Førar av følgjebil hylla etter dramatisk tunnelbrann

32 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til laurdag.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

SJÅ VIDEO: 33 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til laurdag. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

Den 11 kilometer lange tunnelen, som er under oppgradering og difor er kolonnekøyrd, blir truleg stengd i lengre tid framover.

Det er omkøyringsmoglegheiter via riksveg 7 Hardangervidda, riksveg 13 Granvin – Voss, eller riksveg 5 og E39 via Førde og Sogndal. Ein kan også køyre riksveg 13 over Vikafjellet.

Brann i Gudvangatunnelen 2019

BRANN: Brannvesenet i Aurland, Lærdal og Voss rykte ut til brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Arne Veum

Vakthavande brannsjef i Voss brannvesen, Arnfinn Halrynjo, seier brannen kunne gått langt verre utan ein snarrådig førar av bilen som leia kolonnen gjennom tunnelen.

– Ho gjorde ein kjempeinnsats. Ho varsla om brannen, tok med seg føraren av bilen og køyrde ut med ein trailer bak seg. På vegen fekk ho varsla dei kring 30 personane som var i tunnelen, seier Halrynjo.

Fire vogntog

Med stengingar på opp mot halvannan time, blir det fort kolonnar på eit titals vogntog på nattetid. I natt var det til alt hell berre fire vogntog som skulle gjennom tunnelen.

Brann i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Vogntoget brann heilt opp, men rask innsats gjorde at ingen har fått alvorlege skader etter brannen. – Ho som køyrde følgjebilen gjorde ein kjempeinnsats. Ho gjorde akkurat det ho skulle, seier vakthavande brannsjef i Voss, Arnfinn Halrynjo_

Foto: Politiet

Kvinna som førte følgjebilen såg det blinke i lysa frå vogntoget bak seg. Så såg ho flammane.

– Om lag 1500 meter inn i tunnelen byrja det å brenne. Då blei alle evakuert ut. Nokre av dei har pusta inn røyk og har blitt undersøkt av helse, seier Per Algrøy i politiet til NRK.

Medan følgjebilen køyrde mot Gudvangen og fekk varsla, evakuerte førarane av dei to siste vogntoga mot Aurland.

Brann i dieseltanken

Atle Lunde i rogalandselskapet Nortemp stadfestar at det var deira vogntog som byrja å brenne. Han seier det etter forholda står bra til med føraren.

Nortemp består av fleire selskap, med kvar sine spesialfelt innan transport/logistikk av matvarer.

Lunde har berre hatt nokre korte samtalar med føraren.

– Han oppdaga brann i dieseltanken og prøvde å sløkke, men såg raskt at det var håplaust. Når det brenn i dieseltanken er det allereie god varme. Det viktigaste var at han kom seg vekk, seier han.

Fylte fleire gonger

Brann i Gudvangatunnelen

FEKK SLØKT: Lastebilen var lasta med matvarer. – Det ulma lenge i lasta, men til alt hell var det ikkje den mest brennbare lasta. Trelast eller veldig brennbar last ville utvikla mykje meir varne og hadde gjort det meir krevjande å sløkke, seier Arnfinn Halrynjo i Voss brannvesen.

Foto: Voss Brannvesen

Brannvesenet rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap frå Voss og Aurland. Det blei også vurdert å sende redningshelikopter.

– Vi fekk raskt klarlagt i at det ikkje var fleire folk inne. Det brann kraftig i vogntoget, så vi køyrde inn og starta sløkkearbeidet. Vi hadde tankbilen med, og brukte 11.-12.000 liter vatn. Vi måtte fyle den opp att fleire gonger, seier Halrynjo.

Ventilasjonen leia røyken mot Aurland, slik at brannvesenet frå Gudvangen kom seg greitt inn til det brennande vogntoget.

Det er tredje gang Halrynjo rykkjer ut til ein tunnelbrann i Gudvangen. Til alt hell gjekk det heller ikkje denne gangen liv tapt.

– Ho som køyrde følgjebilen gjorde ein kjempeinnsats. Ho gjorde akkurat det ho skulle, og fekk varsla dei som var i fare. Dette kunne gått mykje, mykje verre, seier Halrynjo.

Tunnelen blir oppgradert

Brannsjefen seier at det er stor skade på tunnelen der vogntoget brann. Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier det er uråd å seie kor lenge tunnelen blir stengd.

– Det er vanskeleg å seie. Vi må få oversikt over omfanget. Er det store skader på tunnelhenget og fjellet, så kan det gå nokre dager, seier han. Først seinare på dagen vil skadeomfanget vere klart.

Han ventar no på tilbakemeldingane frå geologane som er inne i tunnelen. Det gjer også politiet før dei kan gå inn og gjere dei første krimtekniske undersøkingane av køyretøyet og tunnelen.

Glad ingen kom til skade

Ordførar Noralv Distad (H) er glad for at ingen kom alvorleg til skade.

Distad er imponert over innsatsen som innsatsen som nok ein gang vart lagt under ein brann i ein av tunnelane på hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet.

Noralv Distad i Gudvangen

HELDIG: Ordføar Noralv Distad er glad for at ikkje gjekk liv tapt i tunnelbrannen i natt.

Foto: NRK

I 2013 vart kring 70 personar sendt til sjukehus då ein lastebil byrja å brenne på dagtid. To år seinare vart 37 personar evakuerte, og fire personar alvorleg skadde då ein turistbuss byrja å brenne.

Tunnelen er under oppgradering i forhold til tunnelsikringsforskrifta. Arbeidet har allereie gått over lang tid og skal etter planen vere ferdig neste år.

– No blir tunnelen kontrollert og skadane kartlagt. Så kjem det ei vurdering av kor lenge tunnelen blir stengd, seier Distad.