– Tidleg slakting gjer at me er leveringsdyktige på årets ferske lam tidlegare enn vanleg, seier kommunikasjonsrådgivar i Nortura, Tanita Kveinå.
I Saudafjella i Rogaland starta sauebønder jobben med å henta ned sauene frå fjellbeite alt siste veka i august.
Det er tørkesommaren og prisen på lammekjøtet som gjer at sauene blir sanka saman ei til to veker tidlegare enn normalt.
– Eg hadde kanskje trudd at beite på heia skulle vare litt lenger i år. At det tørre og visne graset skulle veksa opp igjen. Men det ser ikkje ut til å ha skjedd slik som i låglandet, seier Jakob Hidle, nestformann i Breiborg og Sandvatn beitelag.
2000 sauer og lam skal beitelaget henta ned frå sommarbeite.
Travelt for slakteria
Sjølv om det er store variasjonar rundt om i landet, blir også sauer andre plassar henta ned frå fjellet tidlegare på grunn av at det er lite mat for dyra, ifølge medlemsorganisasjonen for saue- og geitebønder, Norsk Sau og Geit.
– Spesielt rundt Oslofjorden og Agderfylka har sauene kome heim tidleg. Når det er dårleg med fôr, blir dei slakta tidleg. Andre plassar er sankinga utsett på grunn av lite fôr heime og betre forhold i heia, seier generalsekretær Lars Erik Wallin i Norsk Sau og Geit.
Tidleg lammeslakting fører til ein travel sesongstart for slakteribransjen, som frå før har ein travel slaktesesong på storfe på grunn av tørken.
– Dersom mange leverer lam tidlegare enn normalt, kan det føra til ei viss opphoping og ei utfordring for oss, seier konsernsjef Terje Wester i Fatland, Norges største private kjøttbedrift.
Årets lam tidleg i butikkane
Men for dei som er glad i fårikål eller lammesteik til middag, betyr det først og fremst gode sjansar for ferskt lammekjøt i kjøledisken framover, ifølge Fatland-sjefen.
– Det kan også skje at noko må på fryselager. I tillegg blir lammesesongen litt tidlegare ferdig i år.
Også Nortura har merka at lammesesongen har starta litt tidlegare enn normalt, med noko auke i slakt av lam og sau. Men dei siste vekene har det vore normal mengde.
– Dei store sankehelgene kjem nå framover, men me utnyttar kapasiteten på anlegga våre godt og handterer førebels dette greitt, seier kommunikasjonsrådgivar Tanita Kveinå.
Tidlege lammeleveransar er også godt nytt for dei som har tradisjon for pinnekjøt til jul.
– Me er godt i rute med leveransane og kjem samtidig i gang med pinnekjøtproduksjonen, slik at me har det klart i god tid før jul.
Ifølge Lars Erik Wallin i Norsk Sau og Geit er det for tidleg å konkludera om årets tørkesommar har råka kvaliteten på lammekjøtet.
– Det er ikkje kome nokre sterke signal på dette. Enkelte stadar ser det bra ut, andre plassar er lamma mindre og meir prega av tørken.
- LES OGSÅ: