Hopp til innhold

Kommune brukte 17 millionar over budsjett utan å informere folkevalde

Lødingen kommune brukte i fjor mange millionar kroner over måte, utan at politikarane fekk vit på det. No står kommunen på kanten til å hamne på Robek-lista – igjen.

lødingen

Med eit folketal på knapt over 2000 vil dei raude tala i kommunen sitt rekneskap føre med seg dramatiske konsekvensar, meiner ordføraren.

Foto: Vilde Bratland Erikstad

– Dette er den mest alvorlege situasjonen Lødingen kommune nokon gong har vore i.

Ordførar Hugo Bongard Jacobsen (Ap) var heilt tydeleg frå talarstolen i kommunestyresalen i Lødingen denne veka – kommunen er i økonomisk krise.

Hugo Bongard Jacobsen

Arbeidarpartiordførar Jacobsen har tru på at Lødingen skal klare seg gjennom krisa, men legg ingen skjul på at det kjem til å bli tøft.

Foto: Lødingen kommune

Mange kommunar i Noreg går i minus og brukar over budsjett av og til.

Men i Lødingen brukte dei i 2019 17,3 millionar over budsjett. I tillegg hadde dei ei lånegjeld på 318 millionar – over 200 prosent av kommunens frie inntekter.

– Dette er veldig alvorlege tal, og det vert tøft å snu, seier ordføraren.

Pengar på ville vegar

Det var fleire ting som gjekk skeis i Lødingen i fjor. Kommunen hadde sett opp store lån for å bygge ein ny skule. Bygget kosta kring 175 millionar kroner – like mykje som heile lånegjelda til kommunen i 2016.

Men dette visste dei folkevalde i kommunen om. Det ordføraren meiner utløyste denne krisa var mangelen på kontroll over pengebruken.

Utan godkjenning frå dei folkevalde, hadde det mellom anna blitt oppretta 20 nye stillingar i ulike delar av administrasjonen.

– Berre her ligg det ein sum på 10–12 millionar som kommunestyret ikkje har vore med på å avgjere, seier Jacobsen.

– Men om dette både strider imot sedvane og kanskje til og med er lovstridig – korleis har dette fått gå føre seg i administrasjonen?

– Det er eit godt spørsmål. Vi har lenge slite med store meirforbruk, spesielt innan helseetaten, og i fjor toppa meirforbruket seg med godt over 10 millionar i minus. Det har vore manglane rapportering, budsjettdisiplin og so vidare.

Vidare understrekar ordføraren at det er kommunestyret som skal setje eit budsjett og bestemme rammene for pengebruken av mellom anna administrasjonen. Og det er jo nett dette som ikkje har skjedd i Lødingen.

– Dei folkevalde har blitt spelt utover sidelinja.

Lødingen sykehjem

Ordføraren varslar at det å kutte sjukeheimsplassar kjem til å bli naudsynt for å spare pengar.

Foto: Anneli Strand / NRK

Kan hamne på Robek-lista – igjen

I 2003 hamna Lødingen på Robek-lista. I 2013 kom dei seg ut. Om dei ikkje får styr på økonomien dei neste to åra, er det lukt attende.

I Nordland er det fleire kommunar som ligg nære å bli innlemma i lista, og nyleg vart Fauske lagt til, noko som overraska mange.

– Dette er kommunar som i utgangspunktet ikkje burde vere der, som i utgangspunktet har ein sunn og god økonomi, men som har brukt meir pengar enn dei har hatt, seier Fylkesmann Tom Cato Karlsen.

Han meiner det finst likskapar mellom Nordlandskommunane som har for mange raude tal i rekneskapane sine.

– I den grad kommunar i Nordland har ein anstrengt økonomi, går det nok attende til at ein brukar meir enn ein faktisk har råd til.

Karlsen understrekar at han meiner dei folkevalde må vere bevisst på det ansvaret dei har for økonomien i sin kommune.

– Til sjuande og sist er dette eit ansvar som ligg hjå kommunestyret, og då er det viktig at ein har god kontroll.

Tom Cato Karlsen, fylkesmann i Nordland.

Fylkesmann i Nordland, Tom Cato Karlsen, seier dei fleste kommunar som slit med økonomien har noko til felles; at dei brukar pengar over måte.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Held fast på håpet

Men trass i alle raude tal og frykta for å miste kontroll over eigne budsjett, som skjer om ein hamnar i Robek, har Lødingen-ordføraren trua.

– Vi ser allereie ein del teikn på at toget har byrja bremse ned, seier han.

Kommunen har omorganisert delar av administrasjonen, kuttar sjukeheimsplassar og har vedteke å kutte fleire årsverk.

Men uansett korleis framtida ser ut for Lødingen, er Jacobsen

– Med handa på hjartet tør eg sei at politikarane i denne saka har gjort sitt, og at det er mykje uheldig som har skjedd utanfor.