Hopp til innhold

Jaktar på den forsvunne nobelprisen Hamsun gav til nazistane

I 1943 gav Knut Hamsun sin Nobelpris i litteratur til reichminister for propaganda i Nazi-Tyskland Joseph Goebbels. Ingen har sett medaljen sidan. No startar jakta.

Knut Hamsun

Knut Hamsun var ein trufast tilhengjar av nazistane. Her vert han teken imot på Fornebu flyplass av Josef Terboven i 1943. Hamsun kom attende frå ein stor nazi-konvensjon i Wien og eit personleg besøk hjå Adolf Hitler.

Foto: Cappelen Damm

Den store forfattaren Knut Hamsun var, som dei fleste veit, nazisympatisør. Det færre veit er kor stor hans kjærleik til det tyske regimet var.

Eller kva som hende med nobelprisen hans.

I år er det 100 år sidan ein av Noregs største forfattarar fekk Nobelprisen i litteratur for Markens Grøde. Men dei siste 75 åra har ingen sett medaljen eller diplomet.

Under årets Hamsundagar går startskottet for eit prosjekt for å finne gullmedaljen.

– Vi har inga tid å miste, seier initiativtakar og festivalsjef Anita Overelv.

Knut Hamsun i skrivestua på Nørholm

Knut Hamsun vart omtalt som ein av dei mest framståande forfattarane av si tid, i alle fall før krigen. Korleis skal hans politiske syn påverke vår oppfatning av han i dag?

Foto: Anders Beer Wilse Dextrafoto, Teknisk museum

Kjærleiken til nazistane

Tore Rem er forfattaren bak boka «Knut Hamsun – Reisa til Hitler». Han er blant dei som er med på panelsamtalen som sparka i gang jakta på nobelprisen.

Han kjenner også svært godt til Hamsun sitt forhold til det tyske regimet under krigen.

Ikkje minst var forfattaren ein stor tilhengar av Joseph Goebbels, reichministeren for propaganda i Tyskland. Goebbels hadde også i mange år vore ein stor beundrar av Hamsun sine bøker.

Den 18. mai 1943 besøker Hamsun Goebbels personleg.

Joseph Goebbels

Joseph Goebbels var reichminister for propaganda og kjend for sine retoriske evner og brennande antisemittisme.

Foto: AP

– Det blir eit veldig sterkt møte, seier Rem.

Propagandaministeren skriv i si dagbok at forfattaren får tårer i auga og må vende seg bort for å skjule at han er rørt.

– Goebbels skriv at det var ein av dei største opplevingane i hans liv, seier Rem.

Og denne gjensidige kjærleiken skulle bli viktig for den nazistiske propagandaen. Rem fortel at Hamsun var den største forfattaren som heilhjarta tok nazistane si side. Han fekk altso ei heilt spesiell rolle.

– Det var som om Gud hadde trødd ned til menneskja, slik som han vert presentert. Han var so viktig for den nazistiske propagandaen, at kulturens toppunkt var på deira side.

Knut Hamsuns nekrolog over Adolf Hitler

Knut Hamsun var i si tid kjend som nazisympatisør, ettersom han i fleire aviser skreiv appellar for regimet. I vår tid er det nok nekrologen over Adolf Hitlers død det mest kjende. Den stod på trykk i Aftenpostens kveldsutgåve 7. mai 1945.

Foto: Aftenposten

Gjensidig beundring

Ein månad etter møtet med Goebbels vil Hamsun syne si takksemd. Forfattaren har ikkje mykje å gje bort. Men han har høyrd at andre nobelprisvinnarar, som Sigrid Undset, gav sin gullmedalje til Finnlandshjelpen.

Hamsun bestemmer seg for å sende bort noko av det kjæraste han eig.

– Vedtektene for Nobelprisen er jo at det skal gå til eit verk i, på svensk, «idealisk riktning», seier Rem.

Og kva er vel meir idealistisk enn nazistisk propaganda, tenkjer Hamsun:

Jeg vet ingen som saa utrettelig Aar efter Aar har skrevet og talt Europas og Menneskehetens Sak saa idealistisk som De, hr. Reichsminister

Knut Hamsun i sitt brev til Joseph Goebbels

Forfattaren sender altso sin kjære gullmedalje og diplomet frå Nobelkomiteen til Tyskland.

– Det er liksom poenget hans, at om det er nokon som fortener hyllest for å vere idealistisk, so er det Berlins overbanditt, som han vart kalla, seier Rem.

Knut Hamsun

Hamsun vert teken imot på Fornebu av Reichskommissar i Noreg, Josef Terboven. Hamsun kom rett frå Berlin der han hadde møtt med Hitler og forsøkt overtale han til å kvitte seg med Terboven.

Foto: Cappelen Damm

Nobelprisen forsvinn

To år etter Hamsun har sendt frå seg det kjæraste han hadde, vert det openbert at han hadde satsa på feil side.

Den raude armé rykkjer inn i Berlin og vinn stadig fram. Hus for hus og gate for gate rykkjer dei stadig nærare Riksdagen og Hitler sin Führerbunker.

Den 30. april tek Adolf Hitler sitt eige liv saman med kona Eva Braun.

