Hopp til innhold

To i varetekt etter bordellraid

To rumenarar i 20-åra, ei kvinne og ein mann, er i dag varetektsfengsla i fire veker i Stavanger tingrett, sikta etter hallikparagrafen.

Rumenar blir arrestert
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

På tysdag slo politiet til mot eit bustadhus like utanfor Stavanger sentrum. Då hadde politiet i fleire månader spana på huset etter mistanke om at dei to dreiv bordellverksemd derifrå.

Dei sikta har leigd huset, og har hatt fire prostituerte rumenarar som har selt sex frå kvart sitt soverom. På desse romma fann politiet blant anna kondom, glidemiddel og sexleiketøy.

Brev- og besøksforbod

I dag vart dei varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei er sikta etter hallikparagrafen, det å leggja til rette for og fremja andres prostitusjon.

Advokat Odd Rune Torstrup er forsvarar for den sikta mannen.

Odd Rune Torstrup

MANNEN SIN FORSVARAR: Odd Rune Torstrup.

Foto: Magns stokka / NRK

– Min klient er ikkje tilfreds med varetektsfengslinga, fordi han meiner han ikkje har gjort noko gale. Han har kome til Noreg saman med sin kjæraste og nokre av hennar venninner for å tena pengar. Ho har prostituert seg, men han har ikkje noko med det å gjera, seier han.

På måndag kjem han til å anka saka for å få sin klient sleppt fri.

Siktet for hallikvirksomhet.

SJÅ REPORTASJEN: NRK var med då politiet aksjonerte mot huset utanfor Stavanger sentrum på tysdag.

– Saka er hausa opp

– Det er ein vennegjeng som har vore i den yttarste naud i Romania. Det er ingen bakmenn, og det er ingen store kriminelle element. Dette er ein sak som etter min meining politiet har hausa opp, held han fram.

– Kor realistisk er det for at han blir sleppt fri?

– Det er opp til lagmannsretten å vurdera, svarar Torstrup.

Gunnar Øystein Helgevold

KVINNA SIN FORSVARAR: Gunnar Øystein Helgevold.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Advokaten til den sikta kvinna, Gunnar Øystein Helgevold, seier dei ikkje har tatt stilling til om dei skal anka eller ikkje.

Ein tredje person som vart arrestert i det same huset på tysdag vart også framstilt for fengsling i denne saka, men han vart sleppt fri av retten.