Ronny Haugsnes - i den bratte bakken
Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Den største vinnaren

Alt hadde handla om den neste turen til butikken for å kjøpe godteri, Cola og chips. Heilt til baderomsvekta ikkje lenger klarte å vise kva han vog.

Ein sommardag i 2011 låg Ronny heime på sofaen og syntest synd på seg sjølv. I tankane såg han jentene og kona som grilla og kosa seg i sola.

Der skulle han og vore, men han var for tung for sykkelturen.

Kor ille hadde det blitt?

Han gjekk inn på badet og fann fram badevekta.

«Error!» Vekta gjekk ikkje høgare enn 150 kilo.

35-åringen var i realiteten 180 kilo tung.

Han tok opp telefonen og slo nummeret til Harald Andreassen. Dei to kjente ikkje kvarandre personleg.

Men han spurte likevel:

«Du skal få 100.000 kroner viss du kan hjelpe meg. Vil du det?»

Kiloa festar seg

Ronny Haugsnes hadde ein gong vore i god form. Så hadde det berre gått nedover. Eller oppover om du vil.

Heilt til det blei bekmørkt.

Då han vaks opp nord i Haugesund, bestod livet av fotball.

Å springe til løkka for å møte venner. Heimom då dei blei ropte inn til middag eller for å få ei brødskive i neven.

Han var glad i mat og aktivitet.

– Eg hugsar godt eit familieselskap vi hadde heime. Det var sommar og heile familien var samla. Eg var vel 13–14 år gammal. Eg elska kaker og fekk høyre at «den dagen du sluttar med fotball, kjem du til å legge på deg ganske mykje.»

«Det skjer ikkje med meg», tenkte han. Han skulle jo bli fotballproff.

Men skadane kom etter kvart hyppigare og hyppigare. På slutten gjekk han oftare og oftare på krykker.

Ronny Haugsnes - russebilde

I 1996 var Ronny Haugsnes blåruss og russepresident.

Foto: Privat

Så kom sommaren då han bytta ut fotball med dataspelet Football Manager, chips, snop og cola.

Han og kameraten sat mesteparten av døgnet på guterommet og leia Manchester United og Liverpool gjennom sesong etter sesong.

Medan kiloa festa seg.

– På to og ein halv månad gjekk eg opp 18 kilo.

Då han reiste i førstegongstenesta vog han 100. Etter ein månad blei han dimittert på grunn av ryggsmerter.

Han vog 104 kilo. Så 130.

Han gjekk på jobb i skjerehallen på det lokale slakteriet. Kom heim, åt.

– Alt eg tenkte på, var kva snop eg skulle kjøpe.

Han som hadde vore russepresident, elska fotballen, som jentene hadde kasta eit ekstra blikk på då han gjekk forbi, byrja å gøyme seg.

Han takka nei til sosiale lag. Ville ikkje at folk skulle sjå korleis han såg ut. Kor gale det hadde blitt.

Ein sommardag køyrte han til kjøpesenteret for å kjøpe seg ein shorts. Han skulle til å forlate bilen då han såg ein kamerat frå oppveksten. Dei hadde ikkje sett kvarandre på mange år.

Ronny blei sitjande i bilen.

Han orka ikkje dei sårande kommentarane som: «Det var mange år og jækla mange kilo sidan!»

– Når folk sa det, gjekk eg i kjellaren. Eg visste det jo sjølv, men det var ikkje kjekt å høyre det.

På denne tida såg Ronny korleis vennene gifta seg og bygde hus. Gjorde alt det han drøymde om.

Men han hadde broren sin Geir.

Han leigde andreetasjen i huset til Ronny. Dei budde i lag og jobba i lag. Var der alltid for kvarandre. Etter jobb var det dei to ved middagsbordet og i sofaen med ein TV-serie og snopeskåla.

Men når dagar blei til kveldar, og dei gjekk kvar til sitt for å sove, kom tankane og einsemda.

Ronny skamma seg, gøymde seg og gledde seg mindre og mindre over livet.

Når han las nyheitsartiklar om folk som hadde fått kreft, gjekk det kraftig inn på han. Empatien gav mørke tankar, særleg då dei handla om kreftsjuke ungar.

Han kunne heller ta plassen deira, tenkte han.

Dei ville jo så gjerne leve.

Turen som kunne bli den siste

Han var 28 år gammal då han og ein kamerat reiste på cruise i Karibia.

