– Det er folk som ikkje hugsar at dei har køyrt med meg, like etter me har vore på tur, seier Kåre Ekrene, leiar i autoriserte trafikkskolers landsforbund i Rogaland.
Han støttar derfor utspelet frå kommunelegen i Eigersund og Lund.
- Kva meiner du om eldre og førarkort? Diskuter nedst i artikkelen ...
– Personleg forhold mellom lege og pasient
Etter ein har runda 70 år må ein ha legeattest saman med førarkortet sitt. Og når ein har blitt 80 år får ein berre dette for eitt år om gongen.
Kvart år må ein altså inn til ny sjekk hos fastlegen for og få behalda førarkortet sitt.
Det er denne ordninga Bjarne Rosenblad meiner at ikkje er god nok:
– Problemet er at lege-pasient-forholdet er eit svært personleg forhold, som kan vera utvikla over mange år.
- Les òg:
- Les òg:
Han meiner at det derfor kan vera vanskeleg å ta frå pasientane retten til å køyra bil. Dessutan kan dei eldre også klara å skjula ein byrjande demenssjukdom:
– Mange eldre skjerpar seg ekstra når dei kjem til fastlegen, seier Rosenberg.
Han understrekar også at det er eit stort ansvar å fornya eit køyrekort, og at ein lege ikkje er ein utdanna køyrelærar:
– Når legen skal fornya førarkortet, opptrer han eigentleg også som sakkunnig på samfunnets vegar.
Kommunelege Bjarne Rosenblad i Eigersund og Lund vil ha obligatorisk køyreprøve med lærar for alle som er over 80 år.
Foto: Øystein Ellingsen / NRK– Eg likar best å sitja ved sida
Sigrun Høien frå Moi er i 80-åra, ho kjenner seg utrygg i trafikken, og køyrer lite sjølv.
– Det er sjeldan eg køyrer, eg likar best å sitja ved sida. Men eg har førarkort, og før i tida køyrde eg mykje, men til mindre ein køyrer jo verre blir det, seier ho.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Sjølv om ho kanskje ikkje er den sjåføren ho ein gong var, få ho lett fornya førarkortet hos fastlegen sin.
– Eg fornyar det kvart år. Dei sjekkar synet mitt og den slags, seier den eldre dama.
– Trur du ville klart ein førarprøve?
– Ja det trur eg, for eg køyrer av og til. Men berre her på Moi. Eg har Moi-sertifikat, seier ho og ler.
Gunvald Skånland har køyrt feilfritt i 61 år, og synest forslaget til Rosenblad er riktig:
– Eg kan godt ta ein køyretest. Det einaste er viss det blir mange felt i rundkøyringane, det er litt vanskeleg, men det går nok det òg, seier han.
Sigrun Høien likar seg best på passasjersida. Men kvart år går ho til fastlege for å fornya førarkortet sitt.
Foto: Øystein Ellingsen / NRKLes òg:
– Sansane blir svekka
Tonje Soldal er i gang med å ta førarkort. Ho meiner trafikken vil vera tryggare om eldre også må gjennom same køyreprøva som ho sjølv snart skal ta.
Foto: Øystein Ellingsen / NRKKommunelegen meiner at dei eldre bør ha ein køyreprøve sjølv om dei avgrensar køyringa si til heimkommunen.
– Det er like farleg å køyra eit barn ned til Moi, som det er å køyra eit barn ned til Stavanger, seier han.
– Det er betre å stoppa på toppen av køyrekarrieren enn å stoppa i grøfta, avsluttar den danske kommunelegen.
I andre enden av køyrekarrieren er Tonje Soldal. Ho er i gang med å ta førarkortet sitt på Moi, og meiner forslaget frå kommunelegen er fornuftig:
– Det er eit bra forslag, sansane blir jo litt svekka med åra, seier ho.
– Så når du blir 80 år vil du gå med på dette?
– Ja, det ville eg, seier ho.
Full støtte frå Pensjonistpartiet
Styremedlem i Rogaland Pensjonistparti og drosjesjåfør, Arne Johan Håland, ønskjer forslaget velkommen med opne armar.
Han går endåtil lenger og meiner at det burde vore krav om køyreprøve annakvart år for sjåførar heilt ned i 75 år.
Som yrkessjåfør i 50 år har han nemleg sett mykje i trafikken:
– Når ein ser på eldre som er ute å køyrar i dag, er det mange som aldri skulle hatt sertifikat, seier han.
Han seier han ikkje liker utviklinga med at kravet om legeattest frå neste år skal bli auka til 75 år med nye EU-reglar. Køyreprøve vil derfor vera eit fornuftig tiltak meiner han.