Hopp til innhold

Bellona varslar røyk og sot – det skremmer ikkje Venstre-ordførar

Tysdag kjem det første av i alt 21 cruiseskip til Nordfjordeid. Bellona ber eidarane vere budde på røyk, sot, lukt og store folkemengder i sentrum.

Albatros – årets første turistskip til Trondheim

ELDSTE DAME: MS «Albatros» er bygd i 1973, og såleis det eldste skipet som kjem til Nordfjordeid i sommar. Skipet er og eit av dei som vil verte kontrollerte av Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Trond Moksnes

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sidan 2016 har det vore arbeidd med å gjere Nordfjordeid til ein cruisedestinasjon. Naboar har vore skeptiske til planane, men i dag kjem likevel det aller første skipet til seawalken.

Målet er at desse skipa berre i sommar skal få 50.000 passasjerar til å gå i land for å oppleve Nordfjordeid og omlandet. Ordførar Alfred Bjørlo frå miljøpartiet Venstre er ein av dei som har fronta satsinga, og er blant dei som har stor tru på ringverknadene for det lokale næringslivet.

Men Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar for skipsfart i miljøorganisasjonen Bellona, heller kaldt vatn i blodet til dei mest ivrige. Han er uroleg for miljøavtrykket frå ei næring som har rykte på seg for å ureine.

– Skipa brukar mest truleg meir straum enn heile kommunen medan det ligg ved kai, seier Paulsen.

Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar i Bellona

SKEPTISK: Seniorrådgjevar i Bellona Jan Kjetil Paulsen stiller seg undrande til at Eid ikkje har satsa på å verte klimahamn alt frå første besøk.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Han meiner eidarane må vere budde på å sjå røyk frå skipa og kanskje oppleve at sot legg seg i området om vindretninga står slik til.

Han peikar på at brorparten av skipa som kjem til Eid i år er eldre skip. Det eldste er nærare 50 år.

– Vi kan ikkje vente at dei eldste skipa skal vere dei som ureinar minst.

Vil ha landstraum

Ordførar Alfred Bjørlo har tidlegare sagt at skipa må få tilbod om å kople seg til straum på land. Men når MS «AIDAperla» i dag ankrar opp med over 4000 passasjerar om bord må skipet bruke ureinande drivstoff for å produsere nok straum til å halde liv i skipet.

For Bjørlo er dette eit mål som han framleis står fast på.

– Vi startar trafikken no og så held vi fram planlegginga for å få hamna raskt over på landstraum. For det skal vi sjølvsagt ha. Då vil vi ganske raskt sjå ein miljøprofil på hamna, lovar Bjørlo.

Alfred Bjørlo med ordførarkjede

SATSAR: Ordførar Alfred Bjørlo (V) vil tilby cruiseskipa straum frå land for å redusere utsleppa.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

I fleire cruisehamner går det og ein debatt om kor mykje folk små bygder og tronge bysentrum toler av masseturisme før reisemålet vert øydelagt.

– Vi tek berre imot eit skip om dagen, i tillegg til at Eid er ein mykje større stad enn både Flåm og Geiranger der det kan vere fleire store skip samstundes.

Vil kontrollere skipa

Sjøfartsdirektoratet stadfestar at skipa som kjem til Nordfjordeid er i ei blanding nye og flest eldre skip. Direktoratet vil i løpet av sesongen sjekke dei fleste av skipa som kjem til Nordfjord.

– Eldre båtar kan ureine meir. Gjennom åra har vi fått tilbakemeldingar og klager på røykutslepp frå båtane. Det kombinert med alder har gjort at vi har blinka dei ut, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen.

Skipet som har flest stogg på Nordfjordeid i sommar, MS «Zenith», er eitt av desse.

– Vi fekk klage på den i fjor på grunn av mykje røyk og vi vil difor inspisere den i år då den skal inn i verdsarvfjordane, seier Pedersen. Til Nordfjordeid kjem skipet åtte gonger i sommar.

Avdelingsdirektør Bjørn Pedersen

KONTROLLERER: Avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen.

Foto: Bjarte Amble / Sjøfartsdirektoratet