Hopp til innhold

1000 tonn sauekjøt vert pelsdyrfôr

19.000 bønder fekk brev med nedslåande nytt etter den ekstreme sommaren: Kjøt frå fleire tital tusen sauer vert til fôr for mink og rev.

Sauer Meråker

Sauer kosar seg med saftig gras. No vert 1000 tonn sauekjøt pelsdyrfôr for å gjera plass på fryselagera.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

Den varmaste sommaren i manns minne har gått ut over grasveksten. Det gjer at mange bønder manglar fôr til vinteren. Difor må dei slakta tidlegare enn vanleg.

Men fyrst må fryselagera tømmast.

I dag fekk 19.000 Nortura-eigarar brev, der det mellom anna står:

«Med den ytterlegare merslaktingen av sau vi regner med å få i haust på grunn av tørken, er det helt nødvendig å ta noe av det økte sauevolumet ut av det tradisjonelle markedet. Omsetningsrådet vedtok derfor på torsdag å regulere bort 1000 tonn sau som pelsdyrfôr.»

Rev

MAT TIL MIKKEL: Kanskje står lammelår på menyen til denne krabaten i haust?

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mat til mink og rev

– Me er i ein situasjon der både tørke og fôrmangel gjer at det vert slakta meir sau enn vanleg, seier Bjørg Tørresdal som leier Omsetningsrådet.

Fram til og med 2015 vart det produsert for lite fårekjøt i Noreg. Bøndene fekk raskt opp produksjonen, utan at salet har auka like mykje.

Bjørg Tørresdal

VIL IKKJE KASTA MAT: leiar i Omsetningsrådet Bjørg Tørresdal seier at det er betre å gjera fårekjøt om til dyrefôr enn å kasta det.

Foto: Frank Almås / NRK

– Det er viktig for oss at mat ikkje vert kasta eller destruert. Det beste er at alt vert menneskemat. Når me har for mykje er det nest beste å gje det til dyra, seier Tørresdal.

Men ho fryktar ikkje at dette vert normalsituasjonen framover.

– Det er sett i gang tiltak for å auka salet av fårekjøt, og dei verkar. Folk kjøper meir, og det betyr at me kanskje kan finna gode løysingar på litt lenger sikt, seier ho.

Berre to sauemiddagar meir i året

Nestleiaren i Hordaland sau og geit likar ikkje vedtaket til Omsetningsrådet.

– Det burde vore betre måtar å brukt kjøtet på enn å mala det opp til dyrefôr, seier Kjetil Rødland.

Dersom me set slaktevekta til 35 kilo, er det snakk om bort i mot 30.000 dyr som no skal malast opp til pelsdyrfôr.

Saueslakt ved Nortura Reset

SAUESLAKT: Mange vel å slakta tidlegare enn vanleg i år for bruka fôret på dei sauene som ikkje skal slaktast i haust.

Foto: Ådne Dyrnesli

– Det er vanvitig mange sauer, seier Rødland.

Men overproduksjonen av kjøt kjem ikkje som noko overrasking. Han meiner at alle ledd – frå bøndene til Nortura og matvarebransjen – må ta sin del av ansvaret.

– Me ikkje er flinke nok til å bruka sauekjøtet, seier han.

Der er engelskmennene mykje flinkare enn oss. Rødland meiner at me rett og slett må eta meir sau og lam.

– Overproduksjonen utgjer ikkje meir enn to sauemiddagar per nordmann i året.

Nortura jaktar på alternativ

– Dette er absolutt ikkje fyrstevalet, seier Ellen Flø Skagen som er direktør for kommunikasjon, samfunnsansvar og trygg mat i Nortura.

Ellen Fl├© Skagen presse 17.jpg

FORTENER Å VERTA MENNESKEMAT: I år skal 1000 tonn sauekjøt verta dyrefôr. Slik burde det ikkje ha vore, meiner Ellen Flø Skagen i Nortura.

Foto: Erik Buraas / STUDIO B13

Ho seier at dei treng fleire måtar å bruka kjøtet på når lagera er fulle.

– Dette flotte, tradisjonsrike kjøtet fortener å gå til menneskemat, men me sel ikkje nok av det. Å gje det til pelsdyr er trass alt betre enn at det vert kasta.