Hopp til innhold

Oljearbeidar Vidar har insektdam i hagen for å hjelpe miljøet

På jobb pumpar han olje i Nordsjøen, men på fritida jobbar han for nærmiljøet sitt. Forskaren seier fleire burde gjere som han.

Vidar Voie

Vidar Voie er stolt over tiltaka på tomta som fremjar artsmangfaldet, men han er særleg glad i insektdammen han har laga.

Foto: Thomas Halleland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bak huset til Vidar Voie yrer det av liv. Insekt summar nede ved den heimelaga dammen, sauene beitar og piggsvinhotellet er fullbooka.

Vidar Voie mislikar den harde klimadebatten, men elskar nærmiljøet sitt.

I to veker pumpar han olje opp frå havbotnen. Dei neste fire brukar han mellom anna på å hjelpe naturen heime i Etne.

– Eg tykkjer jo det er kjekt, men eg vil også ta vare på den lokale naturen, seier Voie.

– Du jobbar jo i olja, drit ikkje du i slikt som det?

– Nei, på ingen måte, seier han og ler.

Sauer ved insektdammen til Vidar Voie

Sauene til Voie drikk av den menneskeskapte insektdammen. Huset er nært nok til at det speglar seg i vatnet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Skjemmast ikkje over olja

– Av og til følar eg meg litt som ein syndebukk, det gjer eg, men ikkje slik at det tynger meg på noko vis, seier Voie.

– For å jobbe der, treng ein ikkje vere eit natursvin eller ein som ikkje bryr seg. Vi er vanlege folk som jobbar der ute og, med forskjellige hobbyar og interesser.

Og blant Voie sine interesser finn ein det å halde nærmiljøet ved like. På tomta heime har han fleire fuglekassar, flaggermuskassar og andre tiltak som skal bidra til å halde artsmangfaldet oppe.

Spesielt nøgd er han med den store insektdammen han har grave ut.

– Det er bra lokalt, men eg reddar jo ikkje verda ved å lage ein dam og setje opp nokre fuglekassar. Det må jo større grep til, seier Voie.

Villsau

Villsauen til Voie er med på å halde kulturlandskapet ved like.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eit kjempefint tiltak

– Det er ikkje noko tvil om at det der vil ha stor påverknad ta talet insektartar i området, seier Sondre Dahle.

Biologen jobbar i Norsk institutt for naturforsking (NINA). Han er ekspert på insekt og artsmangfald.

Biolog Sondre Dahle i NINA

Sondre Dahle er overingeniør i NINA. Her var han på jakt etter malariamygg i Østfold i 2019.

Foto: Heidi Gomnæs/NRK

Dahle fortel at minst 2500 artar insekt lev i vatn og at i alle fall eit par hundre kan slå seg ned i dammen til Voie.

– Det er kanskje det viktigaste tiltaket ein kan gjere for å auke talet insektartar i eit nærområde der det ikkje finst dam frå før.

Ifølgje han kan ei rekke blomsterfluger med larvar i vatn kome til å flytte inn i hagen i Etne. Då vil Voie sin dam bidra til å hindre utryddinga av pollenspreiande insekt, noko som er dårleg nytt for oss menneske.

– Om han har ei blomeeng i nærleiken, kan han få nye blomsterflugeartar der. Dei er viktige pollinatorar, seier Dahle.

Insektdammen til Vidar Voie

Augestikkarane er allereie flytta inn ved dammen, saman med sauene, piggsvina og fuglane.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg kan gje litt attende og

Voie er uroa for klimaendringane. Han seier han tenkjer mykje på det når han er heime, men også at det er tema for lunsjpraten ute på riggen.

– Vi må jo gjere noko. Og det gjeld ikkje berre utslepp, men også plast i havet og tap av levemiljø for dyr og plantar – desse er like store problem som klimaendringane.

Han trur at løysinga på klimakrisa vil kome frå myndigheitene og ikkje folk sine personlege val.

Likevel meiner han det er rett å bruke av fritida si på sitt eige nærmiljø.

– Då kan eg gje litt attende og, seier Voie.

Insektdammen til Vidar Voie

I insektdammen bak huset kan det slå seg ned fleire hundre ulike artar insekt med tida.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Flere nyheter fra Rogaland