Hopp til innhold

Ventar 770.000 turistar til Lysefjorden

Reiselivsnæringa i Lysefjorden ventar nok ein turistrekord denne sesongen. I Songesand blir den gamle skulen omgjort til overnattingsstad og camping.

Basehoppere på Kjerag

Det er spesielt turismen til Kjerag som er venta å auka blant fleire store turistmål i Lysefjorden denne sesongen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Frå gammalt av sat det to elevar på desse pultane, seier Svend Kjetil Fredheim, og viser ein gammal trepult med plass til blekkhus i det eine hjørnet.

Med både trepult, kart og plansjar av planter og dyr på veggane, er det liten tvil om kva bygget ein gong var. Fredheim var sjølv elev her på starten av 80-talet, og dei var ikkje meir enn sju elevar på det meste.

Men det er lenge sidan det var undervisning på Songesand skule i Lysefjorden. Sidan den blei nedlagt i 1989, har den stått til forfall.

Overnatting og camping

Men når gir Fredheim og kona Ellen, som frå før driv Lysefjorden aktivitet- og endringssenter, nytt liv til dei gamle skulelokala som ligg 2,5 kilometer frå Songesand kai. Overnatting og camping for fotturistar er det dei satsar på etter å ha kjøpt bygget av kommunen.

– Kvar dag, gjennom heile sommaren, er det folk som går langs fjorden her. Moglegheitene er veldig store og eg trur turismen berre vil auka.

Svend Kjetil Fredheim og Ellen Fredheim

Svend Kjetil Fredheim og kona Ellen satsar på turisme i Songesand.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ventar vekst

Og det kan han fort få rett i. For i fjor besøkte 700.000 Lysefjord-området med Preikestolen som det største trekkplasteret. Berre denne sesongen trur reiselivsnæringa det kan bli 10 prosent fleire.

Åshild Hus

Åshild Hus er prosjektleiar i Lysefjorden utvikling.

– Me ventar nok ein større vekst i heile området. Det er spesielt Kjerag me ser veks i talet på gjester, i tillegg til Flørli med sine 4.444 trappetrinn, fortel prosjektleiar i Lysefjorden utvikling, Åshild Hus.

Ho fortel av at mange av turistane som kjem til Lysefjorden for å gå til Preikestolen og Kjerag, er på korte besøk. Men den siste tida har dei sett ein vekst i turistar som blir lenger i området for å gå til fjells eller gjera andre aktivitetar.

– Derfor har me jobba konkret med å få fleire som tilbyr både overnatting, mat og aktivitet. Her har me også sett ein vekst, seier Hus, og viser til både Songesand og Flørli.

– Er Lysefjorden nå på veg til å bli ein heilårs turistdestinasjon?

– Det jobbar me for. Målet vårt er ei berekraftig næring som kan gi stabile arbeidsplassar gjennom heile året. I år har me for første gong prøvd eit ope vintertilbod til Preikestolen. Turistsesongen strekkjer seg for kvart år.

Svend Kjetil Fredheim

Svend Kjetil Fredheim på ein av dei gamle skulepultane til Songesand skule.

Trur på smitteeffekt

I Songesand er ekteparet Fredheim opptatt av å ta vare på historia til bygget som kan bli ein viktig stoppestad for slitne fjellfolk frå heile verda – på jakt etter ein varm dusj og ei seng.

– Det har vore ein draum å overta skulen i mange år. Det har gjort vondt i sjela å berre gå forbi og sjå det gro igjen og forfalla, fortel Svend Kjetil Fredheim

Og Fredheim trur turistsatsinga som opnar 1. juni i Songesand, kan gi ein smitteeffekt i den vesle bygda.

– Eg trur nok ein del andre som har eigedommar her inne kjem til å vurdera å satsa på turistar dersom dette går bra.

Songesand skule

Songesand skule er blitt til Songesand camp.

Foto: Magnus Stokka / NRK