Hopp til innhold

– Ryfylke har ikkje lukkast med Preikestolen

Reiselivsprofessor Reidar Mykletun kritiserer manglande satsing på den aukande preikestolturismen i Ryfylke. Han trur på eit løft med Nye Sandnes som ny vertskapskommune.

Preikestolen ved Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland.

Professor Reidar Mykletun meiner preikestolsatsinga i Ryfylke ikkje har vore nokon suksess.

Foto: Paul Kleiven, Paul Kleiven / NTB scanpix

– Dei har ikkje lukkast og det har ikkje vore nok initiativ til å få til overnatting i forhold til turisttrafikken. Slik sett har Strand kommune og jørpelandsområdet rundt forsømt seg. Det same kan ein seia om Forsand, meiner reiselivsprofessor Reidar Mykletun ved Universitetet i Stavanger.

I fjor besøkte 285.000 personar frå heila verda Preikestolen. Og om 10 år ventar Stiftelsen Preikestolen at besøkstala doblar seg. Det bør med andre ord vera liten tvil om potensialet.

– Ikkje nok initiativ

Reidar Mykletun

Reiselivsprofessor Reidar Mykletun ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Professor Mykletun seier det ligg mest pengar i overnatting og at den kapasiteten er for liten på Strandalandet med så store besøkstal. Og at det for mange turistar er meir attraktivt å bu nær naturen enn i byen.

– Det har ikkje blitt tatt nok initiativ, det har ikkje vore reist nok kapital og ein har ikkje vist nok risikovilje. Ein har kanskje ikkje hatt heilt tru på at det skulle veksa så mykje, og at det skulle bli ein så stor straum av turisttrafikk over så lang tid.

Professoren understrekar likevel at Stiftelsen Preikestolen og turistforeininga gjer ein god jobb med rammene dei har. Og han får i stor grad støtte frå turistrådet for Vestlandet.

Kristian Jørgensen

Administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.

Foto: PRIVAT

– I Utgangspunktet meiner eg me har veldig mykje å gå på når det gjeld Preikestolen. I litt for stor grad legg turistane for lite pengar igjen i det å oppleva Preikestolen. Det er for få kassaapparat dei kan bruka pengane på, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

– På rett veg

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) innrømmer at potensialet i preikestolturismen ikkje har vore godt nok utnytta i Ryfylke.

– Me har vore flinke til å ta oss av turistane, men me har nok ikkje nytta potensialet historisk sett til å finna næringsutvikling rundt dette.

Irene Heng Lauvsnes

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H).

Foto: Magnus Stokka

Ho meiner likevel dei er på rett veg.

– Nå viser det seg at me har hatt størst vekst i talet på overnattingar i 2016.

Reiselivsdirektør i region Stavanger, Elisabeth Saupstad, påpeikar at veksten i preikestolturismen er meir eit regionansvar enn eit kommuneansvar.

– Eg meiner me er på god veg. Det blir laga gode planar, men eg er opptatt av at me set saman, og ikkje planlegg kommune for kommune. Me er nøydde til å laga ein overordna plan for dette.

Trur på løft med Nye Sandnes

Men med Nye Sandnes i spissen for preikestolturismen, trur professor Reidar Mykletun at potensialet blir betre utnytta enn til nå.

– Det er godt mogleg at det blir ein ny giv når Sandnes og Forsand slår seg saman. Kanskje får dei til ferjetrafikken over Høgsfjorden, etablert ei ny rute og etablert overnattingsstadar og attraksjonar langs ruta.

Professoren meiner også Sandnes har «ei utruleg evne til å svelgja unna ting» og viser til at dei har ledig hotellkapasitet.