Hopp til innhold

Lastebileigarar kan komma til å betale 150.000 kroner i bompengar kvart år

Norges Lastebileigarforund fryktar den nye bomringen på Nord-Jæren vil ta knekken på lokale transportbedrifter.

Lastebilsjåfør Ole Skadsem

Ole Skadsem er dagleg leiar i Svipp transport. Han reagerer sterkt på den nye bompengeringen på Nord-Jæren.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Norges Lastebileierforbund i Rogaland reagerer sterkt på at ordninga med eit maksimaltak for kor mykje lastebilar må betala, er fjerna i den nye bomringen – og tre gonger høgare avgifter for tungtransport enn personbilar.

Transportselskapet Svipp leverer alt frå utstyr til oljenæring til daglegvarer, og er blant dei som reagerer sterkt på den nye bompengeringen på Nord-Jæren, som etter planen blir innført 1. januar 2018.

– Konsekvensane blir at me får ei kraftig auke i utgiftene våre på lokal distribusjon og køyring lokalområda, seier Ola Skadsem, som er dagleg leiar i Svipp.

Per oktober har transportbedrifta hatt omlag 1,1-1,2 millionar kroner i bompengeutgifter. Skadsem reknar med at kostnadane blir firedobla med den nye bomringen.

Vil ha tak for betalte passeringar

I dagens bomring på Nord-Jæren er det sett eit tak for kor mange gonger lastebilar skal betala bompengar når dei passerer ein bomstasjon. Også andre bomringar i landet, som bomringen i Oslo og Bærum, har makstak for kva du må betala for per månad med avtale (maks 60 passeringar per månad).

I den nye bomringen i Bypakke Nord-Jæren er det lagt opp til å fjerna denne ordninga for tunge køyretøy.

Då blir det fort store beløp for transportnæringa. Over 150.000 kroner per bil i året har Norges Lastebileigarforbund rekna seg fram til (sjå reknestykket i faktaboks).

– Konsekvensane er at me aukar prisane våre til våre kundar, som igjen må ta det igjen hos sine kundar. Det betyr at du må betala meir når du handlar mjølk og brød, seier fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund, Hermann Berg.

Han fryktar at den nye bomringen også kan føra til nedleggingar i transportbransjen.

– Med dei små marginane det er i transportbransen, kan det bety vera eller ikkje vera for enkelte transportbedrifter. Føremålet med avgifta er å ha nullvekst i personbiltrafikken, å legga til rette for kollektivtrafikken, og gode vilkår for næringstransporten. Når avgifta blir tredobla for nyttetransport, så treff dei ikkje mål i det heile tatt, seier Berg.

Morten Borgli, varaordførar i Sandnes

Pål Morten Borgli (Frp) er styreleiar Nord-Jæren bompengeselskap og varaordførar i Sandnes

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Får støtte i bomselskapet

Den nye bompengeringen på Nord-Jæren er vedtatt av politikarane lokalt og ventar på behandling i Stortinget. Styreleiar for Nord Jæren bompengeselskap, Pål Morten Borgli – som også er varaordførar i Sandnes for Frp – forstår godt bekymringa til transportbransjen, men seier dei reagerer for seint.

– Eg forstår dei veldig godt, men eg må jo seia at dei skuffar meg litt òg. Dei burde reagert mykje kraftigare, mykje tidlegare. Då kunne me klart å stoppa dette politisk, seier Borgli.

Han vil nå ha transportnæringa ut på vegane for å demonstrera.

– Nå må dei snart ta ut i vegane og demonstrera, og visa kva kostnadar dette har, spesielt for vår region, held Borgli fram.

Flere nyheter fra Rogaland