Hopp til innhold

Lovar ny-opningsfest for Trollpikken

Det blir storstilt opningsfest for den nyreiste fjellformasjonen Trollpikken i midten av august, lovar «Trollpikkens far». I helga har hundrevis av folk frå mange nasjonar valfarta til den etter kvart verdskjente steinen.

For å få den om lag tolv tonn tunge steinen på plass skal en steinbukk på 2,2 tonn brukes. Den er ti meter høy og sveiset på verftet til Aker Solutions i Egersund.

Sjå Trollpikken reisa seg på eitt minutt.

Fredag blei verdssensasjonen Trollpikken reist på plass etter hærverket i juni, då nokon kappa steinen av.

Ifølge «Trollpikkens far» og leiar for kronerullinga for å få den tolv tonn tunge steinen opp å stå igjen, Kjetil Bentsen, blei alt arbeidet gjort ferdig fredag.

Nå skal den reparerte steinen herdast ferdig før stillaset som blei brukt i reparasjonsarbeidet blir tatt ned i løpet av denne veka.

Ny-opningsfest

Kjetil Bentsen i intervju med BBC

Kjetil Bentsen fortel at det er planar om opningsfest for den nyreiste Trollpikken.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ein laurdag midt i august blir det storstilt ny-opningsfest, lovar Bentsen.

– Då blir det mykje moro, songkor, musikkorps, leiker for barna og grilling dersom det ikkje blir for tørrt.

– Blir det skrive ein eigen song til opningsfesten?

– Nokon har fleipa med «You raise me up». Kanskje det blir den, me får sjå, humrar ein av dei største entusiastane for å få den avkappa fjellformasjonen opp igjen.

Han fortel om godt besøk gjennom helga til det ekspertar spår blir ein ny turistmagnet på Vestlandet.

– Hundrevis av folk frå allslags nasjonar har besøkt Trollpikken i helga.

Laster innhold, vennligst vent..

Verdssensasjon

For få veker sidan var det omtrent berre lokalbefolkninga som kjente til den spesielle steinformasjonen i Eigersund.

Lokale entusiastar hadde så vidt starta arbeidet for å få Trollpikken kjent, då den blei kappa av.

Det gjorde den til ein verdssensasjon.

Mange møtte opp for å få med seg oppreisinga fredag, alt frå stortingspolitikarar til turistsjefen i regionen var på plass i det litt sure vestlandsvêret.

For å få den om lag tolv tonn tunge steinen på plass, blei det brukt ein ti meter høg steinbukk på 2,2 tonn, laga av Aker Solutions. Etter nøysamt arbeid gjennom heile dagen, var steinen på plass ein gong utpå fredag ettermiddag.

Nesten 230.000 kroner er samla inn til arbeidet med å på steinen på plass igjen.

Ein person er mistenkt for å stå bak hærverket på Trollpikken, men politiet i Eigersund har så langt ikkje hatt noko gjennombrot i saka.