Hopp til innhold

Hit, men ikkje lenger

Kvinner får servere, medan mennene lagar maten i Bocuse d'Or. Berre to land hadde kvinnelege deltakarar i kokketevlinga, medan Noreg aldri har sendt ei kvinne.

Bocuse d'Or 2019

Kvinnelege servitørar sett mat framfor dommarane under kokketevlinga Bocuse d'Or i Lyon i Frankrike denne veka. I bakgrunnen er det menn i kokkeklede. 24 land deltok. Berre Thailand og Sør-Korea hadde kvinnelege kandidatar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg veit ikkje kvifor. Vi har dyktige konkurransekokkar, kvinner, som er i stand til å bere ein slik prosess, seier Arne Sørvig, dagleg leiar i Bocuse d'Or Noreg.

Sidan Arne Brimi deltok i den første Bocuse d'Or i Lyon i Frankrike i 1987 har Noreg sanka medaljar. Fem gull, tre sølv og tre bronse. Dette er fleire enn nokon andre land, men ingen av medaljane har gått til ei kvinne. Sjølvsagt fordi ei kvinne aldri har vore kandidaten frå Noreg.

Kvinna som har vore nærast

– Ein kokk har ofte to draumar: Opne eigen restaurant og konkurrera i Bocuse d'Or, seier Kari Innerå.

Draumen om å opne eigen restaurant var den einaste som gjekk i oppfylling for henne, sjølv om ho var svært nær den andre draumen også. I 2009 kom ho på tredjeplass i kvalifiseringa til Bocuse d'Or.

Kari Innerå

Gourmetkokk Kari Innerå kunne blitt den første norske kvinna til å representera Noreg under kokke-VM, men det heldt akkurat ikkje.

– Eg møtte dommar Geir Skeie i bakgangen etterpå. Han sa at eg kunne vera stolt av det eg hadde levert, og at det var på eit nivå som kunne heldt til Lyon, fortel Innerå.

Men det var altså ikkje nok. Ho hamna med knapp margin bak Even Ramsvik og vinnaren Gunnar Hvarnes, som to år seinare tok bronsemedalje i Lyon.

Innerå er ikkje bitter, men stolt over prestasjonane sine. Ho har eit stort ønske om at det ein dag blir ei kvinne som representerer Noreg. Likevel meiner ho at kvinner ikkje må kvoterast inn.

– Det må brukast ressursar og tid på å motivera kvinner til å melda seg på. Eg hadde vore heilt i hundre om det blei ei kvinne, og eg skulle gjerne hjelpt til, seier ho.

Hadde mål om å vinna

Ei anna som ein gong ønskte seg til Lyon, er Miriam Østvik Jenssen. Ho kjenner framleis hjartebank og fingerkløe kvar gong det er Bocuse d'Or.

– Eg sa ein gong at eg skulle vinne «Bocuse», seier ho.

For å bli kandidat i Bocuse d'Or må ein først delta i den norske tevlinga Årets kokk. Det gjorde Jenssen tre gonger. Først to gonger som commis, og til sist som kandidat i 2011. Ho jobba på norske topprestaurantar og var på kokkelandslaget i fem år. I 2012 tok dei sølv i kokke-OL.

Så skjedde resten av livet. I 2014 blei ho tvillingmor.

Miriam Østvik Jenssen

Miriam Østvik Jenssen jobbar nå for betre mat og ernæring på Stavanger universitetssjukehus, ho hadde ein gong eit mål om å vinna Bocuse d'Or.

Foto: Screen story

Hadde ho prøvd seg i Årets kokk på ny, og vunne, hadde ho fått bli med i det europeiske Bocuse d'Or året etter. Og i verdstevlinga året etter det.

– Du må sette av fleire år viss du satsar på Bocuse. Arbeidsmengda er heilt vanvitig, seier ho.

Til sist gav Jenssen opp. Ho fann inga løysing på korleis ho kunne vere mor og konkurransekokk på same tid. I dag jobbar ho for betre mat og ernæring på Stavanger universitetssjukehus.

– Det er også veldig givande og verdifullt for meg. Eg får bidratt til utvikling av sjukehus- og institusjonsmat, seier ho.

– Mange mannlege kokkar får barn i konkurranseåra, men som kvinne må du velje, seier ho, som samstundes meiner barn berre er ei av fleire moglege forklaringar.

– Viss Bocuse Noreg verkeleg vil vite kvifor kvinnene ikkje stiller, må dei spørje dei aktuelle kvinnene. Dei får seie frå om dei treng hjelp, legg ho til.

Natcha Saengow

Natcha Saengow frå Thailand var ei av to kvinner som var med under Bocuse d'Or 2019. Den andre var Seon Yeong Gu frå Sør-Korea.

Foto: Jean-philippe Ksiazek / AFP

Ønsker kvinner

Lise Finckenhagen var med på laget til Terje Ness, som vann i 1999. Då Ørjan Johannessen deltok i den europeiske finalen i 2014, året før han vann, hadde han med seg Julie Ekse Jenssen. Men ho var ikkje med då han tok gullet i 2015.

– Ingenting hadde vore meir morosamt enn å sjå ein norsk kvinneleg kokk på toppen av podiet. Det hadde vore fantastisk, seier Arne Sørvig i Bocuse d'Or Noreg.

Sørvig fortel at dei har prøvd å få fleire kvinner til å stille, utan å lukkast heilt. Ei kvinne var dessutan aktuell som commis, altså assistent, for årets kandidat. Men ho måtte til slutt takke nei fordi ho ikkje hadde høve.

– Eg håpar intenst at vi kan få kvinnelege kokkar som søker om å bli kandidat til Årets kokk, seier han.

Søknadsfristen er 15. februar.