Hopp til innhold

Situasjonen i Ukraina kan ramme sparepengane dine

Om du planlegg å kjøpe hus dei neste åra kan det vere lurt å ta pengane dine ut av fond no. Om ikkje bør du sitje i ro i båten, seier økonomen.

Sparing i aksjer

Om du har sparepengar i aksjefond kan det vere ein ide å lese denne saka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ynskjer du å vere heilt trygg kan du like gjerne ta ut pengane frå aksjefondet i dag og setje dei i banken, seier forbrukarøkonom hjå Sparebank 1 Magne Gundersen.

Russland angrip Ukraina. Sanksjonar vart sett i gang og Europa går inn i ei ny krise.

Fleire skal vere drepne og norske ukrainarar er redde og sinte.

Sjølv dei som ikkje er direkte råka, kan merke krisa på sin eigen personlege økonomi.

For allereie no kan det vere at sparepengane dine vert mindre og mindre verd grunna ein invasjon tusenvis av kilometer vekke.

Les også Kommer Russland til å angripe Norge? Eksperter svarte leserne

Ukrainske kjøretøy i Kyiv, onsdag 24. februar.

Børsen i Moskva har stupt. Fleire andre stadar i verda, også i Noreg, har den gått ned.

Om du har sparepengar i eit aksjefond kan det hende at du er medeigar i eit selskap som står i fullstendig krise nett no.

Men om du skal gjere noko med det, kjem an på kva tid du vil trenge pengane dine, seier økonomen.

Les også Børsfall dempet - oljeprisen under 100 dollar

Kremlin towers, the Russian Foreign Ministry headquarters and the Moscow International Business Center are seen behind a fence on the Great Moskvoretsky Bridge in central Moscow

– Vi er i ein periode med stor usikkerheit

Han fortel at småspararar vanlegvis sparar i aksjefond. Dimed kan eg og du vere medeigarar i selskap både i Europa og lenger ute i verda.

Om marknaden generelt går ned vil desse fonda tape seg i verdi.

– Men det er ikkje nokon risiko, slik eg ser det i alle fall, at heilt vanlege, breie aksjefond skal falle, seier Gundersen.

For sjølv om børsane har gått ned, vil det snu oppover ein eller annan gong, meiner han.

I DNB sin marknadsinnsikt meiner dei at krisa kan vere ei moglegheit for å kjøpe aksjar og tene pengar, so lenge den ikkje varar for lenge.

Magne Gundersen

Magne Gundersen er forbrukarøkonom hjå Sparebank 1.

Foto: Tommy Normann

Sjølv seier Gundersen at han sit roleg i båten. Han trur ikkje det er naudsynt å gjere noko med fonda dine om du ikkje skal bruke dei snart.

– Har du ein langsiktig plan for pengane dine og du ikkje skal bruke dei på fleire år, tenkjer eg at du skal halde fram å spare dei i aksjefond, sjølv om du no vil oppleve at verdien av sparepengane dine vil falle noko, seier han.

Men rådet er noko anna om du er ung og planlegg å kjøpe hus innan dei neste åra.

Skyhøye drivstoffpriser: – Den dyreste bensinen jeg har kjøpt i mitt liv

– Du kan like gjerne ta ut pengane i dag

Men er du i etableringsfasen og planlegg å kjøpe hus innan dei neste par-tre åra kan krisa i Ukraina skade økonomien din.

– Nett no er det veldig usikkert. To-tre år er ganske lang tid i aksjemarknaden, men det er vanskeleg å sei no om du vil sitje att med meir pengar i eit aksjefond om to-tre år enn om du hadde teke dei ut i dag, seier Gundersen.

Han meiner at ein i eit korttidsperspektiv kan spare meir på å ha pengar i banken enn i fond – i alle fall i krisetider.

– So er du usikker i dag berre tek du ut pengane om du veit at du treng dei om to til tre år, seier Gundersen.

Han er klår på at renter i banken i lengda vanlegvis gjev dårlegare avkastning enn eit fond.

Nøkkelordet er likevel «i lengda».

– Om du veit at du har bruk for pengane dine om berre eit par år, so kan du kanskje like gjerne ta dei ut i dag, berre for å vere heilt sikker, seier Gundersen.