I april 2004 sette dei seg på flyet til Miami. Det var kjekt å reise på tur med ein ven. Kanskje hadde det vore ekstra stas om det var ein kjærast, tenkte Ronny.

Dei gjekk om bord om bord på skipet i lag med amerikanske ungdommar med vårferie, installerte seg i lugaren i 13. etasje og segla til Bahamas, Jamaica, Mexico og Cayman Islands.

Han tenkte at det var ein fantastisk feire. Men han tenkte også at han skulle hoppe frå balkongen den siste natta.

– Eg hugsar den kvelden då kameraten min hadde sovna, at eg gjekk bort til rekkverket og kikka ned i sjøen. Eg såg ikkje så mykje. Berre at det var svart med skum på toppane.

Og så kjente han den varme trekken. Han heldt seg fast i rekkverket og tenkte at det berre var å hoppe. Så ville alt vere over.

Han snudde seg og såg på venen sin som sov. Og tilbake på den mørke sjøen.

I ein halv time stod han slik i varmen. Veksla blikket mellom bølgene og venen.

– Eg ville ikkje leve, men eg var redd for å døy.

Så lukka Ronny døra forsiktig igjen, gjekk tilbake til senga og la seg til å sove.

Eit år seinare kom Martha inn i livet hans.

Ei kraftig åtvaring

– Einsemda forsvann med henne.

Men matsuget var der framleis.

– Eg måtte ha det sukkeret, men det var ikkje sånn at eg kjøpte ein liten pose snop. Det var gjerne to liter is, to chipsposar, to sjokoladeplater og ein svær pose med smågodt. Det kunne gå 5–600 kroner i snop på ein laurdag.

Eller ein onsdag.

Ronny Haugsnes - gammelt bilde

Ronny i 2007.

Foto: Privat

Dei fekk to døtrer. Og han lovde seg sjølv at kosthaldet hans ikkje skulle påverke jentene.

Snopet kom fram då dei hadde lagt seg.

Men det var uansett ikkje berekraftig for eit langt liv.

I 2011 fekk 35 år gamle Ronny plutseleg sterke brystsmerter og feber. På legevakta såg dei opp på den store mannen og tenkte at dette måtte vere eit hjarteinfarkt.

Ambulansen blei tilkalla. På akuttmottaket kom legane springande.

– Skal eg døy nå? spurte Ronny.

Men det var berre ei kraftig åtvaring.

Då ein lege sa at han var på veg mot diabetes endra Ronny vanane sine. Men ikkje nok.

Han vog 172 kilo.

Så blei han tyngre.

Ronny Haugsnes

Også frå 2007, i dress på 17. mai.

Foto: Privat

– Eg blei skremt, men eg klarte ikkje å legge om slik eg burde. Eg var flink dei første dagane, men så kom ferien.

Litt måtte vel vere greitt. Litt chips, litt is.

Og så kom den aller finaste sommardagen på lenge. Då familien på fire skulle til den lokale badeplassen og grille og kose seg i sola.

Han hadde kjøpt syklar og sykkelvogn. Eingongsgrill, pølser og søte saker. Dei to jentene på fire og fem år var solbrune i kvar sin bikini og gledde seg til ein dag på stranda med mamma og pappa.

Det gjekk fint i hundre meter. Så byrja den svake stigninga. Pusten blei tyngre. Snart kom dei bratte bakkane.

Døtrene myste mot sola på den blå himmelen, medan Ronny, som kjente hjarta hamra hardare og hardare, såg både sol og stjerner.

«Held eg fram nå, så døyr eg», tenkte han.

– Martha, eg ser stjerner nå, sa Ronny.

Han sette ein fot ned i bakken. Måtte få att pusten.

Jentene i sykkelvogna såg forventningsfulle opp på far sin:

– Skal du ikkje vere med lenger pappa?

Kva skulle han svare?

– Ryggen til pappa har låst seg. Han må køyre til ryggdoktoren, skaut mora inn.

Vegen heim gjekk slakt nedover. Han parkerte sykkelen i tunet og gjekk inn. La seg på sofaen og gret.

– Eg syntest så synd på meg sjølv, men samtidig kjente eg på sinne. At eg hadde latt det gå så langt.

Så var det dei 100.000 kronene han hadde fått i sluttpakke då arbeidsplassen la ned avdelinga der han jobba.

