Hopp til innhold

Landstraum føresetnad for cruisekai i Eid

Medan cruisedebatten går varm i Norge, har Eid kommune planar om å få cruiseskip inn Eidsfjorden. – Landstraum til skipa ein føresetnad, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo i Eid

ARKIVFOTO: Ordførar Alfred Bjørlo (V) vil gjerne ha cruiseskip inn Eidsfjorden, men meiner landstraum er ein føresetnad.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Eid vil ha landstraum om det skal byggjast cruisekai i kommunen, og har no bede Nordfjord Havn om å setje i gang arbeidet.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner landstraum bør vere sjølvsagt ved alle nye investeringar, og set dette som krav ved ei eventuell cruisekai i kommunen.

– Nasjonale styresmakter seier dei vil satse på dette og at dei vil komme med midlar til dei som er først. Då får vi heller prøve å vere først og finansiere dette opp, enn å sitje på bakbeina og streke å seie at «dette har vi ikkje tru på», seier han.

– Er framtida

Forureininga som følgjer med cruisetrafikken har siste tida skapt både debatt og sterkt engasjement . Store cruiseskip som legg giftige slør av eksos over cruisebygdene gjer at mange vil stille strengare krav til næringa.

Men til no er det ingen norske hamner som fører straum frå land, slik at skipa ikkje lenger treng bruke eigne aggregat fyrt opp av dieselolje. Eit unnatak er Oslo der Color Line nyttar landstraum.

– Landstraum er framtida. Det er heilt umogleg å sjå føre seg at cruisetrafikken skal gå som i dag, med forureining langt inn i fjordane våre, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruisebåtar i Flåm

DEBATT: Cruisetrafikken, som denne i Flåm, er oppe til debatt på landsbasis.

Foto: Anders Fretheim

Stor skepsis

Men skepsisen er også stor. Landstraum er dyrt og lite utprøvd. I går kunne NRK fortelje at berre tre av 196 cruiseskip som vitja Stavanger i fjor var tilrettelagd for landstraum.

Samstundes seier ekspertar at landstraum er teknisk mogleg , at det finst ein internasjonal standard og viser til Sverige og California der landstraum skal vere på plass.

– Og det bør vere vår interesse i Sogn og Fjordane å gå føre på landstraum og seie at det legg vi til rette for, det byggjer vi ut og at det er ein føresetnad for å byggje ut vidare ei cruisesatsing i vårt fylke, legg Bjørlo til.

– Er og vil bli ei stor næring

I Eid ber dei no Nordfjord Havn om å bli med på eit forprosjekt der ein får sett på moglegheitene for å byggje cruisekai med landstraum. Tanken er å be om offentleg støtte til utgreiingar, og dermed få klarare svar.

– Då er landstraum ein føresetnad for prosjektet, seier Bjørlo.

– Kor fornuftig er det i det heile å leggje til rette for cruisetrafikk? Det er ikkje nødvendigvis miljøvennleg uansett med båtar som går på diesel og olje til havs, og som kanskje ikkje legg att så mykje verdiskaping lokalt som ein kunne tenkt seg?

– Det er delte meiningar om. Cruise er ei stor næring, og vil vere det i framtida. Men som alle andre næringar er det ei næring som blir stilt tøffare miljøkrav til i framtida. Eg trur at dersom ein ser 20–30 år fram i tid, så vil cruisenæringa vere større enn i dag, men reinare og med heilt andre utsleppskrav til båtane.

Vil byggje ut

Knut Esbjørnsen (t.v.) og John Olav Lefdal

YNSKJELEG: John Olav Lefdal ynskjer å forlenge kaia på det alt utbygde industriområdet på Løkjaneset i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det har vore snakk om ein cruisekai i sentrum, men no er det også tale om å forlenge kaia ved industriområdet på Løkjaneset – seks kilometer vest av sentrum.

Kaien er eigd av John Olav Lefdal i Lefdal Invest. Han er son til Aslak Lefdal som i mange år har drive som cruiseagent i Olden. No har sonen teke over selskapet Nordfjord Service terminal.

– Eg hadde helst sett at det kom ei cruisekai i sentrum på Eid, men då snakkar ein fort om 60-70-80 millionar kroner, seier han og meiner ein lett kan få cruisekai ved industriområdet til ein tredjedel av prisen.

Arbeidsplassar

– På Løkjaneset kan vi komme unna med 20–25 millionar kroner. Får vi til ei 200 meter lang kai på Løkjaneset, så er det ikkje berre cruisebåtar vi kan ha liggande der. Det kan vere andre store båtar som skal liggje i vinteropplag, som skal ha reparasjonsarbeid og så vidare. Så vi kan få mange nye arbeidsplassar ute på Løkjaneset om vi får til dette, legg Lefdal til.

Direktør i Nordfjord Havn Trond Garshol seier dei vil ta kontakt med statlege Transnova og sjekke om dei kan kome i posisjon for å få støtte til forprosjekt.

Han seier ein må få greie på om båtane kan ta i mot landstraum, og ikkje minst kva ei utbygging vil koste. Garshol meiner heile havneområdet frå Måløy til Olden kan ha nytte av eit slikt forprosjekt.