Hopp til innhold

Invadert av «Trollpikk-trafikk»

Historia om «Trollpikken» som gjekk frå ukjent stein til verdskjendis på ein sommar er ikkje like positiv for alle. Naboane til turistmagneten fryktar for barna sine etter å ha fått all «Trollpikk-trafikk» utanfor dørene.

Folk frå Mjølhus har fått trafikken forbi husa sine mangedobla på nokre få månadar

FRYKTAR ULUKKE: Enkelte helgedagar kan det passera 100 bilar i timen på denne smale vegen fortel naboane, som fryktar at det skal skje ei ulukke om ikkje noko snart blir gjort.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Vegvesenet si trafikkregistrering

Statens vegvesen har fått opp denne boksen på Mjølhus. Den skal gi dei eksakte tal på kor stor trafikken er på fylkesveg 62, Sletteidveien.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Bilar kjem køyrande i 70 og 80 kilometer i timen på denne smale vegen. Dei parkerer i gatene slik at dei vil hindra til dømes brannbilar å nå inn til oss som bur her ved ein eventuell brann, seier Ann Helen Mjølhus frå Mjølhus i Eigersund.

Både ho og naboane har fått kvardagen snudd på hovudet etter at steinen som dei alltid har kalla Tindapigen, eller tommelen, eller nasen, nå har blitt kjent over heile landet som «Trollpikken». I løpet av ein sommar har steinen gått frå omtrent null besøkande til godt over ti tusen.

Dei fleste som skal opp til «Trollpikken» må passera like utanfor døra deira, og mange køyrer ifølgje naboane svin. Dei fryktar for barna sine og har sendt uromeldingar til Vegvesenet.

Turistane kunne kanskje lagt att litt pengar i byen, slik det er nå legg dei berre att hundeposar med drit.

Odd Ståle Sørdal
Fylkesveg 62

SMAL VEG: Slik ser det ut når to store køyretøy passerer kvarandre på ein av møteplassane på fylkesveg 62. Det er ingen fortau for dei som triller barnevogn eller er ute og syklar, sjølv om både bussar og bubilar denne sommaren har blitt meir og meir vanleg.

Foto: Privat

– Vegen er ikkje skikka

– Dette er ein einfeltsveg med møteplassar, som ikkje er heilt skikka til å ha store trafikkmengder, seier Trond Åge Langeland, som er senioringeniør i Statens vegvesen.

Ann Helen Mjølhus frå Mjølhus i Eigersund

Ann Helen Mjølhus frå Mjølhus har tre barn og hund. Somme dagar reiser ho vekk frå bygda si for å gå trilletur med barnevogna. Å gå utanfor det landlege huset føler ho blir uforsvarleg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei har nå fått på plass ein trafikkteljar på Mjølhus for å få eit eksakt tal på kor mykje trafikk det er på vegen. Nå om hausten er det rundt helgene det er mest trafikk.

Etter eit møte med kommunen tysdag har Vegvesenet bestemt at dei vil føreslå fartshumpar ved husa. Dette er ei sak som må på høying hos kommunen og politiet før arbeidet kan ta til.

– Legg berre att drit

– Eg håper dei set ned farten, at dei gjer noko med sikta og at dei gjer møteplassane betre, seier Ann Helen Mjølhus. Dette er strakstiltaka ho meiner må på plass.

Naboen Odd Ståle Sørdal meiner kommunen kunne tent på å heller la turistane gå frå sentrumsparkeringsplassen som i dag er etablert for Vannbassengane i Egersund.

– Slik det er i dag er ikkje turistane innom Egersund sentrum. Dersom ein hadde sagt at dette skulle vera Trollpikk-parkeringa så hadde dei kanskje lagt att litt pengar i byen, slik det er nå legg dei berre att hundeposar med drit, seier Sørdal.

Ordførar Odd Stangeland i Eigersund seier dei i oktober skal halda eit ope møte der alle som vil kan koma med forslag til korleis Trollpikksatsinga til kommunen skal sjå ut framover.

– Denne attraksjonen var noko som kom litt brått på. Men det skal vera trygt å bu på Mjølhus, og me ønsker at grunneigarar og naboar skal sitja i førarsete for den vidare utviklinga av attraksjonen, seier han.

Parkeringsskilt til Trollpikken

Kommunen handla raskt og fekk på plass denne parkeringsplassen då dei i sommar forstod at Trollpikken blei ein turistmagnet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Oppdatering 20. september klokka 15.30: I den første versjonen av denne saka sto det at Vegvesenet meinte det var aktuelt å setja ned fartsgrensa. Det er ikkje riktig, og difor tatt vekk.