Kanskje dei pengane kunne brukas på den livsstilsendringa han trengte.

Visste han om nokon som kunne hjelpe? Kanskje han som dreiv treningsstudio. Han var jo gammal fotballspelar og såg ganske hard og barsk ut.

Ronny ringte Harald Andreassen. Sa at han trong å komme tilbake i livet. Vere ein aktiv pappa og ektemann.

Og så ønska han å bli halvparten så stor.

– Han trudde sikkert eg tulla, men bad meg komme bort for ein prat.

Dagen etter var første møte. Ronny overførte 100.000 kroner.

Så fekk han 10.000 tilbake.

«Gå og kjøp deg nokre treningsklede. Det kjem du til å trenge,» sa Harald.

Så var dei i gong.

Harald lærte raskt kva for knappar han måtte trykke på.

Ronny elska å vinne like mykje som han hata å tape.

Heime måtte han henge bilete av ungane på kjøleskapet.

«Sjå føre deg at kvar gong du et sjokolade eller junkfood, så et du deg lenger og lenger vekk frå ungane dine. Du har fått dei til verda og det er ditt ansvar å følge dei opp,» kunne Harald seie.

Akkurat det Ronny trengte å høyre.

Same veka som første møtet med Harald, gjekk han til legen for å snakke om ein eventuell slankeoperasjon.

– Eg visste at eg vog 180 kilo og tenkte det var avgrensa kva eg kunne klare å gjere sjølv.

Men slankeoperasjonen hadde lang venteliste. Harald gjorde det til ein konkurranse. Nå var det Ronny mot slankeoperasjonen.

Han måtte jo uansett endre kosthald, påpeikte trenaren.

I starten møtte han til trening tre gonger i veka og gjekk på vekta kvar veke.

Etter seks månader hadde han gått ned 48 kilo.

Så ringte sjukehuset. Han kunne komme neste dag for å operere. Ein planlagt pasient var forhindra.

Harald stod ved sida av då telefonen kom og høyrte Ronny svare «nei takk».

– Ho trudde eg tulla, men var glad på mine vegner.

Harald Andreassen og Ronny Haugsnes

Harald Andreassen visste kva for knappar han skulle trykke på. Ronny meiner at han redda livet hans.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Trenaren heldt fram med å pushe Ronny. Snart kunne småbarnsfaren sykle tur med ungane utan å sjå stjerner.

På kveldane såg han det amerikanske TV-programmet Biggest loser. Det motiverte å sjå korleis deltakarane gjekk ned i vekt.

Kanskje han kunne starte ei gruppe i Haugesund?

Harald likte idéen, men då måtte Ronny ta ansvar.

Og så måtte det heite noko anna. Noko oppmuntrande.

Dei 100.000 kronene var brukt opp, men Ronny fekk jobb på treningssenteret til Harald.

I januar 2018 tok han i mot dei første lokale deltakarane i Biggest Winner.

To lag skulle kjempe mot kvarandre i å gå ned flest kilo.

Men Ronny kjempa framleis mot sine eigne kilo.

Det magiske talet hadde heile vegen vore 90.

Å bli halvparten av det han var den fine sommardagen då han måtte snu og sykle heim.

Men dei siste kiloa var stridige.

Så mista han sin aller beste ven.

Etter 90 minuttar er han borte

Han hadde akkurat sett seg i sofaen for å sjå Manchester United mot Everton då telefonen ringte på kvelden den 6. februar 2021.

«Han har fått eit anfall,» sa stemma i den andre enden.

Geir låg bevisstlaus på stovegolvet til eit vennepar.

Han hadde vore på middagsbesøk.

Ronny sette seg i bilen. Han var berre nokre få hundre meter unna.

Ambulansefolka arbeida då han kom opp i stova. Utanfor landa helikopteret.

«Dette kjem ikkje til å gå bra,» tenkte Ronny og såg korleis den store kroppen letta etter kvart støyt frå hjertestartaren.

I ein og ein halv time jobba dei med å gjenopplive broren.

Etter 90 minuttar var det ikkje meir å gjere, sa dei.

Han blei berre 40 år gammal.

Då ambulansen drog, la Ronny seg ned på golvet ved sida av og venta på gravferdsbyrået.

Dette skal ikkje jentene mine oppleve, tenkte Ronny.

Å ligge på golvet attmed far sin på den måten, fordi han hadde spist seg dit.

