Her går éi av to bompengekroner ikkje til veg

Av dei 24 kronene det kostar å passere denne bommen, går 12 til å betale renter og kontorarbeid.

Bompengestasjon i Godøystraumen

KOSTBARE LÅN: Høge renter har ført til at denne bomstasjonen ved Godøystraumen berre har gjeve halvparten av inntente pengar til betaling av vegen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Ein får jo inntrykk av at det er ei molboverksemd heile greia, seier Moyri Jenssen.

Ho er ein av mange som køyrer forbi bomstasjonen i Godøystraumen dagleg – bomstasjonen i Noreg med dei verste rentebetingelsane av alle.

For av pengane som har kome inn frå denne bomstasjonen dei siste ni åra har halvparten gått til drift av bommen og renter på lån – ikkje til å betale asfalten bilane køyrer på.

– Eg tykkjer det er altfor høgt, seier Allan Ellingsen (Frp), statssekretær i Samferdsledepartementet.

– No ryddar vi opp. Vi fjernar denne bomstasjonen og brukar pengar på det slik at bilistane slepp den ekstrakostnaden.

Allan Ellingsen

MISNØGD: Allan Ellingsen meiner Godøystraumen er eit døme som talar for at bompengar ikkje er ein god måte å finansiere vegar på.

Foto: Therese Bergersen / NRK

Det var Avisa Nordland som først omtalte saka.

Skyhøge renter

Mellom 2009 og 2018 samla bommen på fylkesvegen inn 173 millionar kroner. Av desse gjekk 88 millionar til anleggskostnadar, altso bygging av vegen. 22 millionar har gått til administrasjon av innkrevjing og drift av sjølve bommen. Dei resterande 62 millionane har gått til å betale renter på lån. Dette er avrunda tal frå bomselskapet sjølv.

– Alle som lånar pengar må jo betale renter. Om ein summerer opp rentekostnadar over ti-femten-tjue år, vert det relativt store beløp.

Erling Bortne er administrerande direktør i Bompengeselskap Nord, eigarane av bommen i Godøystraumen.

Laster kart, vennligst vent...

For dette prosjektet er spesielt. Vegen vart utbetra i 2009, ei tid som var prega av mindre enn optimale økonomiske forhold. Det førte til at Stortinget ynskja ei låst rente på prosjektet. Ei rente som vart låst på 5,58 prosent.

Renta var marknadsbestemt i augneblinken, men fordi den vart låst har det ført til ein unik situasjon. Medan snittet på landsbasis er på 2,95, ligg prosjektet aust for Bodø høgst i landet.

– Forklaringa ligg jo i tidspunktet for når lånet vart tatt opp og betingelsane som låg til grunn, seier Bortne.

Erling Bortne, administrerande direktør for Bompengeselskap Nord

NATURLEG FORKLARING: Erling Bortne forklarar det merkelege reknestykket med ei rente som vart sett og låst i ei økonomisk vanskeleg tid.

Foto: Kjetil Moe

Høgst i landet

Vegen mellom Tverrlandet og Godøystraumen har altso dei verste rentebetingelsane i landet. Men det er fleire andre prosjekt som også har høge renter.

– Vi må vurdere om vi i det heile teke skal tillate denne typen prosjekt som har so høge kostnadar, seier Ellingsen.

– Dette er prosjekt som var lokalt initiert og som var ynskja av lokalpolitikarane. No ser vi at dette kanskje ikkje er den beste måten å finansiere vegbygging på, seier statssekretæren.

– At ein veg skal verte dobbelt so dyr fordi bankane skal ha sitt, det må vi vurdere om vi tykkjer er greitt, seier Ellingsen.

– Men det er jo de i departementet som har det overordna ansvaret?

– Ja, dette er jo forpliktingar som er gjort langt attende i tid, då samferdslebudsjettet var halvparten av det det er i dag. Men det er klart at vi må vurdere om vi i det heile teke skal tillate denne typen prosjekt i framtida, seier Ellingsen.