NRK Meny
Normal

Om 700 meter er dette verdas lengste vegtunnel

Kvar veke blir den 30–40 meter lengre. Til hausten er det gjennomslag i det som skal bli verdas lengste undersjøiske tunnel.

Arbeid i Ryfylketunnelen, Ryfast

Ei salve sprengjer tunnelløpet om lag fem meter vidare, og kvar veke blir Ryfylketunnelen mellom Stavanger og Strand opptil 40 meter lengre.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Nå er det om lag 700 meter igjen, seier Gunnar Eiterjord, prosjektleiar for Ryfast i Statens vegvesen.

Han står fleire kilometer inne i Ryfylketunnelen, som er under bygging mellom kommunane Stavanger og Strand. Det er meir enn fem år sidan arbeidet tok til, og ennå over to år til opninga mot slutten av 2019.

Fullt så lenge er det ikkje til det blir gjennomslag, altså at arbeidarane frå dei to sidene møter kvarandre 292 meter under havet. Dette skjer ein gong over sommaren. I fjor haust blei det gjennomslag i ein av dei andre Ryfast-tunnelane; Eiganestunnelen.

Tunnelen blir bygd frå begge sider, og det er ein entreprenør på kvar side. Ei salve sprengjer tunnelløpet om lag fem meter vidare, og kvar veke blir tunnelen mellom 30 og 40 meter lenger.

Rømmingsvegar og moderne sikkerheitsutstyr

Når entreprenørane Marti IAV Solbakk DA (Strand-sida) og AF Gruppa Norge AS (Stavanger-sida) møter kvarandre, er heile den undersjøiske Ryfylketunnelen 14,3 kilometer lang. Og då blir den verdas lengste i sitt slag – altså tunnel for ordinær biltrafikk.

Fjellhall, Ryfylketunnelen

Fleire stader i den lengste Ryfast-tunnelen, Ryfylketunnelen, byggjast fjellhallar i tunnelløpet. Dei skal lyssetjast.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Alle tunnelane i Ryfast-prosjektet (sjå faktaboks) blir bygde med to tunnelløp, med to felt i kvar retning. Dette skjer av omsyn til tryggleiken.

– Desse tunnelane blir sett opp med det siste innan moderne sikkerheitsutstyr. Og når vi har to tunnelløp, gir det i tillegg ein heilt annan moglegheit til å rømme ut av tunnelen, for eksempel i tilfelle brann. Og redningsmannskap kan komme betre til, forklarer Eiterjord.

Mellom tunnelløpa blir det bygd rømmingsløp for kvar 250. meter. Fleire av desse blir store nok til at køyretøy kan komme seg gjennom dei.

Vil sende sykkelritt gjennom tunnel

Eit så langt strekk som 14,3 kilometer under havet kan bli monotont og kjedeleg. Men det har Vegvesenet tenkt på. I botn av kvart tunnelløp blir det bygd hallar på 3000 kvadratmeter.

Gunnar Eiterjord

Gunnar Eiterjord, prosjektleiar for Ryfast i Statens vegvesen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I desse skal vi legge inn lyseffektar, slik at det blir opplevingsrom på veg mellom Jæren og Ryfylke, seier Eiterjord.

Prosjektleiaren, som sjølv er aktiv på sykkelsetet, har tidlegare lansert Ryfylketunnelen som mogleg rute for sykkelrittet Tour des Fjords.

Ryfast-trase

Heile Ryfast-prosjektet har tre tunnelar. Ryfylketunnelen (14,3 kilometer, på kartet heiter den Solbakktunnelen, som var det første namnet) og Hundvågtunnelen (5,7 kilometer) går under havet.

Foto: Statens vegvesen