Hopp til innhold

Restauranteigar: – Blir skikkeleg provosert når russen får «rulla»

Torsdag får Karl Erik Pallesen vita om han får lov å skjenka alkohol på restauranten sin igjen. Han fryktar at russefeiringa har sett kjeppar i hjulet.

Karl Erik Pallesen

PROVOSERT: Karl Erik Pallesen er kjent som kokk og eigar av restauranten Fisketorget i Stavanger. Han er provosert over at russefeiringa kan ha øydelagt for gjenopninga av ein heil region.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Tysdag forventa næringslivet i Stavanger-området at det skulle bli lette på dei strenge koronarestriksjonane som blei innført for snart tre veker sidan.

Men ordførarane i regionen har bestemt at dei fortset med dei strenge tiltaka til torsdag, da dei tek ei ny avgjerd. Dei meiner situasjonen nå er for uoversiktleg.

Kommuneoverlegen i Sandnes har bedt alle russ i Sør-Rogaland om å teste seg etter at seks russ har fått påvist korona.

– Alle ønsker seg ein lette i tiltaka på Nord-Jæren så snart som mogleg. Dersom vi ser at utviklinga går i riktig retning dei neste to dagane, har vi mål om å gå over på nasjonale tiltak frå og med fredag 7. mai, seier ordførarane Jarle Bø, Tom Henning Slethei, Stanley Wirak og Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

Marianne Chesak, Stanley Wirak, Kari Nessa Nordtun, Tom Henning Sletthei og Jarle Bø

Ordførarane Stanley Wirak i Sandnes, Kari Nessa Nordtun i Stavanger, Tom Henning Slethei i Sola og Jarle Bø i Randaberg samla til pressekonferanse 12. mars i fjor. Heilt til venstre i biletet er fylkesordførar Marianne Chesak.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tysdag har kommunane på Nord-Jæren også bestemt at dei vidaregåande skulane skal over på raudt nivå, som eit strakstiltak mot den nye smitta.

I alt ti russ er smitta av korona så langt.

Meiner feiringa høyrer heime på Teams

Nå fryktar fleire i næringslivet at festglade russ kan ha øydelagt for gjenopninga.

– Restaurantar kan ikkje skjenke og det er nesten slik at gjestar må leggja inn ein søknad om å gå på do. Vi desinfiserer og står på. Samstundes har skular haldt stengt og idretten har restriksjonar. Då blir eg skikkeleg provosert når russen får rulla, seier kokk og restauranteigar Karl Erik Pallesen.

Han er ein del av ein bransje som har opplevd fleire periodar med skjenkestopp og få gjestar. Pallesen meiner russen burde fått beskjed om at det ikkje blir russefeiring i år.

– Dei burde heller vore på Teams eller liknande, slik som resten av landet, seier han.

Pallesen forventar at kommunane på Nord-Jæren opnar for skjenking.

– Eg følar at eg har mange frå bransjen min, idretten, event-bransjen og andre bak meg når eg seier dette, legg han til.

– Tøft smitteregime

Også administrerande direktør Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen seier næringslivet er veldig opptatt av at dei skal få opna igjen.

– Det har vore eit tøft smitteregime. Nå låg alt til rette for at me kunne opna igjen. Alle har gjort sitt, og så kjem dette. Det er vanvitig urovekkande, seier han.

Harald Minge

Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Han seier han forstår at russen vil treffe kvarandre og ha det kjekt i lag, men at dei må innretta seg etter det regimet som gjeld no.

– Me kan ikkje ha ein situasjon med frislepp av russ. Det går ikkje. Det må ein gjera noko med, seier han.

Minge håpar russen skjerper seg og tar seg saman.

– Eg håper konklusjonen blir at me delvis kan opna opp att. At me kan gå inn på dei nasjonale tiltaka, seier han.

Ros til russen

Pallesen meiner det er «forferdeleg irriterande» at Nord-Jæren fortset med strenge tiltak.

– Du kan jo tenka deg kor mange dette går ut over. Eg håpar for guds skyld at kommunen kan opne opp på fredag, seier han.

Han rosar russen, som set russefeiringa på vent til 13. mai. Da er dei ute av karantenen.

– Eg vil gi honnør til 18- og 19-åringane som gjer dette, seier Pallesen.