Hopp til innhold

– Eg har visst om dopinga heile tida

Tidlegare sportssjef i Norges Cykleforbund, Svein Gaute Hølestøl, lot Steffen Kjærgaard ta over jobben hans, sjølv om han kjende til dopinga.

Landslagsjef Svein Gaute Hølestøl

Svein Gaute Hølestøl var sportssjef i Norges Cykleforbund frå 2000 – 2006, etter han var det Steffen Kjærgaard som tok over. (Arkivbilete frå då Svein Gaute Hølestøl var landslagssjef for Norge sitt U23 lag under VM i Verona, Italia).

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg var saman med Steffen Kjærgaard hos legen i Belgia. Me fekk begge tilbod om EPO, men eg takka nei, seier den tidlegare proffsyklisten frå Sandnes, Svein Gaute Hølestøl, til Rogalands Avis.

Han var lagkamerat med Kjærgaard på danske Team Chicky World på slutten av 90-talet, då Kjærgaard byrja å dopa seg.

Sa ingenting

Han seier han kunne vore med på dopinga, men valde å avslå. Likevel har han heile tida visst at hans sykkelkamerat valde ein annan veg.

I 2000 avslutta Hølestøl si eiga proffkarriere, og fekk jobb som sportssjef i Norges Cykleforbund. Denne jobben hadde han fram til 2006, då nettopp Kjærgaard overtok.

Hølestøl sa aldri frå til nokon om dopinghemmelegheita han sat på, heller ikkje då Kjærgaard tok over jobben hans.

– Det handlar vel om at eg meiner ryttarane sjølv må vera store nok til å stå fram. Det var ikkje meg dette handla om, og eg både er og var ein god kompis av Steffen, seier han til avisa.

Blanda kjensler

Han legg likevel til at han hadde blanda kjensler då Kjærgaard tok over jobben hans.

– Han er ein god trenar, og eg visste at han kom til å vera god både på oppfølging av utøvarane og reint tverrfagleg. Samstundes kjende eg meg trygg på at han ikkje ville overføra denne type haldningar til dagens ryttarar, seier Hølestøl.

Hølestøl fryktar nå for omdømmet til norsk sykkelsport, men meiner at det er fleire reine ryttarar nå enn tidlegare.

Sjølv hevdar han at han sjølv berre kjenner til Kjærgaard, og kan derfor ikkje svara på om det kjem fleire innrømmingar framover.

Meir om dopingsaka:

– Blei med det eine besøket

Sjølv om Steffen Kjærgaard ikkje kan hugsa at dei to var saman hos legen i Belgia, er Svein Gaute Hølestøl heilt klar på at dei var der.

– Me måtte senda blodprøvar heim til Antidoping Norge fleire gonger i året, og då måtte me bruka legar der me var. For meg blei det med det eine besøket hos denne legen, seier Hølestøl.

Til Procycling.no seier den tidlegare danske syklisten Brian Dalgaard Jensen at legen i byen Liège var kjent for doping.

– Ingen kom til denne legen om ein hadde vondt i ein finger eller var forkjøla.

I 2000 sette ein dansk TV-dokumentar søkelys på den belgiske dopinglegen. Her blei det offentleggjort at fleire danske lag hadde nytta legen, og allereie den gong blei namnet til Hølestøl og Kjærgaard nemnd.