Hopp til innhold

– Me har tatt oss vatn over hovudet

Rogaland fylkeskommune har garantert for nærare 26 milliardar kroner i forskjellige bompengeprosjekt. Fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap) meiner det er umogeleg å løyse inn garantiane.

Arbeid i Ryfylketunnelen, Ryfast

For den undersjøiske Ryfast-tunnelen, har Rogaland fylkeskommune garantert for 1.910 milliardar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me har eit garantiansvar som er på over 25 milliardar kroner. Nå ser me at finansieringsgrunnlaget blir tynnare og tynnare for den undersjøiske tunnelen Ryfast, mellom Ryfylke og Nord-Jæren, seier Marianne Chesak, fylkesvaraordførar (Ap) i Rogaland.

Marianne Chesak

Marianne Chesak fryktar blant anna kva garantien på 16 milliardar kroner for Rogfast under Boknafjorden, kan bety for Rogaland fylkeskommune sin økonomi.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ho er uroa for storleiken på garantiansvara fylkeskommunen har tatt på seg dei siste åra. Spesielt i Ryfast, der det har skjedd mykje som ikkje fylkespolitikarane tenkte på då dei vedtok garantiansvaret.

– Me har tatt oss vatn over hovudet, seier Chesak.

Det såg så bra ut

Planen til Rogaland fylkeskommune var at to ferjesamband skulle leggjast ned, når den undersjøiske Ryfast-tunnelen til sju milliardar kroner står ferdig i slutten av 2019.

Høgsfjord

Høgsfjord-ferja skal leggjast ned frå fylkeskommunen si side i 2019, men det kan koma private eigarar inn og overta drifta etterpå.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Men nå har regjeringa gitt klar beskjed om at det eine sambandet, mellom Sandnes og Forsand kommunar, kan drivast vidare av private. Og det bør ikkje koma overraskande på fylkespolitikarane, meiner samferdsleministeren.

– Det er ingen nyheit i det som skjer med privat ferjedrift i Høgsfjord-sambandet, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. – Me kan ikkje vera egoistiske og hindra alle andre å utvikla ulike transportløysingar, seier han.

Men det kan bety at så mykje som 20 prosent av inntektene til Ryfast-prosjektet forsvinn, skriv fylkessamferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling i innstillinga til saka i Fylkestinget.

Eit problem i mange fylke

– I sist periode, då eg var fylkesordførar tok eg dette opp fleire gongen med Kommunanes sentralforbundet, seier nåverande gruppeleiar for Høgre i Rogaland fylkeskommune, Janne Johnsen.

Janne Johnsen

Bussvegen på Nord-Jæren er eitt av samferdsleprosjekta Rogaland fylkeskommune har garantert for. Totalt er garantiansvaret for Bompengeringen på Nord-Jæren på sju milliardar kroner.

Foto: Thomas Gaudland

Ho er heilt einig med Marianne Chesak i at fylkeskommunen tar for stort garantiansvar, men meiner at dei ikkje har noko val.

– For å få prosjekt opp å gå, så må nokon ta den børa eit garantiansvar er. Og det gjer me av ein grunn, at me skal få bygd vegar som elles ikkje hadde kome, seier Johnsen.

Prøver igjen

Marianne Chesak tar milliardansvaret som fylkeskommunen i Rogaland har, opp i Fylkestinget, tysdag.

Der ber ho om støtte frå dei andre partia til å ta saka opp med regjeringa ein gong til, for å få fjerna ein del av kausjonsbøra.

– Me kan ikkje risikera at garantiane våre til store samferdselsprosjekt kan gå ut over privatfolk si lommebok ved at me blir tvungne til å auka bompengesatsane mykje.

– Det er det første me må ty til dersom me står i fare for å måtte løyse inn garantiane våre, seier fylkesvaraordførar i Rogland, Marianne Chesak.