Hopp til innhold

11 av 17 godtek sexbøter

11 av 17 horekundar som vart tatt etter ein aksjon mot eit bordell i Stavanger, har vedtatt bøter på 15.000 kroner kvar. – Det er fleire som gir uttrykk for at dei er glade for å bli stoppa, seier Magnus Jåtun i politiet.

Rumenar blir arrestert

TATT ETTER BORDELLRAID: Ein av dei mistenkte rumenarane blir arrestert av politiet den 16. juni.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Dette er folk i alle aldersgrupper og samfunnsgrupper. Det speglar eit breitt kundegrunnlag. Eg har diverre sett dette gå att i mange samanhengar, så eg blir meir skuffa enn overraska, seier Magnus Jåtun, politiinspektør ved Rogaland politidistrikt. Blant kundane finn me ein tannlege, ein helikopterpilot, ingeniørar og eit par økonomar.

Det var den 16. juni at politiet slo til mot eit hus rett utanfor Stavanger sentrum, der fire rumenarar hadde seld sex i tre månader. To personar sit framleis varetektsfengsla, sikta etter hallikparagrafen. 17 kundar vart også arresterte – 11 av dei har vedtatt bøter på 15.000 kroner kvar og nokre av dei har endå ikkje vore inne til avhøyr.

– Glade for å bli stoppa

Magnus Jåtun

IKKJE OVERRASKA: Politiinspektør Magnus Jåtun.

Foto: Erik Waage / NRK

Horekundane fortel i avhøyr om kvifor dei kjøper sex, og det er mange ulike årsaker for det.

– Det er spenning, det har mykje med haldningar å gjera og dei kan få tips frå kjenningar eller vener. Nokre har konfliktar i eigne relasjonar, dei er einsame og det er dei som aktivt søker desse freistingane med å nytta dei ulike nettportalane, seier Jåtun.

– Når dei sit i avhøyr, er dei flaue?

– Det er fleire som gir uttrykk for at dei er glade for å bli stoppa og for å få ein vekkar om at dette er gale. Andre gir meir uttrykk for at dei visste om risikoen på førehand og det var ein sjanse dei tok.

– Kva tenkjer du om det?

– Det fortel at det er eit haldningsspørsmål som må jobbast vidare med. Difor er denne typen innsatsar som me gjer viktige for å halda i hevd det verdigrunnlaget som samfunnet legg i dette forbodet.

Målet er bakmennene

– Dette er å utnytta menneske som er i ein vanskeleg situasjon. Om det for den eine kunden berre er snakk om eitt tilfelle, kan det for kvinna vera snakk om kunde nummer seks, sju eller åtte den dagen. Det er ein bruk av eit anna menneske som me ikkje ønskjer i dette samfunnet.

Slike saker er ofte tidkrevjande for etterforskarane, og målet er heile tida å ta bakmennene.

– Det blir jobba veldig breitt i dei store sakene for å skaffa bevis mot dei som driftar grunnlaget og gjer butikk ved sidan av dei prostituerte, som gjerne må betala ulike gebyr og avgifter til bakmennene sine, seier Jåtun.