Hopp til innhold

Har kjøpt flytande kai – no vert Nordfjordeid cruise-destinasjon

NORDFJORDEID (NRK): Selskapet Seawalk Nordfjord AS har inngått avtale om kjøp av ein flytande cruisekai som vert installert i vår. Til sommaren er dei klare for cruiseturistar.

Seawalk Nordfjord AS - flytande kai Nordfjord, illustrasjon

SLIK BLIR DET: Denne illustrasjonen viser korleis det vil sjå ut når den flytande og samanleggbare kaien er på plass på Nordfjordeid.

Foto: Illustrasjon - Seawalk Nordfjord AS

John Olav Lefdal og Alfred Bjørlo

NØGD: John Olav Lefdal (t.v.) i Lefdal Invest AS og Eid-ordførar Alfred Bjørlo ser fram til å få cruisekaia på plass.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er glad for at vi no kan realisere Eid kommune sitt 10 år gamle vedtak om å legge til rette for cruisekai på Nordfjordeid. Nordfjord er inne i ei fantastisk utvikling som reiselivsdestinasjon, med store attraksjonar som Hoven Loen, Sagastad og Stad Skipstunnel rett rundt hjørnet og Visit Nordfjord som felles destinasjonsselskap, seier ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Den flytande cruisekaia dei har kjøpt vart bygd i 2012 og er i dag plassert i Skjolden i Luster. Den kan ta i mot alle typar cruiseskip, er 230 meter lang og var den første i verda i sitt slag.

– Positivt for turismen

Eid kommune går inn med over tre millionar kroner i prosjektet. Bjørlo meiner kommunen vil nye godt av investeringa.

– Dette vil leggje igjen lokal verdiskaping for tettstaden vår. Dessutan vil cruisekaia føre til store ringverknader i form av turar og turisme i heile Nordfjord, seier Bjørlo til NRK.

Testa ut Seawalk-kai i Skjolden

TEST: Cruiseskipet Queen Elisabeth besøkte Skjolden i 2012, og då vart den flytande cruisekaia brukt.

Foto: Tage Skjaak Moen

200 i året

Seawalk Nordfjord AS er eigd av Lefdal Invest AS, Cruise Ventures AS og Eid kommune. John Olav Lefdal i Lefdal Invest seier at cruisekapasiteten i Nordfjord no blir dobla.

– Vi har jobba intenst for å få dette til. Det er 25 år sidan cruisekaia opna i Olden. Der har vi teke i mot opp mot 100 båtar i året og vi har måtte seie nei til båtar som har ville legge til kai. Det er gledeleg at vi no kan doble kapasiteten i Nordfjord.

Ifølgje Lefdal er målet å ta i mot kring 200 cruisebåtar til saman i Nordfjord i året.

– Veksten i cruisenæringa vil garantert kome.

– Kva skjer når seawalken reiser frå Luster?

– Det vil framleis vere cruisekai i Luster, men det har ikkje vore behov for både ein seawalk og ei fast cruisekai. Difor har vi fått til ein avtale, seier Lefdal.