Hopp til innhold

GPS kan erstatta bomstasjonane

GPS-overvaking av bilistane er meir rettferdig enn bomstasjonar, meiner Opplysningskontoret for veitrafikken. Datatilsynet seier dette kan gi betre personvern.

Bomstasjon

SNART SLUTT? Bomstasjonar er fortidas teknologi, meiner Opplysningsrådet for veitrafikken.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) meiner dette er framtidas løysing. OFV er ein paraplyorganisasjon for alt frå vegbyggjarar og bilbransjen til kollektiv-, forsikrings- og oljeselskap.

– Me ønsker å erstatta dagens bomstasjonar med eit system der bilistane betaler basert på kor og når dei køyrer, og utsleppa frå bilen, seier fagsjef Karin Yrvin.

Skeptisk tilsyn

Fagdirektør Atle Årnes i Datatilsynet er i utgangspunktet skeptisk.

– Ei slik dynamisk vegprising vil registrera enda meir informasjon om oss. Sidan dette blir ei kontinuerleg registrering av kor me bevegar oss, er dette ganske heftig når det gjeld personvern.

Atle Årnes.

AVVISER IKKJE: Atle Årnes i Datatilsynet.

Likevel meiner han GPS-overvaking av alle bilistar kan vera akseptabelt på visse vilkår.

– Det er ei mogleg løysing at personopplysningane berre blir lagra i kvar enkelt bil, ikkje sentralt, og at berre samanfatta informasjon som er nødvendig for fakturering blir send ut frå bilen.

Årnes viser til at bomringane i byane og bomstasjonar på rekke og rad elles i landet allereie er ei personvernutfordring.

– Bomstasjonane sender ved kvar passering inn informasjon til sentral registering.
Vegprising med lokalt lagra GPS-overvaking kan faktisk gi betre personvern.

Forureinar skal betale

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har tidlegare i år sagt at regjeringa er skeptisk til dynamisk vegprising, mellom anna med tanke på overvakinga.

Karin Yrvin

RETTVIST: Karin Yrvin i Opplysningsrådet for veitrafikken meiner GPS er framtida.

Foto: Trond Vestre / NRK

Yrvin meiner argumentet blir brukt for sterkt i høve til gevinsten med eit rettferdig avgiftssystem.

– Slik kan samfunnet fullt ut få innført prinsippet om at forureinaren betalar for utsleppa sine.

Ho får følge av Arbeidarpartiet. Stortingsrepresentant Magne Rommetveit meiner dagens bomstasjonar rammar urettferdig hardt for dei som har mange eller dyre stasjonar i sitt nærområde.

Bilen er i ferd med å bli «den nye mobilen».

Atle Årnes, Datatilsynet

– GPS-basert vegprising er både meir effektivt og kan bli mykje meir rettferdig enn i dag.

Yrvin meiner systemet er teknologisk mogleg å innføra allereie no. Ho trur Noreg kan bli nøydd til å følga EU viss systemet blir innført der.

– Det er føreslått vegprising utanfor byane i EU gjennom direktiv. Dette er eit godt høve til å greie ut korleis Noreg kan innføra dette som eit heilskapleg system.

Den nye mobilen

Atle Årnes i Datatilsynet seier nordmenn i stor grad har akseptert at dei faktisk blir overvaka gjennom sin bruk av internett og mobiltelefon.

– Bilen er i ferd med å bli «den nye mobilen», og bilen har du mindre kontroll på enn den du har i lomma. Mobiltelefonen kan du skru av og be om at sensorar blir skrudd av. Det er ikkje like lett for den som sit i bilen.