Viking stadion sto ferdig i 2004. Nå har ikkje fotballklubben råd til å ha anlegget lengre og ønskjer at Stavanger kommune skal overta.
Les også:
Kommunalutvalet i Stavanger vert informert om forhandlingane og skal også gi sine råd til rådmannen i dag, tysdag føremiddag.
Gruppeleiarane i SV og Ap meiner kommunen heller bør bruka pengar på noko anna enn kjøp av Viking stadion.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKSV og Arbeidarpartiet ser heilt vekk frå å bruke kommunale pengar på å kjøpa eit fotballstadion.
– Nei, slik som saka ligg nå så er det ingen god handel. Det er ein risiko for kommunen å gå inn som eigar i eit slikt stort anlegg, seier gruppeleiar for Ap, Kari Nessa Nordtun.
Uklårt kva prisen blir
Prisen den gong stadion sto ferdig i 2004 var 160 millionar.
Viking har om lag 70 millionar i gjeld til banken og dei skal truleg også betala like mykje, altså 70 millionar kroner, tilbake til kommunen.
Les også:
Det er fordelt på 20 millionar i gjeld og 50 millionar i gåve/tilskott til bygginga i Jåttåvågen. Føresetnaden for at kommunen stilte opp med 50 millionar i 2004, var at pengane skulle tilbake betalast i tilfelle Viking ville selje stadionet.
Ikkje tid for stadionkjøp nå
På fredag kjem rådmannen med sitt forslag til budsjett for 2018. Der er det alt varsla at det blir trongare for kommunen, og fleire investeringar er sett på vent.
Nye Viking stadion blei opna i 2004.
Foto: Hansen, Alf Ove / Alf Ove Hansen– Den økonomiske situasjonen kommunen er i nå, gjer at ein ikkje kan prioritera å redda aksjonærane i Viking, seier gruppeleiar i SV, Eirik Faret Sakariassen
Kan få billeg stadionkapasitet
I dag tysdag klokka 09, samlast Kommunalutvalet i Stavanger. Der kjem rådmannen til å leggje fram sine vurderingar av dei forhandlingane.
Rådmannen kjem også til å be om råd frå politikarane i fleire spørsmål som har oppstått.
John Peter Hernes er gruppeleiar for Høgre i Stavanger. Han meiner kommunen kan få eit billeg fotballanlegg både til breidde og toppfotball, dersom forhandlingane går godt.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKFleirtalet av politikarane i Stavanger vil vente på resultatet av forhandlingane før dei bestemmer seg.
Gruppeleiar for Høgre, John Peter Hernes seier at kommunen uansett har behov for stadionkapasitet, både til toppfotball og til breiddefotball.
- Les også:
– Det at me eventuelt overtar stadion kan bety at me kjem billegare til kapasitet enn kva det ville kosta å byggje det ut på eiga hand. Men det må vera gunstig for skattebetalarane og for kommunen, understrekar han.
Innsyn i saka
Hernes meiner også at forhandlingane må gjerast ferdig, før saka kan gjerast tilgjengelege for folk flest.
Arbeidarpartiet og SV er også usamde i denne delen. Dei meiner at det meste som nå går føre seg bak lukka dører kan opnast opp for publikum.
– Eg kjem til å stå på for at denne saka skal vera open. Eg meiner det er viktig at innbyggjarane får innsyn, seier Kari Nessa Nordtun.