Hopp til innhold

Politiet: Softgun mot drosje var truleg ein spøk

Laurdag kveld fyrte ein person i Egersund av eit skot mot ei drosje. Nå er han lauslaten. Den sikta er glad for at ingen blei skada, og politiet seier det truleg var ein spøk.

Drosje som ble beskutt i Egersund

Drosja som blei skote på i Egersund rundt klokka 21.30 laurdag kveld.

Foto: Leserfoto

Lauslatinga er det jourhavande politiadvokat ved politiet i Sør-Vest, Anne Mette Dale, som opplyser om måndag morgon.

Hendinga skjedde i et bustadområde laurdag rundt klokka 21.30. Rundt midnatt blei mannen som skaut, tatt av politiet. Han er i 40-åra.

Den som bestilte henting i Egersund, hadde sett seg inn i taxien i passasjersetet framme. Så skaut mannen mot drosja og knuste bakruta.

– Som ein dårleg spøk har det blitt fyrt av eit skot mot taxien som sto og venta, seier Siri Fisketjøn Indrebø.

Ho er driftsnestleiar for Jæren, Sandnes og Dalane og fungerande politistasjonssjef ved Egersund politistasjon.

Mannen er sett fri fordi det ikkje er fare for gjentaking eller at bevis blir øydelagt. Det er heller ingen fare for at han kjem til å rømme frå Egersund-området, ifølgje politiet.

– Han uttrykker stor anger

Ifølgje Fisketjøn Indrebø hadde det vore god stemning før drosja kom og skotet blei fyrt av.

Forsvararen til den sikta synest lauslatinga var riktig.

– Eg synest det er ei korrekt vurdering av politiet. Han set pris på at han får komme ut, seier forsvarar Vetle André Mitchell Jensen.

Den sikta erkjenner straffskuld, men han er glad det ikkje gjekk verre, seier Jensen.

– Han uttrykker stor anger for det som har skjedd. Han er veldig glad for at det ikkje var menneske som blei skada, seier han.

Inn i drosja

Slik så drosja ut inni etter skytinga laurdag. Ingen blei skada i hendinga.

Foto: Leserfoto

Mannen er kjent for politiet, men han blir for tida ikkje etterforska eller sonar for andre saker.

Han er sikta for grove truslar. Siktinga gjeld framleis, sjølv om han er lauslaten, opplyser politiet til NRK.

Politiet fann våpen

I huset drosja kom til, har politiet har gjort beslag av fleire våpen og gjenstandar.

Skotet blei truleg fyrt av med ein softgun. Tidlegare måndag sa politiadvokat Ann Bjørg Ingebrigtsen at det truleg var ein softgun, men ved 13-tida seier Fisketjøn Indrebø at dei er sikre.

– Det er gjort funn av plastkuler på staden, seier ho.

Søndag sa dei at dei trur våpenet har lågt skadepotensial.

I august bestemte Egersund taxi at dei skulle halde nattestengt i vekedagane. Årsaka var at dei følte seg hjelpelause og utrygge åleine på vakt.

Les også Taxiselskap held stengt på natta fordi sjåførane føler seg utrygge: – Ikkje haldbart i det heile

Egersund taxi slutter å kjøre på natt på grunn av politimangel