Dagen etter gjer Joseph Goebbels og kona Magda det same. Men først etter dei har teke livet av sine seks barn.

Etter det er det ingen som veit kvar det vart av nobelprisen til Knut Hamsun.

Jakta begynner

Denne veka starta Hamsundagane i Hamarøy. Startskottet for jakta på nobelprisen vart ein panelsamtale med Tore Rem og Anita Overelv, samt Per Kristian Olsen og Kristina Johnsen.

Det er langt frå sikkert at nokon veit akkurat kvar medaljen er, men Overelv har trua.

Knut Hamsun, norsk forfatter. Her med stokk, hatt og snadde.

Knut Hamsun var iherdig tilhengjar av nazistane heilt til krigens slutt. Han vart likevel ikkje stilt for retten under Landssvikoppgjeret grunna hans mentale tilstand

Foto: NTB / Scanpix

– Kanskje nokon har sett noko, eller kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner nokon. Ein veit ikkje kva ein finn då ein byrjar å nøste i ting.

Ho ser for seg at dei vil byrje med Goebbels sin familie. Kona, Magda, hadde ein son frå før deira ekteskap, Harald Quandt.

– Han er død, men har jo born. Kanskje dei veit noko, spør Overelv seg.

Ho har alliert seg med eit par tyske journalistar og kulturfolk, og trur jakta vert spanande.

Dagbøkene til propagandaministeren vart funnen av ein tysk historikar på 90-talet i Moskva. Det var ikkje før etter glasnost og perestrojka slikt vart mogleg. Difor trur nok Overelv at jakta vil føre dit ein eller annan gong.

– Medaljen ligg kanskje i hendene på nokon i ei grav eller er støpt om til noko anna. Og diplomet kan vere i ein haug med papirer ein eller annan stad.

Anita Overelv ved Hamsunssenteret

Anita Overelv er festivalsjef for Hamsundagane og initiativtakar bak jakta på nobelprisen. Ho ynskjer mellom anna at prosjektet skal opne opp ein samtale om politikk og litteratur.

Foto: Johannes Ødegård / NRK

Høyr Anita Overelv snakke om prosjektet på God morgen Nordland:

Kan ein skilje forfattaren og nazisten?

I hjartet av det nye prosjektet ligg dette spørsmålet. Korleis skal ein stelle seg til Hamsun sine tekstar då ein veit han sette Hitler og Goebbels so høgt? Kan ein beundre Hamsun likevel?

– Det er noko ganske stort som står på spel. Det er jo at vår kanskje største romanforfattar tråkka so feil, seier Rem.

– Det syner også at det gode og det sanne og det skjønne ikkje naudsyntvis er det same, og at Hamsun heller ikkje var heva over historia.

Noko av motivasjonen bak det nye prosjektet er å konfrontere nett desse spørsmåla.

– Hamsun var jo ein kunstnar i sjela si. Og historia syner at sjølv store kunstnarar kan vere politiske idiotar, seier Overelv.

– Også er det eit varsku til vår samtid. Det bles ganske mørke, mørke blå skyar for tida. Fascismen er, om ikkje på frammarsj, inne i ein høgkonjunktur.

Anita Overelv, produsent Hamsunssenteret holder frem en versjon av Markens Grøde av Knut Hamsun

Markens Grøde, som Anita Overelv held opp, er eitt av Hamsun sine mest kjende verk. Det er også boka som gav han Nobelprisen i 1920.

Foto: Johannes Ødegård / NRK

Ein fascinerande mann

Det er eit spenn mellom Hamsun sine mørke, men sannferdige skildringar av naturen og menneskja sine forhold til kvarandre og hans nekrolog der han hyllar Hitler og audmjuke heidring av Goebbels.

– Det er heilt absurd. Kjensleregisteret held ikkje mål, liksom, seier Overelv.

Det er nett dette dei finn interessant å grave djupare i gjennom det nye prosjektet.

Tore Rem

– Det er ganske mange store spørsmål som vert aktualisert gjennom at ein minnast om kva han faktisk gjorde under krigen, seier forfattar og professor Tore Rem.

Foto: Privat

– Det er ikkje slik at Hamsun sin litteratur vert fattigare av den grunn. Eg vil heller sei at den vert meir fascinerande. Vanskelegare, men kanskje likevel rikare, om ein klarar å ta inn over seg heile spennet i det virket: frå dei naturskildringane til at han bøyar seg for Hitler, seier Rem.

So om dei greier å faktisk finne medaljen til Hamsun kjem nesten i andre rekke, forklarar Overelv. Det vert nesten som ein metafor.

– Eg er ikkje sikker på om ein finn noko, for å sei det sånn, men dette kan bli eit høve til å reflektere over Hamsun si rolle og forfattarar og litteraturen si rolle under krigen, seier Rem.

Knut Hamsun

Knut Hamsun var overtydd nazist, men mislikte Josef Terboven, som her henta han på Fornebu flyplass. Hamsun meinte Terboven skubba nordmenn i armane på engelskmennene, og forsøkte overtale Hitler til å kvitte seg med han.

Foto: Cappelen Damm