Ronny blei endå meir innbiten i kampen mot kiloa.

Nå var det 20 att.

Minus 90,1 kilo

I desember 2022 hadde han gått ned 85 kilo. Han jobba som spinninginstruktør og arrangerte Biggest Winner.

Og ville så gjerne nå målet om 90.

Men han trong meir press og la målet sitt ut på Facebook. Dei som ville kunne vipse 90 kroner då han hadde klart å gå ned dei siste fem kiloa.

Pengane skulle gå til ungane på kreftavdelinga på Haugesund sjukehus.

– Kvar gong eg fekk lyst på sjokolade, tenkte eg på dei stakkars ungane som venta på pengane.

Ronny Haugsnes på spinningsykkelen

Ronny er instruktør på ein spinningtime.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I mars 2023 sette han inn støyten for alvor. Trente i timevis kvar dag. Han skulle klare å bli halvparten så stor.

Nå hadde han gått ned 89,7 kilo.

300 gram så var han der.

Opp på sykkelen og spinne vidare. Inn på kontoret til Harald og stille seg på vekta.

Medan han såg stjerner.

Minus 90,1 kilo.

Det gav ei enorm meistringskjensle. Eg var lettare enn då eg var 20.

Han fortalde Facebook-vennene at han hadde klart det, og dei byrja å vipse.

Snart hadde han samla inn 42.000 kroner.

Han kunne ikkje ta kreftsjukdommen frå dei, men han kunne gi ungane eit avbrekk frå kvardagen på sjukehuset.

Pengane gjorde at dei fekk ein dag i fornøyelsesparken Kongeparken i lag med familiane sine.

Ein pause frå sjukdommen.

Ronny Haugsnes og venner på Rosa sløyfe-løpet i Haugesund

Ronny og 50 deltakarar frå Biggest Winner var med på Rosa Sløyfe-løpet i Haugesund hausten 2022.

Foto: Privat

Laurdag må vere laurdag resten av livet

Det byrjar å vårast for alvor i Haugesund i april 2024. Ronny er tilbake i bakken der han såg stjerner.

Den er ikkje like bratt som på den fine sommardagen i 2011.

Det er nesten uverkeleg at det var meg. At eg har vore sånn. Det er som eit anna liv.

Ronny hugsar kva for ein lyktestolpe han snudde ved.

Han går ofte tur her.

At eg måtte stoppe med sykkel, det forstår eg ikkje.

Ronny Haugsnes

Ronny Haugsnes i bakken kor han måtte stoppe med sykkel.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Men alt dette har hatt sin pris.

Martha er ikkje kona hans lenger.

Og han hadde aldri klart det utan Harald.

Trenaren som blei ein nær ven, som tidleg forstod kva som motiverte Ronny.

Og som sa:

«Viss du ikkje kan ta vare på deg sjølv, har du heller ikkje sjanse til å ta vare på ungane dine.

Han er oppteken av å fortelje det som det er. At det er hardt arbeid og at kiloa kan komme og gå. At det ikkje finst ein «quick fix» eller ein perfekt kropp.

Men ein sunn kropp.

Livsstilsendringa held fram. Og laurdag må vere laurdag resten av livet.

Du kan ikkje byrje med laurdag på onsdag og halde det gåande til søndag kveld. Men eg er oppteken av at ingenting skal vere fy eller ulovleg. Alt med måte.

Han går framleis opp og ned i vekt. Men nå veit han kva som må til. Det er greitt å ta seg eit kakestykke i bursdagsselskap. Ein treng ikkje ete heile kaka.

Og så elskar han å trene.

Du kan fint ha nokre kilo for mykje, så lenge du er i god form.

Ronny Haugsnes

Målet om å bli halvparten av den han var, nådde han tidleg i 2023.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I starten var motivasjonen døtrene. At han ikkje kunne vere aktiv i lag med dei. At han ikkje kunne leike i hagen eller sykle tur til badeplassen på fine sommardagar.

Nå er det god helse resten av livet som er målet. Og gleda over at Inga kom inn i livet hans.

Det er fint å legge planar langt fram med henne og vite at helsa ikkje skal stå i vegen for dei.

I dag er jentene hans tenåringar. Ronny smiler når han fortel at dei er stolte av far sin.

Blei det ein ny sykkeltur til badeplassen?

Det blei mange.

Heile historia til Ronny kan du høyre i podkasten Øyeblikket: