Hopp til innhold

Taxiselskap held stengt på natta fordi sjåførane føler seg utrygge: – Ikkje haldbart i det heile

Egersund Taxi kjenner seg ikkje trygge på at politiet kjem fort nok. Dalane skrik etter auka ressursar, samtidig som ti nye kontor blir opna rundt om i landet.

Egersund taxi slutter å kjøre på natt på grunn av politimangel

Egersund Taxi vil ikkje lenger køyre om natta. Dei tilsette kjenner seg ikkje trygge og meiner det ikkje er noka hjelp å få frå politiet.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi kjenner oss ikkje trygge, spesielt på natta. Det er inga hjelp å få frå politiet viss vi treng det.

Det seier styreleiar Espen Nilsen i Egersund Taxi. Han ønskjer ikkje å stå fram med bilete.

Han fortel at sjåførane kvar veke opplever ubehagelege hendingar.

Folk har vore redde og ikkje hatt lyst å køyre natt. No har sjåførane mykje lågare skuldrer.

Mangel på ressursar i det lokale politiet skaper frustrasjon og uro i Dalane. Egersund Taxi har no valt å halde stengt på natta med unntak av fredag og laurdag natt.

Årsaka er eskalerande kriminalitet og manglande nærvær frå politiet. Det seier Nilsen til Dalane Tidene, som skreiv om saka først.

I helgane er dei rundt tolv bilar på jobb. Då kan sjåførane ringje ein kollega viss dei treng hjelp.

I vekedagane er dei derimot berre éin sjåfør på natta. Dei opplever at politiet ofte ikkje er på plass før det har gått nærare ein time, viss situasjonar som krev bistand oppstår.

– Når vi har ringt dei og bede om hjelp den siste tida, har tilbakemeldinga vore at det ikkje er ledig politi på 30 til 60 minutt. Det er ein vanskeleg situasjon for vår del, seier Nilsen til avisa.

– Pengane har ikkje nådd Dalane

Bente Gro Slettebø, fylkestingskandidat i Rogaland og ordførarkandidat i Bjerkreim (Sp), reagerer kraftig på nyheita om Egersund Taxi.

Eg tenkjer at dette er dropen. Det er ikkje haldbart i det heile.

Bente Gro Slettebø, Rogaland Bondelag, Bjerkreim Bondelag
Foto: Gunnar Morsund / NRK

Saman med sentrale Sp-politikarar i Dalane slår ho no alarm om situasjonen.

Det kan ikkje vere slik at taxisentralen berre kan ha ope når dei er nok folk på jobb til å hjelpe kvarandre.

I førre veke vart det kjent at det skal opnast 10 nye politikontor i landet.

Les også Her hadde de 26 anmeldelser i hele fjor – nå får de eget politikontor

Åseral kommunestyre

– Nokon meiner det er for langt til næraste politistasjon, og at politiet er for lite til stades, sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) då nyheita vart presentert.

I Egersund må dei derimot klare seg med ressursane dei har. 6. september skal Mehl til Dalane på besøk, og då forventar Slettebø at statsråden kjem med ei løysing på politikrisa.

Regjeringa har jo løyvd pengar, men dei har ikkje nådd Dalane, seier ho.

Får desidert minst pengar

Per Anders Rosjorde, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Sør-Vest, stadfestar at politiet i Sør-Vest politidistrikt har fått for lite pengar til å halde oppe bemanninga.

Det er aldri kjekt å høyre at folk kjenner på ein redsel for at det tek lang tid før politiet kjem.

Per Anders Rosjorde, politiets fellesforbund sør vest

Per Anders Rosjorde, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Sør-Vest.

Foto: Privat

Han er derimot glad for at det ikkje blir opna nye politikontor i Sør-Vest.

Det hadde vore lurare å gi meir pengar til bemanning i politiet. Vi byrjar å stå i ei beredskapsutfordring.

Han påpeikar at Sør-Vest politidistrikt kjem dårlegast ut i landet når det gjeld midlar som blir delte ut av politidirektoratet.

Vi får desidert minst per innbyggjar i landet.

Siri Fisketjøn Indrebø, driftseiningsleiar for Jæren, Sandnes og Dalane, meiner bemanninga er tilfredsstillande.

Samtidig skulle ho gjerne hatt fleire ressursar til Sør-Vest politidistrikt og Egersund politistasjonsdistrikt.

– Ressursane blir fordelte ut frå tildelt budsjett. Fordeling av ressursar baserer seg mellom anna på oppdragsmengd og kriminalitetsbilete, og då er bemanninga tilfredsstillande i Dalane, seier ho.

Siri Fisketjøn Indrebø politi sørvest

Siri Fisketjøn Indrebø, driftseiningsleiar for Jæren, Sandnes og Dalane.

Foto: Erik Waage / Nrk

Ifølgje Indrebø er ingen saker meldt til politiet av drosjenæringa i Egersund.

– Denne problemstillinga vart vi først kjende med for nokre veker sidan. Men eg har stor forståing for det drosjenæringa beskriv, og vi tek det på største alvor.

Ho seier at akutte førespurnader må ringjast inn til 112.

– Meldinga kjem inn til operasjonssentralen til politiet. Her blir det gjort vurderingar, før ein patrulje blir send på oppdraget. Viss patruljen er ein annan plass, må ein rekne med at det tek noko tid.

Distriktet må bli sett

Ordførar Odd Stangeland (Ap) i Eigersund meiner at Dalane har komme dårleg ut av politireforma som førte til eit meir sentralisert politi.

Odd Stangeland, ordfører i egersund ap

Ordførar Odd Stangeland (Ap) i Eigersund.

Foto: Erik Waage / nrk

Det er ein situasjon vi ikkje kan leve med. Det er essensielt for alle å kunne gå i omgivnadene sine og vite at om noko skjer, så er politiet der.

No meiner han at det må gjerast noko ekstraordinært for å gjenopprette tryggleiken.

Slik at taxiane igjen kan vere eit tenestetilbod til innbyggjarane på nattetid.