– To rundstykke, egg og bacon. Dette ser godt ut, seier May Tove Waage.
Ho er innom Scandic Haugesund for å hente seg litt overskotsmat. Det har ho bestilt via appen Too Good To Go.
Ifølgje tala til selskapet er det veldig mange som har gjort som Waage i det siste.
I 2022 vart det selt 2,8 millionar måltid gjennom appen. Det er ein auke på 23 prosent frå året før.
May Tove Waage hentar overskotsmat på hotell for første gong.
Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK– Eg har hatt appen ei stund, men det er første gong eg brukar den. Eg skal innom svigermor på sjukeheim, og tenkte det hadde vore godt med litt frukost, seier Waage.
Ho meiner det er viktig å redde mat frå å bli kasta.
– Det er jo nokre kroner å tene òg, no som alt er så dyrt, seier ho.
Nedprising sel
For samtidig som vi kvart år kastar 450.000 tonn etande mat og det blir jobba med ei ny matkastelov, så har dei fleste altså vorte betre på å redde mat.
Norske hotell har mellom anna vorte meir klar over å både selje og gjenbruke overskotsmat.
Hotellsjef Janne Aksdal har dobla salet av posar med overskotsmat.
Foto: Rosa Irén VIllalobos / NRKI fjor selde hotella 49 prosent meir overskotsmat enn året før, viser ferske tal.
– Vi har veldig fokus på dette. Og vi sel no dobbelt så mykje via Too Good To Go enn før. I tillegg bruker vi mykje av råvarene våre om igjen, seier hotelldirektør Janne Aksdal ved Scandic Haugesund.
Også daglegvarebransjen merkar at folk har vorte meir klar over å kjøpe nedprisa varer. Tal NRK har henta inn, viser at dei store kjedene har selt meir mat som er i ferd med å gå ut på dato gjennom nedprising i 2022 enn året før.
– Nedprising er absolutt det mest effektive verkemiddelet vi har for å redde matsvinn, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen ASA.
Norgesgruppen er daglegvarekjedene Kiwi, Meny, Joker og Spar.
I 2022 redda desse butikkane 14.500 tonn overskotsmat gjennom nedprising. Det er ein auke på 16 prosent frå året før.
Også Coop og Rema 1000 har hatt auke i salet av denne typen varer det siste året.
Dessutan kjøpar vi mat som går ut på dato frå eigne butikkar.
Daglegvarekjedene sel stadig meir nedprisa mat som snart går ut på dato.
Foto: Rosa Irén Villalobos / NRKBør planleggje
Forbrukarrådet meiner det kan vere mykje å spare på kjøpe nedprisa mat i billig-hyllene.
Men.
Det er eit stort men her. Viss ein kjøper denne typen mat, bør ein vite at den blir ete opp før den går ut på dato.
– Den maten som blir aller dyrast for oss, er den maten vi handlar, for så å ikkje ete den, seier seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Aysha Grönberg.
Ho meiner planlegging av handelen er nøkkelen.
Seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Aysha Grönberg, meiner planlegging betyr mykje.
Foto: Ole Walther Jacobsen / Forbrukerrådet– Det gjeld å lage seg eit system som passar med det livet ein sjølv har, slik at mest mogleg av maten som blir også kjøpt inn blir eten.
Organisasjonen Framtiden i våre hender applauderer forståinga til forbrukarane for det å kjøpe mat som elles hadde vorte kasta.
– Tala viser jo at folk flest ønskjer å vere matreddare. Det hjelpar både miljøet og lommeboka, seier leiar Anja Bakken Riise.
Samtidig meiner ho at butikkar, kjeder og restaurantar har ein jobb å gjere.
– Det at folk er flinke til å vere med å redde mat, betyr ikkje at dei sjølv kan slutte å gjere ein innsats for å redusere matsvinnet, seier Riise.
Planlegg å redde meir
Too Good To Go har planar om å redde endå meir mat i 2023. Nettopp fordi det finst meir mat å redde.
– Målet vårt er å gå frå 2,8 til 3,5 millionar redda måltid i år. Etterspurnaden er der. Vi må berre få med oss fleire bedrifter, seier dagleg leiar for appen, Johan Ingemarsson.
Og ei av dei som kjem til å vere med og kjøpe billigare overskotsmat, er May Tove Waage.
– Ja, dette vil eg gjere igjen. Eg er veldig for slike konsept, seier ho.