Hopp til innhold

Slik skal dei skapa jubel på stadion igjen

Fredag skal aksjonærane i Viking FK få presentert planen som skal få fotballklubben opp i eliteserien igjen og kva det vil kosta.

Eliteserien fotball 2017: Viking - Sarpsborg (2-1).

Neste år spelar Viking i 1. divisjon. Fredag skal aksjonærane i Viking FK møtast for å leggja ein slagplan for korleis opprykket skal sikrast.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Situasjonen har vore ekstraordinær i heile år, og verre har det blitt. Likevel må målet vera at Viking skal tilbake, og haldninga må vera Viking til me døyr, seier styreleiar i Viking Fotball AS, Stig H. Christiansen.

På tampen av Viking sin krisesesong står dei nå utan hovudtrenar etter at engelske Ian Burchnall, til hans eiga overrasking, fekk sparken. Fredag morgon bekreftar klubben til NRK at også sportssjef Bård Wiggen er ferdig i klubben.

Fleire av deira største profilar kan forsvinna, i tillegg til ei rekke spelarar som er på utgåande kontrakt.

Klubben slit også økonomisk, noko som har ført til at fleire tilsette i administrasjonen har mista jobben.

Stig H. Christiansen

– Haldninga må vera Viking til me døyr, seier styreleiar i Viking Fotball AS, Stig H. Christiansen

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Klubben treng med andre ord ein plan, og det er dette Christiansen ønsker å servera aksjonærane i Viking i dag.

– Eg kjem til å legga fram ein plan for korleis me kan få Viking opp igjen på første forsøk. Dette er den som me meiner er den mest realistiske, og kva me treng av pengar for å få dette til, seier han.

Ønsker ikkje å be om pengar

Møtet i dag er ikkje ei generalforsamling der aksjonærane skal ta stilling til noko. Styret ønsker likevel å informera dei for å høyra om dei har innspel eller synspunkt.

Krev planen din likevel at aksjonærane går inn med meir pengar?

– I utgangspunktet ønsker eg ikkje det, men dette er noko eg ikkje vil seia så mykje meir om før eg har snakka med aksjonærane. Aksjonærane våre har søren meg stilt opp mykje som det er, seier han, og legg til at stadionsal er hovudplanen.

I morgen åpner porten. Foto:Per Thime/NRK

Stavangerpolitikarane diskuterer i desse dagar om dei skal ta over eigarskapet av Viking stadion.

Aksjonærane vil også bli oppdaterte om korleis det går med eit eventuelt sal av Viking stadion til kommunen. Noko som vil vera svært gunstig for klubbens økonomi. NRK har tidlegare omtalt at det er politisk fleirtal i Stavanger for å forhandle om eit kjøp.

Nytt stadion-møte

– Fleirtalet i kommunen har sagt ja til å forhandla med Viking, så vil tida vise om me seier ja til den avtala som blei forhandla fram, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H).

Etter det NRK får opplyst blei det gjennomført eit møte mellom kommunen og representantar frå Viking stadion AS onsdag.

– Det går føre seg diskusjonar om eit eventuelt oppkjøp, men førebels er det ikkje noko nytt i saka, opplyser ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H).

Eit kommunalt oppkjøp av stadion, har skapt stor debatt. Ein av dei som har stilt seg kritisk til at skattebetalarane skal ta rekninga er fotballforskar Tor Geir Kvinen.

– Eg vil ikkje vera med på eit ekstremt dårleg kjøp for kommunen. Eg må for eksempel sjå om det er noko i oppkjøpet som gjer at me får tilført meir treningstid til våre breiddelag, avsluttar ordføraren.

Viking har to kampar att av eliteserien før dei neste år spelar førstedivisjonsfotball for første gong på 31 år.