Hopp til innhold

Fare for bompengar til evig tid

Staten vil ikkje betale driftsutgiftene til den nye bussvegen på Nord-Jæren. Det opnar opp for at det er bompengar som skal gjera det. Og då kan det bety bompengeinnkrevjing til evig tid på Nord-Jæren.

Bomringen på Forus

Fylket vil ha minst 200 millionar kroner i året frå den nye bomringen for å dekke driftsutgiftene til den nye bussvegen.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

– Det er opna for det i Fylkestinget si behandling at ein kan bruka bompengar til drift.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg, Sp, leiar fylket sitt samferdsleutval, og set si lit til at forhandlingar om storleiken på påskjøningsordninga for kollektivtrafikk, skal skaffa pengar til drift av bussvegen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Dette seier leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland, Arne Bergsvåg frå Senterpartiet. Han viser til vedtaket der fylkespolitikarane krev at staten skal dekke driftsutgiftene til bussbanen, som etter planen skal starte opp i 2021.

«Utan auka statlege bidrag vil det måtte vurderast bruk av bompengar til drift når høgverdig kollektivtilbod er etablert.»

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil ikkje at staten skal betale driftsutgiftene til bussvegen på Nord-Jæren.

Foto: Louise Samnøy / NRK

Ingen ting å hente

Kravet frå Fylkestinget i Rogaland, tar ikkje regjeringa omsyn til. I Stortingsproposisjonen om bompengeinnkrevjing i Bypakke Nord-Jæren frå 2018–2033, avviser samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kravet.

«(....,) men departementet legg til grunn at staten ikkje vil bidra til å dekke driftsutgifter for kollektivtransport utover eventuelt tilskot gjennom påskjøningsordninga.»

Bompengekart Nord-Jæren

Slik vert bomringen på Nord-Jæren sjåande ut, med bomstasjonar rundt sentre der mange jobbar. Pengane herifrå skal stort sett brukast til betre kollektivtilbod.

Foto: Statens vegvesen/Rogaland fylkeskommune

Bompengar til «alt»

– Viss ein vil finansiere kollektivtrafikk så får dei finne pengane ein annan stad enn i bilistane sine lommebøker.

Frode Myrhol

Frode Myrhol frå Nei til meir bompengar, NMB

Foto: Eirin Larsen/NRK

Det seier Frode Myrhol, som er gruppeleiar for partiet Folkeaksjonen nei til meir bompengar i Stavanger. Han mislikar sterkt det han nå ser kan bli ei bompengeinnkrevjing utan ende på Nord-Jæren.

– Det er eit viktig prinsipp at det du skal betale i bompengar det skal du ha nytte av. Me stiller spørsmål ved om bilistane har noko nytte av å subsidiera kollektivtrafikken på denne måten, seier Myrhol.

Forhandlingar kan endre bildet

I januar skal fylkeskommunane inn i forhandlingar med staten om kor mykje pengar dei skal få som påskjøning for at dei får mange innbyggjarar til å bruke kollektivtrafikk.

Trolleybuss i Hillevåg

Rogaland fylkeskommune vil ha hjelp til å drifte bussvegen. Enten frå staten eller frå bompengeinnkrevjing.

Foto: Rogaland fylkeskommune/Illustrasjon

Rogaland Fylkeskommune har aldri skåra høgt på dette punktet, men Arne Bergsvåg set likevel si lit til at forhandlingane kan gi dei meir støtte til bussdrifta. Og han veit også at det ikkje er før i 2021, at bussvegen skal vera i full drift.

– Staten må på eit tidspunkt inn og ta noko av dette. Me kan ikkje lempa alle desse utgiftene over på bilistane, seier Bergsvåg og legg til:

– Fylket gir i dag ganske høge tilskott til kollektivdrifta i fylket og me ser ikkje at den kan aukast meir.