Hopp til innhold

Her skal det kome tusenvis av cruiseturistar: – Vi er bekymra for eigedommane våre

NORDFJORDEID (NRK): Alt er klart for at dei første cruiseskipa skal kome til Eid. Men naboar fryktar cruisetrafikken vil føre til utrasing og skade på eigedommane deira.

Naboar til seawalken i Eid

FRYKTAR FØLGJENE: Ernst Husevåg, Barbro Os Noste, Rita Karin Nyland og Anne Kirsti Noste er naboar til seawalken i Eid. – Ein kan vere for eller imot cruiseturisme, det er ikkje ulovleg og ikkje noko vi kan seie noko på. Men at det skjer på kostnad av lovverk og vilkår for tryggleik kan vi ikkje godta, seier Rita Karin Nyland.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi er redde for at grunnen vil rase ut under oss, seier Anne Kirsti Noste.

Denne sommaren er det venta at 21 cruiseanløp og eit titusental turistar skal gi ei vitamininnsprøyting til reiselivet i Eid. Men naboane til seawalk-anlegget er bekymra, noko Fjordabladet har omtala ved fleire høve.

Naboane seier grunnen dei bur på lenge har vore ustabil, og fryktar cruisetrafikken vil gjere det verre.

Det er slik at det begynt å tære på nattesøvnen når ein ser korleis terrenget ser ut i dag.

Ernst Husevåg

Har klaga

Sidan 2016 har selskapet Seawalk Nordfjord arbeidd for å gjere Eid til ein cruisedestinasjon. Også Eid kommune har gått inn med midlar i prosjektet.

I haust kravde Kystverket at det måtte kome på plass bøyer som sikra betre sidevegs fortøying. Plasseringa krev dispensasjonar, som eit fleirtal i teknisk- og samfunnsutval har gitt. Kystverket har godkjent bøyene, og Fylkesmannen har opplyst til NRK at dei ikkje kjem til å klage på vedtaket. Alt ligg til rette for cruisetrafikk.

Men seawalk-naboane meiner det kommunale vedtaket må kjennast ugyldig, og har klaga det inn. Dei meiner fleire punkt skurrar.

– Når dei må utvide anlegget, er det på kant med vilkår som blei sette av Nordfjord Havn som var hamnemyndigheit då løyvet blei gitt i 2016, seier Rita Karin Nyland.

Naboane meiner dessutan ei vurdering Kystverket har gjort, bryt direkte med regelverk i Eid kommune.

– Kystverket er klar på at med vindforholda som er i vårt farvatn må skipa kunne køyre sidepropellar på maks styrke viss forholda tilseier det. Det kjem på kant med hamneforskrifta i Eid, meiner Nyland.

Ikkje bekymra

Kystverket understrekar at det normalt vil vere lite behov for å bruke sidepropellar utanom framkomst og avgang, men at dei av tryggingsomsyn kunne takast i bruk ved behov også under opphaldet.

Hamneforskrifta seier at det ikkje skal vere del av landligget at sidepropellane skal gå for å halde båten stabil, stadfestar plan- og utviklingssjef i Eid, Kristian Nave.

Nave viser vidare til at Nordfjord Havn er ikkje hamnemyndigheit i Eid no, og at det er gjort nytt gjeldande vedtak.

John Olav Lefdal i Seawalk Nordfjord er ikkje bekymra for at cruisetrafikken vil få utfordringar med regelverket.

Skulle det vere vanvitige vindkrefter, kan du halde båten med sidepropellar. Men på Eid har vi to bøyer for sidevind og to forankringbøyer, så der vil vi ikkje få det problemet.

John Olav Lefdal, Seawalk Nordfjord

Ikkje ideell grunn

Naboane etterlyser også grundigare undersøkingar av grunnen.

Der er gjort geologiske undersøkingar med boring ved festet til seawalken. I området der bøyene skal plasserast, er det gjort undersøkingar med multistråle-ekkolodd så dei har eit nøyaktig topografisk kart av botnen, seier Nave.

Han viser til at det også er lagt ut 1200 tonn pukk for å hindre massar i å flytte på seg ved propellstraum.

– Det er ikkje ideell byggegrunn der dei har sine eigedomar. Men det er avdekt at hovudgrunnen til setningane er at dei bygd på organiske massar. Det har sige i grunnen, men vi har ikkje kjennskap til at det er samanheng med det som er i fjorden.

Ny vurdering

Lefdal er klar på at propelldrift ikkje vil vere årsak til utrasing. Han seier dei har teke alle nødvendige omsyn.

– Vi har lagt opp til at alle skip skal fortøye med baugen inn og propellane ute i fjorden, kring 500 meter frå land.

– Der har vore hamn i alle år, men dei siste 30 åra har det ikkje vore særleg med båtar. Det er ikkje relevant at det skal vere utrasing grunna propelldrift. Men det er dårleg grunn på tomtene deira og der er bygd ein veg Sjøgata og då søkk det, seier Lefdal.

21. mai skal det første cruiseskipet etter planen kome til Eid. Klagen skal til vurdering i teknisk- og samfunnsutval i slutten av april.

Det skal vere trygt, både for oss sjølve og eigedommane våre, men også for dei tusenvis av turistane som kjem.

Rita Karin Nyland, cruisenabo