Hopp til innhold

– Kjærgaard kunne sagt mykje meir

Kor kjøpte han dopet? Kven lærte han opp? Kvifor gjekk han til dopinglegen? Dette er spørsmål sykkelekteparet Gunn-Rita Dahle Flesjå og Kenneth Flesjå meiner Steffen Kjærgaard burde gitt svar på under dagens pressekonferanse.

I dag fortalte den tidlegare sykkelproffen Steffen Kjærgaard om fleire år med systematisk doping. Norges sykkeldronning Gunn-Rita Dahle Flesjå og trenaren og mannen hennar Kenneth Flesjå blei ikkje sjokkerte.

►SJÅ VIDEO: Sykkelekteparet Gunn-Rita Dahle Flesjå og Kenneth Flesjå meiner at alle korta nå må fram på bordet når det kjem til doping i sykkelsporten.

Steffen Kjærgaard

Her er Steffen Kjærgaard klar til å forsvara Lance Armstrong si gule leiartrøye som hjelperyttar for US Postal-laget i Tour de France 2001. Nå har han innrømma dopingbruk.

Foto: Eriksen, Per- Espen / NTB scanpix

Terrengsyklist Gunn-Rita Dahle Flesjå og trenaren hennar, samt mann og tidlegare landevegsryttar Kenneth Flesjå, var på lista over syklistar som Steffen Kjærgaard ringde opp før pressekonferansen i dag.

Ingen av dei blei sjokka då han fortalde at han ville tilstå systematisk bruk av doping, i tida då han var proffsyklist.

– Det kom ikkje som noko sjokk, men det var veldig vondt og tragisk å høyra det direkte frå Steffen, seier Gunn-Rita til NRK i dag.

– Nå må alt på bordet

Etter avsløringane om Lance Armstrong sin dopingbruk, hadde dei venta denne beskjeden frå mannen som har vore sjefen deira i fleire år.

Men etter å ha sett pressekonferansen på TV var verken OL-vinnaren frå Athen, eller trenaren hennar heilt nøgde.

– Han kunne sagt mykje meir, seier Kenneth Flesjå.

Gunn-Rita sit ved sida av og samtykker.

– Alt må på bordet nå. Dette er verkeleg tida for å få tatt dette på alvor og reinska skikkeleg opp, seier ho.

– Kva type informasjon meiner de at Kjærgaard held tilbake?

– Han burde ikkje vera redd for å gå ut med namn. Om det betyr at han må angi legar eller lagkameratar, så må han berre gjera det. Han må fortelja heile historia om kva som har skjedd sidan 1998, seier Kenneth.

Han legg til at pressekonferansen var ei slags reinvasking for Kjærgaard personleg, men at dei sit att med eit inntrykk av at han burde gått meir i detalj.

– Det skal likevel seiast at det kan vera vanskeleg å koma med alt dette i ein pressekonferanse. Me får håpa at absolutt alt kjem fram når han går i møte med Antidoping Norge.

– Namn må på bordet, slik at ein kan reinska opp i heile systemet. Ikkje berre syklistane, men heile hjelpeapparatet.

– Han har juksa seg til suksess

– Kva er det som er gale med sykkelsporten?

– Eg trur den største feilen, som har blitt gjort, er at når ein tidlegare har funne systematisk doping har ein berre kappa av nokre greiner. Rota har stått att. Dei burde hatt ein skikkeleg oppvask for lenge sidan, svarar Gunn-Rita.

Ein annan OL-ryttar som meiner at sykkelsporten sitt rykte nå er på eit botnnivå er Alexander Kristoff.

Han meiner rykte til norsk sykkelsport er på eit botnivå, etter Steffen Kjærgård innrømma dopingbruk.

►SJÅ VIDEO: Alexander Kristoff vant OL-sølv i London i år, nå meiner han at omdømet til sykkelsporten har nådd ein botn.

Då NRK møtte proffsyklisten i Stavanger i dag, var det ein skuffa mann som snakka.

– Eg hadde håpt og trudd at me nordmenn hadde eit litt anna forhold til doping enn land lenger sør, som kanskje ikkje bryr seg like mykje.

Han held likevel fast på at Kjærgaard har vore ein god trenar, men prestasjonane hans som syklist er ikkje lenger like imponerande.

– Han har juksa seg til suksess som ryttar, desse prestasjonane har eg ikkje lenger like stor respekt for, seier han.

Han meiner også at dette er tida for folk å koma ut, dersom dei sit på ei løgn.

Sjølv om Kristoff sitt russiske lag, Katjusja, har hatt ei dopingsak medan han har sykla for klubben, meiner han at dopingbilete har endra seg.

– Nå er det enkeltryttarar som gjer det på eige initiativ. Eg har aldri sett organisert doping i klubbane eg har vore.

Han meiner den tida er forbi.

– Eg trur ikkje klubbar torer å ta den risikoen lenger. Om mange blir tatt på eitt lag mistar laget lisensen og er ute av heile sirkuset, seier han.

Også Gunn-Rita og Kenneth håper tidene er betre nå.

– Eg trur norsk sykkelsport må sjå på dette som ein ny start. Eg trur dagens proffar frå Norge er reine, og dei er i ein ny tidsepoke der dei klart har stått fram med kva verdiar dei har, seier Gunn-Rita.

Likevel håper ho at det blir grave i alle krokar i sykkelmiljøet nå.