Bilen var heilt ny – forstår ikkje kvifor han brann

Vogntoget som i helga brann i Gudvangatunnelen, var berre fire månader gammalt. Ingen skjønar kvifor eit så nytt køyretøy tok fyr.

Utbrent vogntog etter brann i Gudvangatunnelen, mars 2018

UTBRENT: Slik ser dei sørgelege restane av vogntoget ut.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Det var ein splitter ny Scania semitrailer som byrja å brenne i Gudvangatunnelen på E16 natt til laurdag. 33 personar vart evakuerte og fire personar vart sende til sjukehus etter brannen.

Nortemp, firmaet som eig bilen som brann, skiftar i utgangspunktet ut bilane etter berre tre år. I månadsskifte november-desember i fjor skifte selskapet ut ei rekke bilar, blant anna vogntoget som tok fyr.

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

FULL FYR: På veg gjennom Gudvangatunnelen natt til laurdag tok det til å brenne i vogntoget.

Foto: Voss brannvesen

Ny før jul

– Vi skiftar ut bilane ofte for at vi skal unngå nettopp slike ting, så vi er litt overraska over at det skjer, seier dagleg leiar Frode Jensen.

– Det er noko du håpar aldri skal skje. Når det først skjedde, er eg glad det gjekk bra med alle involverte. Bilen er trass alt berre ein ting som kan erstattast.

Han ynskjer ikkje å gå inn på kva sjåføren har forklart om det som skjedde.

– No er havarikommisjonen i gang med å gjere undersøkingar. Kva som har skjedd eller ikkje, tenker eg det er greitt å vente med til dei er ferdig med undersøkingane sine, seier Jensen.

Sjåføren som køyrde bilen ynskjer ikkje å la seg intervjue, men seier via Jensen at alt står bra til.

– Eg forstår det på han at redningsaksjonen i tunnelen gjekk bra, og sjølv seier han at han har det bra.

Veit ikkje årsaka

John Lauvstad i Norsk Scania seier dei førebels ikkje kan seie noko om årsaka til at vogntoget byrja å brenne.

– Det er altfor tidleg og vi har heller ikkje tilgang på bilen. Vi støtter oss på Havarikommisjonen som no har lastebilen, og på rapporten dei vil kome med, seier han.

Undersøker bilen

Statens havarikommisjon vurderer om dei skal undersøkje brannen i Gudvangatunnelen med full styrke.

– Dette var ei ulukke med stort skadepotensial, seier havariinspektør Per Olav Hetland.

Havariinspektør - Per Olav Hetland etter tunnelbrann i Gudvangatunnelen 2019

UNDERSØKER: Per Olav Hetland er havariinspektør i Statens Havarikommisjon.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sundag kveld vart det utbrende vraket henta ut av tunnelen, og mannskapet er no i gang med undersøkingar.

– Det er godt utbrent, men vi meiner det framleis skal vere råd å finne spor.

I første omgang handlar undersøkingane no om å kunne ekskludere kva som ikkje har skjedd.

– I tillegg har vi kollegaer som er i kontakt med dei andre involverte. I løpet av eit par dagar trur eg at vi skal ha klart å danna oss eit ganske bra bilete av kva som skjedde, seier Hetland.

HER STARTA BRANNEN: Natt til laurdag byrja eit vogntog å brenne i Gudvangatunnelen.

Mange spørsmål

Hendinga i Gudvangatunnelen er naturleg nok det store samtaleemnet blant sjåførane i selskapet.

– Det er klart at alle lurar på kva som har skjedd, og det lurar vi også på for å seie det slik, seier Frode Jensen.

– Kva rutinar har de for å handtere slike hendingar?

– Vi pratar med sjåføren om det som har skjedd, og mange av sjåførane bur saman på ein sjåførbase vi har. Men vi følgjer han sjølvsagt opp for å høyre om han får nokre reaksjonar i ettertid som han ynskjer å prate om, vi må jo ta vare på han.