Hopp til innhold

Sp har eit forslag som kan fjerna bompengar

Senterpartiet vil fjerna bomringane og innføra ei ordning der du som bilist betaler for kor mykje og når du køyrer. Dette kan faktisk styrka personvernet, meiner Datatilsynet.

Geir Pollestad

Geir Pollestad og Senterpartiet vil finna ut om det er lurt å erstatta dagens bomringar med avansert vegprising, kor du betaler for kor mykje og når du køyrer på døgnet.

Foto: Erik Waage / NRK

– Når Nord-Jæren blir teppebomba med nye bomstasjonar, må me tenka nytt, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).

Frå hausten 2018 og 15 år framover skal det krevjast inn 25 milliardar kroner i bompengar på Nord-Jæren. Så mykje som 30.000 kroner i ekstra utgifter per bil kan enkelte bilistar venta seg når den gamle bomringen skal erstattast med fem på Nord-Jæren (sjå kart lenger nede i artikkelen).

38 nye bomstasjonar skal opp, og prisen i rushtidstida blir 44 kroner utan rabatt.

– Urettferdig

Når Pollestad nå vil tenka nytt, er det dette punktet i Senterpartiet sitt partiprogram han tenker på: «Utrede såkalt avansert veiprising i områder hvor det finnes gode alternativ til privatbil.»

Ordninga går ut på at bommane blir fjerna og at du som bilist i staden betaler for kor langt og når du køyrer på døgnet. Ein GPS-sendar i bilen registrerer kor du køyrer.

– Nå får me mange bommar, og det blir litt urettferdig kven som bur på den eine og andre sida av bommane. Me vil ha eit meir rettferdig system kor det blir billegare for folk, seier Pollestad.

Bompengekart Nord-Jæren

Slik blir dei nye bomringane på Nord-Jæren.

Foto: Statens vegvesen/Rogaland fylkeskommune

Støtte frå NAF

Thor Jåsund

Thor Jåsund i NAF.

Foto: Magnus Stokka

I eit debattinnlegg i Dagens Næringsliv denne veka føreslår direktørane i Transportøkonomisk Institutt (TØI) og SINTEF «at en utreder spørsmålet om et system for allmenn, satellittbasert veiprising». Altså eit liknande system Sp føreslår.

Også NAF støttar ordninga og meiner faste bomstasjonar er urettferdig.

Senterpartiet vil ha avansert vegprising der ein bruker satelittar i staden for bomstasjonar

– Ei intelligent vegprising vil gjera det meir rettferdig for alle som brukar vegen, seier medlem av trafikkpolitisk komite i NAF, Thor Jåsund.

– Personvernet kan styrkast

Atle Årnes

Atle Årnes, fagsjef i Datatilsynet.

Foto: Datatilsynet

Det store spørsmålet er kva eit system som kontinuerleg registrerer deg som bilist gjer med personvernet. For sjølv med dagens bomsystem legg norske bilistar frå seg mykje elektroniske spor, ifølge Datatilsynet.

Men dersom ting blir gjort rett med den nye ordninga, kan personvernet styrkast, ifølge tilsynet.

– Her er det snakk om å behalda informasjonen hos den enkelte bilist inni bilen og ikkje køyre alle detaljerte opplysingar til ein sentral. Dersom ein får til dette, er det positivt for personvernet, seier fagdirektør Atle Årnes i Datatilsynet, som legg til at det er viktig at folk kan ferdast sporfritt og anonymt.

Opptatt av personvernet

Også Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) meiner GPS-overvaking av bilistane er meir rettferdig enn bomstasjonar, men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har tidlegare i år sagt at regjeringa er skeptisk til dynamisk vegprising, mellom anna med tanke på overvakinga.

Også Pollestad er opptatt av personvernet i den nye ordninga.

– Eg meiner det er mogleg å få eit sporingsfritt system der ein ikkje lagrar så lenge kor ein har køyrt. Personvernet blir ei av dei store utfordringane. Derfor seier me at me vil greia ut dette, før noko blir innført.

Senterpartiet vil ha avansert vegprising der ein bruker satelittar i staden for bomstasjonar