Hopp til innhold

Skyhøge straumprisar gir ingenting ekstra til kommunane som eig Lyse

Lyse tener rekordmykje, men det kjem ikkje noko ekstra til eigarkommunane. Dei burde betalt meir til innbyggjarane i ei vanskeleg tid, meiner Venstre-politikar. Men ifølgje Lyse er ikkje overskottet så stort.

Strømmaster

Strømprisene stiger igjen etter en kort periode med lave priser. Mange kraftselskap har hatt langt større inntekter i år enn tidligere år.

Foto: NRK

Kraftselskapa Haugaland Kraft og Sunnhordland Kraftlag (SKL) har gitt eigarane til saman 450 millionar kroner i ekstra utbytte i haust.

– Kraftprisen har vore høg gjennom heile året. Då får me også eit ekstraordinært høgt resultat, seier direktør John Martin Mjånes i SKL.

Lyse derimot, Noregs nest største kommuneeigde kraftselskap etter Hafslund Eco, seier nei til å auke utbyttet.

– Regjeringa sitt forslag i statsbudsjettet til ny skattlegging av kraftverk kjem til å ta vekk store delar av overskottet, seier kommunikasjonssjef Atle Simonsen.

Eit uvanleg år

Lyse produserer mykje av vasskrafta si i Lysefjordområdet, sør i Rogaland. Nord i fylket er det Haugaland Kraft som held til, og over grensa til Vestland har Sunnhordland Kraftlag sine energiverk.

Blåfalli kraftverk, Sunnhordland Kraftlag.

SKL eig kraftverk i Blåfalli-vassdraget/Kvinnherad

Foto: Olav Røli / NRK

Dei tre kraftselskapa held til på rekke og rad, men det er berre dei to lengst nord som deler ut ekstra utbytte.

– Me har eigarar som kan gjere god nytte av dei pengane, seier konsernsjef i Haugaland Kraft, Pablo Barrera. Han legg til at dette er pengar som vil koma folk i kommunane til gode.

Les også Norsk Industri: – Kraftskatten er ikke til hinder for å investere i ny vannkraft

Representanter fra Norsk Industri og Lyse inne i kraftverket til Lysebotn II

Har pengar nok

– Kraftselskapa rundt Lyse betalar ut meir. Då bør også Lyse vurdere ein gong til kor mykje dei kan auka utbetalingane, seier Venstre-politikar i Stavanger, Kjartan Alexander Lunde.

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde (V).

Foto: Ole Andreas Bø

Han peikar på at Lyse hadde sitt nest høgaste resultat etter skatt nokon gong i 2021. Det har blitt følgd opp av eit rekordstort overskott første halvår i år på 1,5 milliardar kroner.

Lunde viser også til ein studie frå Civita (ekstern lenke) frå juni i år. Der går det fram at Lyse i gjennomsnitt har betalt ut 48 prosent av overskottet i utbytte dei siste tolv åra. Medan eigarkommunane i fjor vedtok at utbyttet over tid skal vera på 60 prosent.

Les også Oslo kommune kan tape 1 milliard på økt kraftskatt

Einar Wilhelmsen på verandaen utenfor kontoret i Rådhuset. Solcellepanel på taket over rådhushallen.

– Lyse har over mange år betalt langt mindre i utbytte enn dei kunne, seier Lunde.

Han minner også om at Lyse gjennom fleire år har funne rom til ei rekke investeringar på område som ikkje er innanfor kjerneproduksjonen. Eit eksempel er kjøpet av mobilselskapet Ice til 5,5 milliardar kroner i fjor.

Treng det dei har

Lyse låg an til eit rekordhøgt overskott på 3 milliardar kroner etter skatt i år.

Det var også eit arbeid på gang for å betale ut eit ekstra utbytte.

Men når dei legg det nye skatteforslaget frå regjeringa til grunn, blir overskottet redusert til 700 millionar.

Atle Simonsen

Atle Simonsen, kommunikasjonssjef i Lyse.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Dei pengane treng me for å betale ut det ordinære utbyttet til eigarane til neste år, seier kommunikasjonssjef Simonsen.

Han er også kritisk til Civita-studien Lunde viser til.

– Dei har inkludert den delen av resultatet som høyrer til Hydro, som er minoritetseigar i ein del av våre kraftverk, seier Simonsen.

Han står fast på at Lyse i gjennomsnitt har utbetalt 60 prosent av overskottet i utbytte sidan 1998.

Les også Mener skattegrepet kan forverre kraftkrisa – aktører må ut med milliarder i skatt

Zakariasdammen i Tafjord

Til slutt viser Simonsen til det som skjedde for tre veker sidan.

Då la styret i Lyse fram sitt syn på eit møte med eigarrepresentantane, og då var eigarane einige.

Eigarkommunane rår

– Det er eigarane som rår, slår professor i økonomi ved Universitetet i Oslo (UiO), Nils-Henrik M von der Fehr, fast.

Nils-Henrik M. von der Fehr

Nils-Henrik M. von der Fehr, professor i økonomi ved UiO.

Foto: Moment Studio / Universitetet i Oslo

Han er meir i tvil om det er ein god strategi for Lyse å satse på mykje anna enn kraftproduksjon, slik som Altibox eller kjøp av mobilselskapet Ice.

– Lyse har fått mykje merksemd over lang tid fordi dei har gått inn på område som er langt utanfor kjerneområdet deira. Då er det grunn til å vera litt skeptisk i utgangspunktet, seier von der Fehr.