Hopp til innhold

– Morten har alltid gjort det beste for utøvarar og forbund

Johannes Thingnes Bø tykkjer det er trist at Morten Aa Djupvik trekkjer seg som skiskyttarsjef.

Johannes Thingnes Bø

VIL SAKNE: Johannes Thingnes Bø vil sakne Morten Aa Djupvik både som skiskyttarsjef og kompis på tur.

Foto: Pressefoto

– Han har betydd veldig mykje for meg personleg, men også for skiskyttarmiljøet. Morten har alltid gjort det beste for forbund og utøvarar, seier tillitsvald for herrelandslaget, Johannes Thingnes Bø.

– Eit stort tomrom

I dag vart det kjent at skiskyttarsjef Morten Aa Djupvik trekkjer seg frå stillinga i Norges Skiskytterforbund. Etter det NRK kjenner til skal årsaka vere for stor arbeidsbelastning over tid. Djupvik vart tilsett i 2014.

– Det er tøft å miste han før ein OL-sesong, seier NRKs skiskyttarekspert, Halvard Hanevold.

– Det blir eit stort tomrom. Eg tykkjer han har vore ein samlande figur, legg han til.

Kunne ikkje seie nei

I ei pressemelding seier Djupvik at han har fått eit jobbtilbod Kristiansand som blir hans nye heimstad. Han vedgår at det ikkje er noko godt tidspunkt å gi seg i ein OL-sesong.

Djupvik

GIR SEG: – Det er aldri ein god timing å forlate eit lag i ein OL-sesong, men eg har fått eit tilbod i min nye heimstad som eg ikkje kunne seie nei til, seier Morten Aa Djupvik.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

– Som firebarnsfar med to små tvillingar er det vanskeleg å vere på topp både på heime- og bortebane til ei kvar tid. Eg forlèt eit supert team som har alle føresetnader for å levere toppresultat denne sesongen, seier han.

Djupvik er kanskje mest kjend som trenar for det norske herrelandslaget i langrenn frå 2006 til 2011.

– Vi har erfarne trenarar og eit solid støtteapparat som har jobba godt med å planlegge OL-sesongen, så min avgang vil ikkje vere kritisk for gjennomføring av sesongen. Der er jobben alt gjort, legg han til.

Takkar Djupvik

Rakel Rauntun

I GANG: Generalsekretær Rakel Rauntun seier dei allereie er i gang med å finne erstattaren til Morten Aa Djupvik.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

Generalsekretær Rakel Rauntun takkar Djupvik for jobben han har gjort. Dei er allereie godt i gang med å finne den beste løysinga for OL-sesongen.

– Morten Djupvik har gjort ein strålande jobb for oss, og vi tykkjer at det er leit at han forlèt oss, seier ho.

Det tykkjer også tillitsvald Thingnes Bø. Stryningen skildrar Djupvik som ein ressurs, som har eit viktig bindeledd mellom idrettsutøvarane og forbundet.

– Alltid velkomen

– Eg har vore velkomen 24/7 uansett kva eg har lurt på. Så har han formidla vidare til forbundet slik at eg ikkje har trengt å bruke meir tid og krefter på det, seier han.

Djupvik skal halde fram som idrettssjef ei lita stund til før han byrjar i ny jobb.

– Vi vil sakne han på tur. Han har vore ein god kompis å ha med seg, men eg skjønar at andre ynskjer å knyte han til seg, seier Thingnes Bø.