Hopp til innhold

Får millionar til etterforsking av menneskehandel

Rogaland Politidistrikt har fått tildelt 3,2 millionar kroner frå Justisdepartementet til å auka innsatsen mot menneskehandel.

Menneskehandel

MINDRE AV DETTE: Politiet i Rogaland får over tre millionar kroner til å jobba for å hindra blant anna dette.

Foto: Inger Marie Norstrøm / NRK

– Det vil setja oss i stand til å tilsetta fleire etterforskarar, men også fleire analytikarar som kan finna ut kor stort dette problemet er, seier politiinspektør Ernst K. Rossebø, som meiner pengane kjem svært godt med for å avdekka fleire tilfelle av menneskehandel.

Vil vidareføra prosjektet

Ernst Kristian Rossebø

POLITIINSPEKTØR: Ernst K. Rossebø

Foto: NRK

Arbeidspresset for dei som jobbar med organisert kriminalitet, som omfattar blant anna menneskehandel, er stort. Det skuldast at desse sakene er svært kompliserte.

– Det gjeld menneske frå ulike samfunnslag, nasjonar og med ulik etnisk bakgrunn. Det er språkproblem og folk som gjerne har andre grenser enn det me har, slik at det er vanskeleg å finna ut av kva dei er med på frivillig og kva som er tvang.

Pengane Justisdepartementet har tildelt gjeld for eit prosjekt ut 2016, men Rossebø håpar dette vil bli vidareført.

– Forhåpentlegvis kan dette gå inn i ei fast organisering. Målsettinga er at me skal halda fram å kjempa mot menneskehandel like sterkt etter 2016, som me kan gjera når me får desse pengane, seier Rossebø.

– For mykje administrasjon

Odd Rune Torstrup

ADVOKAT: Odd Rune Torstrup

Foto: Andre Lia / NRK

Advokat Odd Rune Torstrup forsvarar ein av dei to rumenarane som er sikta for hallikverksemd etter eit raid mot eit bordell i Stavanger. Siktinga kan bli utvida til menneskehandel, det vil den vidare etterforskinga visa. Torstrup er usikker på kor stor effekten blir av dei nyleg tildelte pengane.

– Etter mitt skjønn er politiet ofte litt for tunge på mellomleiarnivået. Det vil seia at det går for mykje pengar vekk til administrasjon, og for lite til konkret operativ teneste, meiner han.

For at den nye gruppa skal bli mest mogleg effektiv, er Torstrup klar på at det må knytast ein fast jurist til denne nye gruppa.

– Det er heilt openbart. I desse sakene er det ein del heilt spesielle problemstillingar som reiser seg. Ein må vita kva ein gjer, og ein må gjera det raskt, både under arrestasjon og ransaking. Det må vera unge, flinke, svoltne tenestefolk som jobbar saman med denne juristen.