Hopp til innhold

Utanlandske selskap har teke over all bygginga av store kraftlinjer

Dei siste 20 åra er alle norske høgspentlinjer i sentralnettet bygd av utanlandske selskap. Totalt er det kontraktar til fleire milliardar kroner.

Høge straumprisar gjer at staten kuttar 2,2 milliardar i overføringar til kraftkommunane.

HØGT HENG DEI: Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere mellom 60 og 100 milliardar kroner dei neste ti åra.

Foto: Statnett

Statnett er i dag åleine om ansvaret for «motorvegane» i det norske kraftsystemet, altså høgspentlinjene (420 kV) som fraktar straum mellom dei ulike landsdelane.

I alt har det vorte investert milliardar i transmisjonsnettet dei siste ti åra, og planen er at investeringa skal vere like stor dei neste ti åra i takt med at den norske straumbruken skal auke.

Historisk har desse linjene vorte bygde av nordmenn, men ikkje i tida etter tusenårsskiftet.

Ei oversikt i siste utgåve av fagbladet Energiteknikk viser at alle byggjeprosjekt sidan nittitalet har gått til utanlandske selskap.

Det finst inga oversikt over storleiken på desse kontraktane, men «forsiktige anslag» frå bransjehald seier at utanlandske entreprenørar har hatt minst 7 milliardar kroner i inntekter frå Statnett sidan 2014.

I november fekk kroatiske Dalekovod – «hoffleverandøren til Statnett» – i oppdrag å byggje den nye motorvegen for straum over Sognefjorden.

Les også No blir det «motorveg» for straum over Sognefjorden

Sognefjorden

Ingen norske energientreprenørar var med i anbodsrunden.

Alvorleg med tanke på beredskapen

Statnett har systematisk medverka til at norsk kompetanse på sentralnettet har vorte bygd ned, seier næringspolitisk rådgivar i Energi Noreg, Jørgen Thaule.

Han seier det er «alvorleg med tanke på framtidig beredskap» at ryggrada i det norske straumnettet i dag sit i Zagreb (Kroatia) og Brescia (Italia).

Det er eit tankekors at vi har gjort oss avhengige av utanlandske leverandørar, og heilt sett bort frå å designe kontraktar som gjer at norske entreprenørar kan delta i utbygginga av sentralnettet.

Ola Elvestuen (V) sende tysdag eit skriftleg spørsmål til energiminister Terje Aasland (Ap) der han spør korleis statsråden vil sikre at Statnett bidreg til å utvikle den norske kompetansen for sentralnettet.

– Det er alvorleg at kompetansen har vorte bygd ned i Noreg. Situasjonen i Europa viser kor viktig kritisk infrastruktur er, og kor viktig det er å ha ein god beredskap, seier han.

NRK har vore i kontakt med Olje- og energidepartementet, men har førebels ikkje fått svar.

Helge Rysjedal er administrerande direktør i entreprenørselskapet Eviny Solutions AS

– Vi er bekymra for at for mange oppdrag går til eit lite mindretal utanlandske aktørar. Kva betyr dette for tryggleiken og beredskapen på vår eigen kritiske infrastruktur? spør han (sjå sitatboks for fleire reaksjonar).

Jørgen Thaule i Telenor Kulturarv

– Å bruke billige utanlandske aktørar vil sannsynlegvis koste meir enn det smaker i framtida. I tillegg vil Ukraina trenge hjelp til å byggje opp at infrastrukturen. Her kunne ideelt sett norske selskap bidrege, seier næringspolitisk rådgivar i Energi Noreg, Jørgen Thaule.

Foto: Telenor

Til NRK viser Statnett til at dei gjerne ser at «fleire norske entreprenørar etablerer seg som konkurransedyktige på store utbyggingar», men at Forsyningsforskriften og Lov om offentlege innkjøp gjer at dei ikkje kan favorisere norske selskap (sjå heile svaret under).

I Hurdalsplattforma skriv Støre-regjeringa at «anskaffingar må utformast og tilpassast slik at norske bedrifter kan delta i konkurransen».

For oss er det eit viktig punkt, seier Erling Sande, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Han kallar det «ei uheldig utvikling» at bygginga av norske høgspentlinjer er overlatne til utanlandske selskap som Dalekovod, Valard Construction, Rebaioli og Consorzio Italia 2000.

Det er viktig at vi held oppe og styrkjer norsk kompetanse på så sentrale område som kraftforsyning. I tillegg er det eit sjølvstendig poeng at norske bedrifter kan vere med i konkurransen om offentlege oppdrag. Det er viktig dersom vi skal sikre framleis verdiskaping og sysselsetjing i næringslivet i heile landet, seier han.

Høyspentlinje med markører

Olje- og energidepartementet bad i september NVE om å opprette ein «fast track» for å fart på utbygginga av det norske straumnettet.

Tiltak for sysselsetjing hamna i Nederland

Eit springande punkt i debatten er kor rigid EØS-regelverket er, og kor «kreativ» oppdragsgivaren kan vere i utforminga av tildelingskriteria.

Saka vart sett på spissen i 2020 då Stortinget vedtok ein oljepakke for å hjelpe norsk industri gjennom koronakrisa. Eit av tiltaka var at Havforskingsinstituttet skulle byggje eit nytt skip til 110 millionar kroner

Tiltaket stod under overskrifta «Tiltak for auka aktivitet og sysselsetjing – få folk tilbake i jobb».

Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne forklarte at dei gjorde kva dei kunne for at kontrakten skulle hamne i Noreg, men at det ikkje lét seg gjere.

Eg skal love deg at vi undersøkt handlingsrommet. Vi har gjort det som stod i vår makt, sa ho.

Kraftlinje

Avisa Energiteknikk har tidlegare kritisert måten tildelinga av byggjeoppdrag i sentralnettet skjer på. Statnett har på si side peika på at dei følgjer EØS sitt regelverk for offentlege anskaffingar, og at dei norske entreprenørselskapa ikkje er konkurransedyktige.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Sofie Marhaug (Raudt) er andre nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Ho kallar det «ei fallitterklæring» at utanlandske selskap har teke over bygginga av dei store kraftlinjene.

Dette er heilt grunnleggjande infrastruktur og det er derfor svært gode grunnar til å halde oppe kompetansen på dette i Noreg, seier ho.

Ho legg til:

Det er brei semje om å gjere større oppgraderingar framover. Då bør vi også vere i stand til å gjere meir av jobben sjølv. Her bør politikarane sjå på anboda, og kva som vert vektlagt.

Les også Styresmaktene vil hjelpe norske verft – men bygger skip i utlandet

Kleven verft

Pris blir vekta lågare

Olje- og energidepartementet bad i september NVE om å opprette ein «fast track» for å fart på utbygginga av det norske straumnettet.

Bakgrunnen er mellom anna at aktiviteten blant dei som byggjer og monterer straumnettet i Noreg, har gått ned.

Øystein Søraas er dagleg leiar i Kraftmontasje, som byggjer og driftar høgspent- og lågspentanlegg over heile landet.

Dei siste åra har han sett ein trend til at pris blir vekta lågare i anbodsprosessar, og at kriterium som miljø, berekraft, økonomisk gjennomføringsevne og kvalitet vert vekta høgare.

Han er difor håpefull for framtida.

Dette er ein internasjonal bransje. Det må vi ta innover oss. Det viktigaste no er å sjå framover, og få fleire prosjekt opp av skuffa og ut i marknaden.

Er det ein appell til Statnett eller ansvarlege politikarar?

Begge delar!