013 vart 70 personar redda ut av Gudvangatunnelen då ein semitrailer tok fyr. I 2019 blei det på ny slått alarm om bilbrann i tunnelen. Då måtte 32 personar evakuerast og fire sendast til sjukehus.

Kunne blitt ein katastrofebrann

Ein lastebil som køyrde bak bussen varsla sjåføren om at det kom røyk frå den latviske turistbussen.

– Viss det hadde begynt å brenne nokre minutt før kunne det blitt ei stor katastrofe, seier Reinhardt Sørensen, brannsjef i Aurland Brannvern.

Då bussjåføren vart varsla, køyrde han inn på ein rasteplass og tømde bussen for folk.

– Etter det tok det ikkje lang tid før bussen var overtent, fortel Marit Breistøl, tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Lærdal og Aurland.

Då brannmannskapa var framme på staden, var passasjerane allereie ute. Men bussen var det for seint å redde.

– Det går eit gufs gjennom ein fordi det har vore fleire alvorlege hendingar, og skadepotensialet er stort, fortel Breistøl.

Les også Overlevde tunneldrama: Ber statsministeren sikre 200 brannfarlege tunnelar

Ekteparet Laila og Einar Morland ber Statsministeren ta grep med brannfarlege tunnelar.

Ein krevjande åstad

Politiet trur ein teknisk feil var årsaka til brannen, men det vil bli krevande og finne den endelege brannårsaka.

Turistane slapp med skrekken og ferda gjekk vidare med ein ny buss etter det dramatiske stoppet på rasteplassen.

– Dette gjekk bra, takka vere handlekraftige bilistar bak, konkluderer Breistøl.

brennende buss
Foto: Politiet