Hopp til innhold

Jaktar tomter i Stavanger

Bustadbyggelaget Bate på Nord-Jæren trassar den dårlege bustadmarknaden. Selskapet har 200 millionar kroner på bok og vil nå bruke store beløp på å kjøpe tomter i Stavanger.

Direktør Paul Boxill i Bate bustadbyggelag på Nord-Jæren

Direktør Paul Boxill utanfor kontoret til Bate bustadbyggelag på Mariero i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er jo tider nå, der du kan få betre kjøp enn for eit par år sidan, seier Paul Boxill, administrerande direktør i Bate bustadbyggelag.

Derfor går han og Bate mot straumen i oljefylket Rogaland og signaliserer at dei er på jakt etter å storhandle sentrale tomter i Stavanger. Helst så sentralt som råd er.

Madla-Revheim 2014

I området Madla-Revheim er det planar om å byggje ein ny bydel. Dette området er interessant for Bate bustadbyggelag.

Foto: Stavanger kommune

– Tomter langs hovudinnfartsvegane er alltid interessante. Stader som Hinna, Gausel, Madla og Sunde, er slike område, seier Boxill.

Han lovar å setje i gong prosessen med regulering og bygging så snart han har fått tak i dei rette områda.

Får støtte

– Det synest eg høyrest lurt ut. Det seier leiar i Eigedomsmeklarforeninga i Rogaland, Bård Birkeland.

Han registrerer at nedgangen i bustadprisane ser ut til å ha stoppa opp. I alle fall har det vore tilfelle etter nyttår. Dersom det er slik at denne utviklinga fortset og kanskje også fører til ei betring i bustadmarknaden, så kan det vera klokt å kjøpa grunn å byggje på nå.

– I dag er det flust av bustader til sals. Det er også veldig mange prosjekt som er klare, men som ikkje blir bygde ut fordi kjøparane ikkje er der, seier Birkeland.

Likevel meiner han at tomtekjøp nå er ein god idé, fordi det i framtida vil vera bruk for mange fleire hus i området.

– Spørsmålet er vel heller om Bate finn passande tomter som er til sals, seier han.

Hinna

I forgrunnen Hindal gard på Hinna. I bakgrunnen Hafrsfjord og Madla. Her jaktar også Paul Boxill tomter til Bate bustadbyggelag.

Foto: Widerøe / Stavanger Byarkiv

Vanskeleg å finne

Akkurat det kan Paul Boxill i Bate skrive under på. Han har prøvd ei god stund nå på å få kjøpt passande tomter sentralt i Stavanger, utan å ha lukkast. Nå er han litt uroa for at tomtebanken hans, spesielt i Stavanger, er i ferd med å gå tom.

– Me har tomter til 600 bustader på lager, men dei fleste ligg i Sandnes, Randaberg, Time og Strand, fortel Boxill.

Får han tak i det han jaktar på sentralt i Stavanger, er vegen kort til at bygginga kan starte, lovar Boxill.